Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Katrine Judit Urke Anmeldelser 10. mars 2016

Vond humor

Kjersti Rorgemoen gir oss ein heilt levande hovudperson som ein vil at skal få det godt. Men for at karakteren skal få det betre, må ho kanskje slutte å le av seg sjølv.

Tekst: Katrine Judit Urke/Foto: Helge Hansen

Eg elskar dette omslaget med makulerte papirer som ser ut som konfetti. Tittelen er òg utsøkt.

Eg elskar dette omslaget med makulerte papirer som ser ut som konfetti. Tittelen er òg utsøkt.

Tidlegare i år høyrde eg ein musikar seie at identifikasjon er kjenneteiknet på god kunst. Eg vart nokså forskrekka av utsegnet, tenk å i ein offentleg samanheng få seg til å seie at «god kunst er» framfor eit litt meir dempa «god kunst for meg er». Men denne påstanden var likevel det eg tenkte på då eg begynte å lese Håpet og festen og vart konfrontert med ein spontan og ubehageleg identifikasjon.

…ein spontan, ubehageleg og konfronterande identifikasjon.

«Har ikkje du budd der veldig lenge?»
Hovudpersonen i boka er ei 35 år gammal kvinne som bur på ein studenthybel sjølv om det er årevis sidan ho studerte – ho har enkelt og greitt ikkje blitt kasta ut:

«Eg bur på overtid på ein vindfull leigehybel. Eg forstår ikkje kvifor ingen har hive meg ut for lengst, det er eit hybelhus som er til for studentar. Og student har eg ikkje vore på fleire år. Det hender eg får spørsmålet Har ikkje du budd der veldig lenge? Då har eg alltid lyst til å svare Har ikkje du hatt det fjeset der veldig lenge?»

Kvinna arbeider i makuleringstenesta til Fretex som «ein konfliktsky mellomleiar for ein stab som mildt sagt er ustadig», ein jobb ho har fått ved hjelp av NAV som ikkje fann anna råd med «den ubrukelege utdanninga frå humaniora».

Kjersti RorgemoenAt ei kvinne med eit slikt liv bruker kvardagane på å makulere viktige dokument verkar litt klisjéprega. Og er dette heilt truverdig – finst det eigentleg så mange akademikarar i slike manuelle yrker samanlikna med kor mange slike tilfeller det er i litteraturen? Men uansett om ein kan kalle det ein urealistisk klisjé, er det effektfullt å gi hovedpersonen dette yrket.

Det blir nesten for mykje sjølvironi, litt som når ein overvektig standup-komikar for n-te gang gjer eit poeng ut av eigen fedme.

Når humoren blir for mørk
Som ein kan lese ut ifrå tekstutdraga ovanfor, er dette ein roman med mykje mørk humor. Hovudkarakteren er sjølvgranskande og veit veldig godt at livet hennar har stoppa opp. Men eg får ikkje alltid til å le. Det blir nesten for mykje sjølvironi, litt som når ein overvektig standup-komikar for n-te gang gjer eit poeng ut av eigen fedme. Det blir for sårt, eg får ein dårleg smak i munnen. Sjølv om dette er fiksjon, opplevast det som å få innblikk i noko svært privat. At romanen er skrive i eg-form bidrar nok òg til denne kjensla. Særskilt i tilfelle der hovudpersonen møter gamle kjende, merker eg at latteren set seg i halsen:

«Eg blei gåande og planlegge kompliment som kunne kome til å bli aktuelle. Bak eit vaskefilleaktig draperi møtte eg ein kjenning, ein kunstnar, som hadde tumla seg ut på byen første gong etter ein fødsel. Eg gratulerte og påpeikte at ho såg godt ut, og tenkte for meg sjølv at ho i tillegg verka litt perpleks. Eg drista meg til å spørje om det å skape eit kunstverk på noko vis kan samanliknast med det å føde ein unge. Ho sa at det kunne det slettes ikkje.»

Grammatikknerding og vakuum
Medan eg les håpar eg at det skal skje ei vending i hovudpersonens liv, at ho til dømes skal bli kasta ut av studenthybelen og bli tvinga til å finne ein annan stad å bu, men ho har nok ein del att å finne ut av innan den tid. Til dømes kan ho bruke tida på å løyse grammatiske gåter saman med romkameraten Ingolf, ei nerding som Rorgemoen har skrive inn på ein måte som kan minne om litteraturutgreiingane i Kristian Klaussens Mitt liv var et hett bibliotek.

Eg håpar hovudpersonen til slutt klarer å nerde seg ut av frustrasjonsvakuumet. For det er slik ho framstår for meg; Kjersti Rorgemoen har skrive fram eit ekte menneske eg vil at skal få det betre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.