Det politiske utgangspunktet er enkelt beskrevet:
en uakseptabel situasjon og den generelle aksepten av samme situasjon.
– Arve Kleiva på det første folkebiblioteket, mars 2011

 

folkebiblioteket / andre serie går til teksten og tar tiden til hjelp.

Vi møtes på biblioteket og snakker om en poesibok sammen, to uker senere inviteres forfatteren til Oslo for å lese fra boken og diskutere den med oss.

Serien finner sted første semester hvert år fra 2016 til 2019. Hvert semester leser vi to bøker, tilsammen åtte i løpet av fire år.

 

Bok B: Antropocæn kreatur av Andreas Vermehren Holm.Vermehren Holm

tirsdag 19. april:

Nora Joung innleder til samtale

tirsdag 3. mai:

Andreas Vermehren Holm leser boken + samtale med forfatteren

Begge arrangementer starter kl 19.15 på Deichmanske bibliotek på Grünerløkka

Et utdrag fra boken kan hentes i skranken på biblioteket. Publikum oppfordres til å gjøre seg kjent med utdraget og/eller boken og delta i samtalen.

Victor Boy Lindholm om Antropocæn kreatur i Atlasmag.

Bok A var dit. dit. hään. av Johan Jönson.

folkebiblioteket / første serie pågikk fra mars 2011 til februar 2013.

 

folkebibliotekets faste lesegruppe: Adrian Waldenstrøm, Ane Nydal, Arve Kleiva, Morten Langeland, Nora Joung, Paal Bjelke Andersen, Stian Kristensen, Ylva Wærenskjold

folkebiblioteket / andre serie er støttet av Norsk kulturråd og Fritt Ord.

Kontakt: paalbjelke [at] gmail [dot] com

 

(…)

 

Andreas Vermehren Holm sin debutbok Antropocæn kreatur (H//O//F, 2015) opner med epigrafen «Enhver, der møder dig, kan slå dig i hjel». Livet er trua frå fyrste side. Snarare enn å bli til ein platt insistering på nokon opprinneleg naturtilstand, vert orda sine moglege samtidige konsekvensar fulgt opp gjennom den korte boka. Tekstane reiser utan opphald frå tillitsfulle turtelduar på Galapagos, fyrst gjort kjend av Darwin, til eit Mexico City kor born vert kledd nakne for å underhalde dei vaksne. Nokre sidar etter følgjer vakre fargebilete av utrydningstrua dyreartar, krølla saman og sidan kopiert opp, som var dyra allereie borte.

Holm syner ei uvanleg vilje til å plassere seg midt inn i dei mest prekære problemstillingane i samtida. Ulike formar for utnyttingsøkonomi og kollektiv ansvarsfråskriving er utsett for eit rasande og nærværande blikk som også tykkjast å falle på lesaren. Forfattaren insisterar på at me ikkje kan halde fram med øydeleggjinga av menneske, andre dyr og økosystem. Heller ikkje forfattaren er friteken

 

jeg har en følelse at at gå til spilde jeg har en følelse av at
det også er mig jeg har smagt blod og jeg kan stadig smage

 

Snarare enn å resignere, messar og manar diktareget til endring. Av språkbruk, av handling og tenkning, og heilt ned på molekylært nivå. Holm skriv seg inn i den korporale røynda til soldatar i krig og husdyr på veg til slakt i same setning og med same empati og indignasjon.

Reisa boka føretek, om ein slik metaforikk er gangbar, let seg betre forstå som ei reise i forsøk på å seie noko om vår tid, enn ei reise mellom separate tragediar. Å avskrive forsøket som katastrofeturisme i historia, ville vore å gå glipp av, og gi slipp på, denne prosaen sitt tvilande forsøk: Korleis ikkje lukke auga for det ein korkje kan eller vil leve med, men som ein veit? At grensa mellom mennesket og dets umenneskelegheit vert forvalta i språket, gjer at orda i denne boka freister å springe frå sine inndelingar, dei spring etter kvart av stad utan teiknsetjing, som ein ravande gal mann sin tale eller forkynnaren sin buldrande ordstraum.