Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Kirsti Bremer Fjær Tema 16. september 2014

Ein venn for dei sære

Doris Lessing sende boka inn under pseudonym og vart utruleg nok refusert av to forlag før det tredje sa ja. Jane Somers’ dagbøker har alltid vori ei av mine favorittbøker.

Foto: Wikimedia Commons og Bokelskere.no

Å lesa Jane Somers’ dagbøker. Bind en (1983) på nytt etter lang tid overbeviste meg om at det framleis er ei svært god bok, tankevekkjande og minst like aktuell som før.

Livet tar ei ny retning

janesomersJane, kalla Janna, er redaktør i eit velrenommert dameblad, da Maudie kjem inn i livet hennar. Maudie bur i nabolaget, og dei møtes første gong på eit apotek der Janna hjelper henne å tyda ein resept. Ho synest Maudie liknar ei heks og blir fylt av avsky og medkjensle første gong ho besøker henne.

Kva er plikt og kva er lyst i dette forholdet?

Maudie er over 90 år og har gitt opp å halda orden på leiligheita, vaska klede og seg sjøl. Alle luktene og skitten er vanskeleg å takla for den velkledda dama. Dette er ei heilt anna verd enn den Janna ferdes i. No ser ho brått alle dei gamle rundt seg som strevar med kvardagen sin. Folk trur Janna er «ein god nabo» som hjelper folk i offentleg regi, men både ho og Maudie vil at ho skal vera ein verkeleg venn.

Men lett er det ikkje:

Jeg la merke til den vanlige rekkefølgen av følelser i meg selv; følelsen av å være fanget, trangen til å unnslippe- og så selvfølgelig- skyldfølelse.

Doris Lessing skildrar dilemmaet til Janna så godt, vi kjenner oss igjen i dette å kvi seg for ansvar, det forstyrrar jo vårt bekymringsfrie liv. Som om ikkje dette er nok, blir ho involvert i eit par andre damers vanskelege liv. Kor altruistisk og sjøloppgjevande skal ein vera, tenkjer vi med Janna.

Janna og jobben hennar

Vi møter og Janna sitt liv på jobben (som ho har mindre og mindre tid til). Ho bekymrer seg for kollega Joyce som har problemer heime. Dette tykkjer eg er mindre interessant enn Janna sitt liv med dei gamle damene.  Synes dette er skildra med mindre innlevelse enn forholdet til Maudie.

Vennskap sett på ein enda større prøve

Da Maudie vert enda sjukare, og må på sjukehus, er det Janna som trer støttande til. Maudie, som kan vera sint og fornærma innimellom, er enda vanskelegare enn før, og Janna må tilmed høyre at ho er ein «godværsvenn». Ingenting kan vera meir feil, synest denne lesaren, som beundrar Janna sitt mot.

Forfattaren

Doris Lessing (1919-2013) har eit stort og variert forfattarskap bak seg. Nobelprisen i 2007 var det på høg tid at ho fekk. Ho har ein utruleg variasjon i temavalg, slik som rasisme, kvinnekamp og science fiction. Ho kan ikkje plasserast i bås.

Eg har lesi ganske mange av bøkene hennar, men for meg er første bind av Jane Somers dagbøker kanskje den beste.

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.