Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Anniken Thorsen Intervjuer 4. august 2017

Sommersnakk med Anders Totland

Anders Totland har flere bokprosjekter på gang, og har derfor mer enn nok å jobbe med i sommer. Han er så heldig å bo på favorittsommerstedet sitt, så der skal han kose seg med familien. Det blir bading, grilling, lesing, research og skriving i skjønn forening. Blir sommeren lang nok, lurer vi …

Tekst: Anniken Thorsen/ Foto: Marius Knutsen/ Omslag: Cappelen Damm og Aschehoug

Hva skal du lese i sommer?
Eg jobbar med ei sakprosabok for ungdom, som etter planen kjem ut neste år. Ein del av lesinga i sommar blir difor research-arbeid, med historiske romanar og faktabøker om temaet eg jobbar med. Elles har eg ein ambisjon om å få lese Arv og miljø. Mest på grunn av tematikken i boka, men også fordi eg var på eit seminar med forfattaren tidlegare i år, der ho gjorde eit veldig godt inntrykk. Eg har også eit mål om å få lese fleire av bøkene til Bjørn Ingvaldsen i sommar. Han skriv både morosame og alvorlege bøker, som fortener eit stort publikum.

Bokomslaget til Arv og Miljø av Vigdis Hjorth

Hvilke bøker anbefaler du andre å lese i sommer?
Som ungdom blei eg fullstendig fanga av bøkene til Ragnar Hovland. Mange av bøkene hans er veldig fine bøker å lesa om sommaren. Det er lett stemning, sånn passe med spenning og ikkje altfor langt å lesa. Det er eigentleg litt rart. For i mange år var den største draumen min å skriva slik som Hovland. Men det var først då eg slapp den tanken, eg klarte å skriva noko som var godt nok til å bli bok. Men i alle fall: Hovland er bra. Les han!

Har du en favorittsommerbok?
Nei, eigentleg ikkje. Men Alt som teller av Ingrid Ovedie Volden er perfekt på stranda. Dessutan kjem ho ut med ny bok i haust, så det er berre å gle seg!

Leser du andre typer bøker om sommeren enn ellers?
Ja. Om sommaren har eg litt betre tid enn resten av året, og les gjerne litt tjukkare bøker enn elles. Gjerne den siste til Tom Egeland, eller anna spenningslitteratur.

Foretrekker du nettbrett eller fysisk bok om sommeren?
Eg likar best papirboka heile året.

Hva er ditt beste sommerminne?
Sommaren 2011 blei eldstejenta fødd. Ingenting kan måla seg med det (bortsett frå storebroren og veslesøstera sine fødslar, då, men dei kom om våren).

Bokomslaget til Alt som teller

Har du et favorittsommersted?
Eg er så heldig at eg bur på favorittsommarstaden min, på Valen i Kvinnherad kommune. Me har ganske stor hage, og har berre eit par minutt å gå ned til stranda. Dessutan har me tilgang til eit både båt og kajakk, så her manglar me ingenting om sommaren.

Hva er planene dine denne sommeren? Tar du helt ferie, eller blir det skriving også?
I sommar reiser me til Sverige saman med eine bror min og familien hans. Då skal me til Astrid Lindgrens verden. Det gler eg meg veldig til. Men sjølv om eg har tatt ein ganske lang sommarferie i år, kan eg ikkje ta heilt fri, sidan eg strengt tatt bør vera i mål med førsteutkastet til både ungdomsromanen og sakprosaboka eg jobbar med når redaktørane kjem på jobb igjen etter ferien. Men eg får gjera som eg pleier: Bada og grilla på dagtid, og skriva når ungane har lagt seg. Då får kona litt fred òg.

Når kan vi vente neste bok fra deg? Og kanskje du vil røpe litt av innholdet?
I august, trur eg. Då kjem den andre ungdomsromanen min, Så lenge ingen ser oss. Ein liten månad seinare kjem eg òg ut med ei kokebok, som har fått namnet Digg. Så kjem det vonleg eit par bøker til neste år, dersom alt går etter planen.

I år som i fjor publiserer Deichmans litteraturblogg «Sommersnakk», en intervjurekke med barne- og ungdomsbokforfattere. Hver fredag forteller de om sommerplaner, gode sommerminner og lesefavoritter. Kanskje får du noen gode lånetips? God sommer!

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.