Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Wera Birgitte Holst Anbefalinger 18. desember 2016

Deichmans julekalender: 18. des.

Rigmor Farstad på Hovedbiblioteket anbefaler fagboka Vinterfugler av Lars Jonsson.

Då eg fann boka Vinterfugler i bibliotekhylla, tenkte eg straks at ja, denne skal på ønskelista! Lars Jonsson er forfattar og illustratør. Han skriv både ornitologfagleg og personleg. Dei vakre akvarellane og skissene av fuglane, med små detaljar innimellom, gir boka eit delikat preg. Vintervakkert.

Eg slo opp mine to absolutte favorittar innan fugleverda, og lærde nytt om geografiske variantar av spettmeis og om kvitringa hennar, alt etter humør. Boka er i utgangspunktet svensk, men tilpassa norske tilhøve. «Fuglene på brettet er natur. Din aller nærmeste natur», står det bak på boka. Gler meg til jula i godstolen, med denne boka i fanget og sikt til fuglemataren ute. (Min andre yndling på kvist er gjerdesmetten, berre så du veit).

I årets julekalender trekker vi ukjente bøker frem fra mørket. Hver dag i advent gir vi tips til nye leseopplevelser.

 

 

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.