Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Heidi Berg Bentele Intervjuer 18. juli 2014

Sommersnakk med Gaute M. Sortland

I sommer publiserer Deichmans litteraturblogg «Sommersnakk», en intervjurekke med ungdomsbokforfattere. Her forteller de om sommerplaner, gode sommerminner og lesefavoritter. God sommer! 

En av mine bokfavoritter fra 2013 er skrevet av Gaute M. Sortland: The Rise and Fall of Gøran Trovåg. Dette er hans første bok for ungdom, men forhåpentligvis ikke hans siste. Skal du lese en bok på nynorsk i år – kan du trygt lese denne. Og liker du den, liker du nok de to andre bøkene han har skrevet også. Sommer er lesetid, og jeg ønsker dere alle en opplevelse av at sommerferien er så lang at dere ikke merker at tiden går (sitat Gaute). God sommer!

Foto: Herborg Pedersen

Bøker:

«Det er som med mat, eg ønskjer å ete sunn mat som gir meining, sjølv om det jo nokre gonger fristar meir med ein hamburgar.»

Hvilke bøker anbefaler du andre å lese i sommer?
Det viktigaste er å lese. Gå på biblioteket og finn noko som ser rart ut. Eller gå på jakt i bokhyllene til foreldre og besteforeldre. Kanskje står det nokre støvete bøker der som kjem til gje deg opplevingar og tankar du aldri før har visst om! Prøv dei med styggast omslag først.

Leser du andre typer bøker om sommeren enn ellers?
Nei, eg gjer nok ikkje det. Som forfattar er eg alltid på jakt etter bøker eg kan ha bruk for på ein eller annan måte. Bøker som eg vil ha inni meg og bøker som kan gjere at eg får tankar eg kan bruke i mine eigne tekstar. Det er som med mat, eg ønskjer å ete sunn mat som gir meining, sjølv om det jo nokre gonger fristar meir med ein hamburgar.

Foretrekker du nettbrett eller fysisk bok om sommeren?
Alltid fysisk bok når eg kan. Alt arbeid skjer på ein skjerm så då er det fint å halde seg unna når ein kan.

Hva er ditt beste sommerminne?
Det må vera opplevinga av at sommarferien er så lang at opplevinga av at tida går, forsvinn. Når ein soldag glir over i neste og ein vaknar opp utan å bry seg med kva dag det er.

Har du et favorittsommersted?
Ja, eg likar meg godt på hytta. Det er ved sjøen og då kan alle bade, fiske, køyre båt og gjere det ein likar best. Og så har eg biene mine der, og er det noko eg elskar så er det å sjå på at biene flyg frå blome til blome og lagar sommarsmakande honning til deg, familien min og meg.

Hva er planene dine denne sommeren?
Denne sommaren skal kona mi og eg få eit barn til så det blir veldig spanande. Og det gjer at me ikkje tør å reise så langt. Fram til det skal me saman med dei andre to ungane våre kose oss mest mulig saman med familie på hytta.

Tar du helt ferie, eller blir det skriving også?
Heilt ferie tar eg nok ikkje. Heldigvis kjennest ikkje skrivinga heilt som ein jobb så eg kjem til å skrive jamt og trutt også i sommar.

Det viktigaste er å lese. Gå på biblioteket og finn noko som ser rart ut. Prøv dei med styggast omslag først.

Når kan vi vente neste bok fra deg? Og kanskje du vil røpe litt av innholdet?
Neste bok kjem allereie til vinteren og det blir ei vaksenbok denne gongen. Boka handlar om fotturar i landet vårt, men ikkje på ein kjedeleg måte. I denne boka så kan ein fottur like godt vere namnet på ein person som det er ein tur ein går på føtene sine. Ganske sprø greier med andre ord.

Én kommentar til “Sommersnakk med Gaute M. Sortland”

Det er stengt for kommentarer.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.