Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Ingela Nøding Anbefalinger 1. desember 2014

Fremtidens forfattere: Silje Ree

Les upubliserte dikt, kortprosa og fortellinger skrevet av fremtidens forfattere!

Hver mandag i desember kan du bli kjent med studentene ved Forfatterstudiet i Bø og deres tekster her på Deichmans litteraturblogg.

Kos deg!

 

Foto: Universal Image Group. Britannica Imagequest.

 

Først ut av dem vi har kalt «Fremtidens forfattere» er Silje Ree. Under kan du lese diktene hennes og helt nederst litt om Ree selv.



 

 

MMT267160Eg ser deg ikkje

men eg veit at du er der

me er ikkje på same stad

men me er saman

 

 

alltid

sjokolade i frysaren

det smaker best

aldri skal jordbæra stå ute

før etter middag

tomatane skal liggje på benken

som bananane

og breva

frå mor, då er det lettare å hugse

å ta seg av dei

i tide

 

*

 

å eta jordbær i mørket

er som å slå hjul i tåka

eller å hoppe under regnbogen

sova i graset

 

å stupe baklengs frå brygga

å gjera lekser på taket

å dagdraume på lageret

 

det er å eta eit kilo sjokolade på togstasjonen

å sjå månen i dagslys

dansa i blomsterbedet

 

strawberries

å eta jordbær i mørket er

å krype under skyene

å bli blenda av sjøen

som å eta brownie frå i går

 

å opne eit fullt kjøleskap

å eta middag heime

klatre i trea, men ikkje tørre å klatre ned igjen

 

det er å gå på skøyter i kjellaren

å synge om morgonen

drikker når du ikkje har lov

 

jordbær i mørket er

å padle i snøen

kviskre i sanden

 

det er yoga i regnet

å sykle med venner

å gå naken framføre vindauga

 

ei gong då eg var lita

fekk eg opne ein gåve

som ikkje var min

 

*barn spiser

 

Sommar på torget

 

sju små barn på ein benk

lyse små hovud

med matboks på fanget

riste, koste, klemme, klatre

dei fine fuglane vil og ha mat

men får ingenting

fingrar og ansikt

drikkeflaskar og gulrøter under dinglande føter

dei ropar til fuglane

gå vekk du å!

vekk, vekk

måsa få’kke mat

måsa e frekke

 

*

 

 

Kvardagsfilosofi

spørsmålet var

å vera eller å ikkje vera

no er spørsmålet

 

F.Masriera, Young Woman Relaxingå trena eller å ikkje trena

å eta sjokolade eller å eta sjokolade

 

før brukte folk tid på å filosofera

det gjer me ikkje lenger

me tenkjer ikkje

lenge

ikkje før me har sett oss ned

rasar alt saman

 


 


 

 

Bli kjent med forfatterstudent:

Silje Ree

siljeree

Silje Ree. Foto: Michelle Lundring Smith

Hvem er Silje Ree?

Jeg er 20 år, frå Bryne. Går Forfatterstudiet i Bø.

Hva drømmer du om å publisere?

Ein roman.

Hvilken litterær sjanger liker du best å skrive innenfor og hvorfor?

Eg liker best å skrive prosa, men syns og det er veldig kjekt med dikt. Det eg liker med prosa er at den kan romme så mykje forskjellig. Ein kan skrive alt frå kortprosa til romaner eller noveller.

 

 

 

 

 

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.