Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Katrine Judit Urke Intervjuer 8. mai 2016

Mitt første bokprosjekt: Selma Lønning Aarø

Fem år gammel skrev Selma Lønning Aarø sine første dikt. Henrik Wergelands skjebne var blant inspirasjonskildene. 

Tekst: Selma Lønning Aarø/Foto: Privat

Mitt første dikt hugsar eg veldig godt. Det var eit dikt til Wergeland. Mamma, som var norsklærar, hadde fortalt ganske tåredryppande om den unge diktaren som låg der og skulle døy medan våren og gyldenlakken blomstra utanfor vindauga hans.Wergeland_portrait

Historia må ha gjort eit enormt inntrykk, for det starta ein slags poetisk raptus. Diktet gjekk slik:

Til Wergeland

Du har gjort så mykje i ditt korte liv
du bretta deg saman som eit siv
i dødens mørke port

Eit par dagar etterpå venta eg utanfor ein butikk medan mor mi kjøpte garn.

Det var vår og solskinn og eg forsøkte å trakka på skuggen min medan eg venta. Det gjekk ikkje og som eit resultat av denne røynsla skreiv eg diktet «Skuggen»:

Eg går så utslitt på vegen 
eg skuggen min prøver å nå 
men skuggen den går for fort for meg
ingen kan skuggen sin nå

IMG_2672

Då eg nokre dagar etter dette igjen måla eit maleri som eg kalla «På gjengrodde stier» tok det heilt av. Mor mi vart raskt overtydd om at eg var eit stort geni som kom til å skriva dikt og illustrera dei sjølv. Eg trur ho tenkte at dersom eg kunne gjera dette i ein alder av fem, ville eg kunna utretta noko verkeleg stort og lyrisk i vaksne alder.

Vel, eg blei aldri lyrikar eller malar. Mor mi tok skikkeleg feil. Då eg i tenåra kom sterkt tilbake som masseprodusent av tekst til spalta «Mitt første kyss» i bladet Romantikk, var ho berre sånn passeleg interessert.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.