Abonner på nettstedet via epost

Oppgi din epost-adresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via epost.


Vi anbefaler Blogg - twitterpoesi

Published on august 9th, 2013 | by Per Roger Sandvik

3

Sanntidspoesien på twitter

For alle som skriv er det langt kortare og lettare veg til publisering no enn for berre få år sidan. Det som tidlegare vart halde godt skjult inst i den djupaste skrivebordskuffa kan no leggjast ut fullt synleg  på ulike sosiale medium, til dømes poesi på twitter.

Twitterpoesi har vakse fram som eit eige omgrep, som ein særeigen skrivestil, ja nesten som ein heilt ny sjanger. Her publiserer både den etablerte forfattaren og lyrikaren in spe sine meir eller mindre poetiske korttekstar. Formatet tillet berre 140 teikn, så her er det å fatte seg kort og presist verkeleg ein krevjande kunst. Mange meistrar alt denne kunsten, og stadig fleire boltrar seg i twitters djupt alvorsame leikegrind. Det er lett å publisere, det er augeblinken som råder; det er poesi i sanntid.

Poeten Helge Torvund, med twitternamnet @2rvund, står bak meir enn 40 fysiske bøker. Han er også ein ivrig og aktiv twitterbrukar, og med sine godt over 10 000 følgjarar når han fram til mange med sine dikt og tankar. For Torvund er twitter ei slags offentleg notatbok, og han likar den direkte responsen frå lesarane og kommunikasjonen som oppstår med dei. Han ytrar mykje anna enn reine dikt på twitter, det same er tilfelle også for dei fleste andre twitterpoetane.

Nynorskpoesien står sterkt på twitter. Ei av dei mest omtykte nye røystene er Esther Moe, med twitteraliaset @estermoe. Ho er journalist og bruker mykje av si twittertid til kommentarar og diskusjonar, men mest og best av alt er ho poet:

«Nattas kvite overarmar. Draumens oransje lykt. Du treng ein sigarett og kjolen din er jazz mot peppermyntehimmelen.»

Esther Moe - blogg

 

Ei anna særmerkt og spanande røyst er @algroy (Marita Algrøy). Ho er eit godt døme på at twitter er ein stad der nye forfattarrøyster kan vekse fram og med kraft gjere seg gjeldande i det litterære landskapet:

«Det var vår og regnet var reinare, mørkret lysare og du kjærteikna andletet mitt; raude lepper, eit smil. Initialane dine heng enno.»

Marita Algrøy

 

Mange andre mål og røyster: twitterpoesien er sjølvsagt ikkje nynorske kvinnerøyster aleine. Mangfaldet er stort. Yttrykksformer, stil og kvalitet varierer veldig, og grensene for kva som kan kallast poesi er flytande i twitterformatet. Vi er i ei interessant brytingstid, men ein frodig hage med ville vekstar er det!

Ei tredje unik  røyst som står for gjennomgåande høg litterær kvalitet tilhøyrer @janinsor, Jan I. Sørensen. Han kjem med diktsamling i papirform til hausten. Her eitt av hans twitterdikt:

vi gikk kledd i tollekniv og seljefløyte

bak skjorta banket

en flokk gåsunger

 

 

 

 

Logg deg inn på twitter, start med desse forfattarane, følg deira følgjarar, spør etter andre poetar når du først er inne, og du vil finne mange gode små og store nyforfattarar som gir deg nye former for leseopplevingar. Og ikkje minst: skriv sjølv! Twitter er myldrestaden for poesi og anna litteratur. I sanntid.

 

Print Friendly

Tags: , , , ,


About the Author



3 Responses to Sanntidspoesien på twitter

  1. Pingback: Twitterpoesi med Håkonsen | Hakonzen.net

  2. Pingback: Twitter som litterær arena og språklig kamparena « Språk og tekst i sosiale medium

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back to Top ↑