Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Katrine Judit Urke Anmeldelser 19. juni 2017

For mykje av det gode

Markus Lantto er ein (svensk) forfattar vi ikkje har maken til i Noreg. Eg vart likevel litt skuffa av Sjå han syklemen gler meg til neste bok. 

Tekst: Katrine Judit Urke/Foto: Per Kristian Nygård/Bokomslag: Samlaget

Markus Lantto debuterte i 2014 med korttekst-samlinga Bruken av gjedde. Boka er faktisk noko av det kulaste eg har lese og eg anbefaler ho på det varmaste til dei som likar dei underfundige, leikne og smarte bøkene til Kim Hiorthøy og Frøydis Sollid Simonsen og som kunne tenke seg ei slags blanding av desse.

Artig er det òg at Trondheim-buar og multikunstnar Lantto er svensk og vel å skrive bøkene sine på nynorsk. Med ein del hjelp frå forlaget, vel å merke; Gunstein Bakke er oppført som omsetjar.

9788252184686_20framside_d0e7d16a-c05c-4eb2-941d-db1c59726826_2048x2048Samanhengande korttekstar
I år kom altså Lanttos andre bok, Sjå han sykle. Medan Bruken av gjedde hadde den passande undertittelen «generell informasjon» er denne boka utgjeven som roman. Begge bøkene består av korte, absurde tekstar, men i årets bok får vi ei samanhengande historie: Markus Lantto, som hovudpersonen òg heiter, fortel frå eit hotell ein stad langt aust i verda der han har hamna etter å ha hoppa av frå eit reisefølge.

Ein viktig del av handlinga er dødsfallet til Markus’ far. Tittelen på boka handlar òg om faren: «Eg trur ikkje eingong eg vande meg til å sjå han sykle.» Elles hoppast det mykje fram og tilbake i tid, men presens er altså heile tida på dette hotellet.

Tunglest
Det eg liker så godt med første bok, er sjangerblandinga. Boka inneheld alt frå brev og kontaktannonsar til meir tradisjonell prosa, men enda meir liker eg blandinga i stemning og stil: Bruken av gjedde er absurd, komisk, sår og til og med fascinerande på eit reint fagleg nivå. Ikkje litteraturfagleg, men natur- og historiefagleg, jamfør samanlikninga med Frøydis Sollid Simonsen sine bøker som inneheld mykje biologi. Mykje av dette har Lantto tatt med seg vidare i Sjå han sykle, men eg oppdagar dessverre ganske fort at det ikkje fungerer like godt her.

Romanen inneheld for mykje fakta. Vi er stadig innom fagområde som geografi, geologi, historie og folklore.

9788252193138_2048x2048Romanen inneheld for mykje fakta. Vi er stadig innom fagområde som geografi, geologi, historie og folklore. Boka blir slik litt for tung i tematikken i tillegg til at mange framande namn og ord gir språket for mykje motstand. I staden for å la kuriosa krydre teksten blir det nesten motsett, at normalprosa krydrar ein elles tung tekst. Til og med «skrønene» er tungleste:

«Nei, Korpilombolus kom heim og innsåg at han ikkje hadde vore i India. Men han samla vennene kring seg på vertshuset Det Gylne Kjønnsorgan heime i Swinemünde, åt svartbrende vaflar med steikt enkeltbekkasin og einebær, og gjennom heitvinen la han ut om indianarane og kvinnene deira.»

Kvar for seg ville kapitla i Sjå han sykle vore fine tekstar, men det blir for mykje av det gode når nesten heile romanen er slik:

«Då kvalane gjekk ned i havet for sytti millionar år sidan, var det eit tomt rike dei kom til. Ingen var heime. Alt låg audt, og sikta under overflata var klar i fråværet av liv. Dei store rovdyra hadde gått dukken. Ikkje fleire panserhaiar, dei første fiskane som hadde utvikla kjevar og vore så tallause i innsjøar og hav. Fiskeøglene med sitt svarte lynne – adjø. Svaneøgla beit hovudet av ein kjevelaus fisk for siste gong.»

I tillegg får boka meg i blant til å føle meg litt dum; det er ofte vanskeleg å henge med på om Lantto skrøner eller fortel frå faktiske stader og hendingar

Makt over lesaren
Det blir som å delta i ein kunnskaps-maraton, og det er ikkje den opplevinga eg er ute etter når eg les romanar. I tillegg får boka meg i blant til å føle meg litt dum; det er ofte vanskeleg å henge med på om Lantto skrøner eller fortel frå faktiske stader og hendingar. Eit døme finn vi i ein passasje frå ein by som heiter Kyzyl og er hovudstaden i Tuva, ein republikk i Russland. Eg har googla meg fram til at dette er stader som finst i røynda. Vidare er det skildra eit artig fenomen i denne byen som eg derimot ikkje har funne ut om er oppdikta eller sant, nemleg at innbyggarane ein dag i året har vasskrig, alle saman, heile dagen:

«Sjølv vart eg skoten på av ein kar med vasspistol då eg skulle kjøpe ein halmhatt på en marknad. Då han snudde seg bort, lista eg meg fram og helte vatn ned i nakken på han, og dermed vart vi venner. Eg fekk til slutt vite at det er vasskrig ein dag kvart år i Kyzyl, og det sluma altså å vere nett denne dagen.»

Lantto har altså ei slags makt over meg som lesar. Han bestemmer, i større grad enn forfattarar brukar å gjere, kva som er sant og ikkje. Ekstra tydeleg blir dette når han bruker sitt eige namn på hovudpersonen. Dette er fascinerande, men også litt frustrerande då det blir for mykje av det.

Lantto har altså ei slags makt over meg som lesar, han bestemmer, i større grad enn forfattarar brukar å gjere, kva som er sant og ikkje. Ekstra tydeleg blir dette når han bruker sitt eige namn på hovudpersonen.

Markus-Lantto_1_2048x2048Skarpe observasjonar
Passasjane som omhandlar faren og dødsfallet skil seg ut frå dei tunge delane, då dei er ført i meir tradisjonell, narrativ prosa. Dessverre blir det for få av dei og romanen framstår som ubalansert. Eg synest heller ikkje desse delane er overveldande gode; Lantto fortel ikkje så mykje nytt med erfaringane til karakteren. Men det er sjølvsagt unntak, som denne skarpe og komiske observasjonen:

«Gardermoen 2. mai. Sov fem timar i natt, stod opp og åt ein altfor kraftig graut. På den andre sida treng eg no kanskje ikkje å kjøpe noko flyplasskostbart før eg mellomlandar på Arlanda. Går rett fram og ser ikkje på taxfreespriten og dei ekslusive arbandsura – ikkje eingong dei som blir selde med 30 % rabatt. Korleis er det å leve eit slikt liv? Tenk deg at du er ute og reiser, landar på ein random flyplass, kjøper eit gullglitrande armbandsur for mange tusen kroner og så går vidare. Ingenting har hendt, du har berre kjøpt ein tingest til å ha rundt handleddet, og den kostar det same som å leige ei leilegheit i eitt år.»

Og så legg Lantto i blant inn nokre slåande kontrastar, noko han også gjorde ein del i førsteboka, eit grep som kan minne om Kim Hiorthøys bok og som gir teksten ein sårheit. Eit døme er denne setninga som avsluttar avsnittet som er sitert ovanfor:

Og så legg Lantto i blant inn nokre slåande kontrastar, noko han også gjorde ein del i førsteboka, eit grep som kan minne om Kim Hiorthøys bok og som gir teksten ein sårheit.

«Eg kikkar på folk. Og pappa ligg og rallar på Kiruna sjukehus. Det er dit eg er på veg.»

No har eg «ralla», eller innvendt, ein del mot Markus Lanttos nyaste roman. Men eg gler meg til neste bok likevel. For vi har ingen andre slike i Noreg (no er han vel å merke svensk, då). Men eg håper neste bok blir meir lik den første, eller at den blir noko heilt anna – uansett er eg overtydd om at det fortsatt er mykje rart i hovudet hans som kan vere interessant for andre å sjå.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.