Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Kari Folvik Månedens bok 5. januar 2012

Månedens bok – arkiv: Why be happy when you could be normal? av Jeanette Winterson

Why_Be_Happy_When

“The Devil led us to the wrong crib…»

Dette sa adoptivmora til Jeanette når ho var sint på henne, og det var ho ofte.
Dette er sjølvbiografien til Jeanette Winterson, ei av dei beste britiske samtidsforfattarane eg veit om.
Det er ei fortelling om kjærleikslaus oppvekst, ei spanande historie om å finne den biologiske mora si, det er trist, opprørande, til tider tragikomisk, OG optimistisk!
Jeanette Winterson brakdebuterte i 1985 med romanen Oranges are not the only fruit (på norsk: Ikke bare appelsiner). Boka vart filmatisert og gjekk som BBC-serie med stor suksess.
Dei som har lest romanen og gir seg i kast med sjølvbiografien, vil kjenne igjen ein god del av stoffet i den første delen av boka.

Adoptivfamilien er pinsevener, mora er fanatisk og autoritær, faren er usynleg. I verkelegheita var tilhøva mykje verre enn i romanen. Jeanette var ofte svolten, ho vart ofte utestengt frå huset om natta, ho vart slått og faktisk trua på livet av Mrs. Winterson som hadde ein pistol.

I Why be happy when you could be normal ( som adoptivmora seier til Jeanette da ho fortalte at ho var forelska i ei jente ), seier forfattaren at «With Oranges I wrote a story I could live with. The other one was too painful. I could not survive it».

Men det er også mykje meir enn ei skildring av ein traurig oppvekst. Winterson skriv med stor humoristisk sans og klarer også å sette si eiga historie inn i ei historisk og kulturell samanheng.
Den første delen sluttar med at Jeanette reiser sin veg saman med kjærasten Vicky:

«Goodbye, Mum. She didnt answer. Not then. Not later. I never went back. I never saw her again».

Så kjem eit kapittel som Winterson kallar «Intermission» som ei overgang til del to. Ho «hoppar over» 25 år av livet sitt, men gir oss håp om at ho vil skrive om desse åra seinare.
I siste del av boka kjem barndomstraumene til syne og fører Jeanette inn i ein psykisk sjukdom som nesten tar livet av henne.
Ho finn adopsjonspapira sine i faren sine etterlatne ting og startar leitinga etter den biologiske mor si omtrent samtidig som ho møter psykoterapeuten Susie Orbach som blir den nye partnaren hennar.
Denne delen er svært spanande i tillegg til at det er så rørande; vil ho finne mora og kva vil det føre med seg?
Til trass for den på mange måtar forferdelege oppveksten, klarer Jeanette å få fram sympati også for adoptivforeldra, og forsonar seg med at det var slik det var.
Det er sjeldan at eg har vorte så berørt av ei bok som med denne, forhåpentlegvis vil ho bli omsett til norsk og da vil eg lese henne på nytt for å få med alle dei små nyansane.
I tillegg til det sjølvbiografiske er det veldig mange kloke refleksjonar her, til dømes om jakta vår på lykke, om gleda ved lesing (biblioteket var for ein stor del redninga hennar i mange år) og ho gir oss interessante blikk inn i arbeidarklasseliv i Manchester. Mangfaldige menneskeliv, livsglede, mot… ein blir styrka av å lesa denne boka!

Dei siste setningane: «Love. The difficult word. Where everything starts, where we always return. Love. Love`s lack. The possibility of love. I have no idea what happens next».

Omtalt av Kari Folvik

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.