Søk Meny Lukk
Lukk
Av: litteratur Anbefalinger 9. februar 2011

Italiensk litteratur

OmBarnaVetManIngenting

I dag hadde vi biblioteklønsj med Tommy Watz her på Hoved-Deichman. Han har vore oversettar av italiensk litteratur i snart 25 år, ein stor innsats! Han står for omsetjiinga av Nobelprisvinnarar som Albert Moravia og Dario Fo, men også mindre kjente namn som Giorgio  Bassani og Fleur Jaeggy. Han har også gjendikta Nanni Cagnone, Alda Merini og Dario Villa.

Den boka som har gjort størst inntrykk på meg av dei han har omsett er desidert «Om barna vet man ingenting» av Simona Vinci. Denne vesle boka på 160 sider er god og grusom. Boka startar med ei jente, Martina, som syng ute ved ein maisåker, vi aner at noko har skjedd, landskapet er så vakkert, ho står der og syng.

Så får vi historia om Mirko, Luca, Matteo og Greta… Forfattaren fortel med eit klårt og tilsynelatande enkelt språk, barna utforskar kropp og seksualitet i ein nedlagt låve, eit ikkje ukjent fenomen, men vi aner at dette kan ende i noko katastrofalt.

Kva som får dette til å skje får vi inga direkte forklåring på, vi må tenke sjølve. Og det kjem du til å gjera dersom du vågar deg på denne boka. Eg vil tru at boka egnar seg godt til ein lesesirkel også.
Spør oss gjerne om andre italienske forfattarar!

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.