Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Per Roger Sandvik Intervjuer 1. oktober 2013

Årets forfattarar: Ruth Lillegraven

Årets forfattarar er ein serie intervju med eit knippe forfattarar som alle kjem med bok i år. Første røyst ut er Ruth Lillegraven. Neste intervju, med Eline Lund Fjæren, kjem torsdag 3. oktober. Dei andre perlene på snora er Kjersti Annesdotter Skomsvold, Merethe Lindstrøm, Jon Fosse, Nils-Øivind Haagensen og Herbjørg Wassmo.

 

RUTH LILLEGRAVEN

«Det var litt som å kome heim for meg å skrive dikt etter å ha skrive roman.»

I den nye boka di, URD, skriv du «eg vev meg / eit tjukt trevlete / teppe av kranglar / og klager og krav / smular og støv». Kvar kjem orda dine frå og korleis vev du dei i hop til dine mange og flotte tekstteppe?

Nett dette diktet skildrar vel noko ganske konkret om kvardag i eit samliv. Skrivinga av eit dikt handlar om eit samspel mellom ein idé/ein tanke og ei slags intuitiv kjensle av rytmen i diktet etc. Når det gjeld samlinga som heilskap, hentar eg inspirasjon ulike stader. Kanskje først og fremst innanfrå meg sjølv, men også frå naturen, frå annan litteratur og kunst, frå menneske eg møter etc. Etter kvart som samlinga byrjar ta form, genererer den i seg sjølv nye dikt, det blir lettare å sjå kva som manglar i heilskapen, eit dikt kan bli til i forlenginga av eit anna etc.

Dei store linjene i URD er fødsel, liv, død. Komposisjonen synest mykje strammare enn i debutsamlinga di. Likevel er nyesamlinga på godt over hundre sider. Mellom desse to diktsamlingane har du skrive ein roman. Har det påverka skriveprosessen URD?

Begge diktsamlingane mine har vore over hundre sider, ja. Det har vel til dels gjerne med dikta å gjere, som er lange og forteljande, og med heilskapen eg har ønska dei skulle danne (noko eg har hatt klarare tankar om i denne boka enn i førre, er samd i at komposisjonen er mykje strammare denne gongen). Når det gjeld Urd skjønte eg etter kvart at den med litt ulik innfallsvinkel skulle fortelje historiene til to kvinner, Seselja og Cecilie, ja, til og med ”heile livshistoria” til Seselja. Det kravde litt plass, men samstundes forunderleg lite plass. Eg fortel vel om livet hennar frå vogge til grav på under 40 sider, det fascinerer meg å kunne teikne store portrett med få ord.  Men attende til spørsmålet: ja, eg vil absolutt tru arbeidet med å skrive Mellom oss har påverka prosessen med å skrive Urd på ein eller annan måte, men det er vanskeleg å seie akkurat korleis. Eg har kanskje fått ei auka forståing for forteljarteknikk og dramaturgi, eg veit ikkje.

Du har gitt ut seks bøker til no. Sidan 2011 heile fem, av dei tre for barn. Kva er det som driv forfattaren i deg stadig vidare, og kva er det som inspirerer deg aller mest?

Eg elskar å skrive, å dikte, laga historier og personar. Det er også fint å kunne prøve seg innan ulike sjangrar.  Den største drivkrafta, tillegg til tilbakemeldingar frå lesarane, er nok den store og intense gleda sjølve skriveprosessen gir.  I størst grad kjenner eg nok den når eg skriv dikt. Det var litt som å kome heim for meg å skrive dikt etter å ha skrive roman.

Du skriv bøker, du er eit bokmenneske, men som lesar av andre; kva bøker og forfattarar har betydd og betyr mykje for deg?

Eg endar alltid opp med å svare dei same to: Jon Fosse og Olav H. Hauge. Og det endå det er litt parodisk, eg er jo frå Hardanger som dei, men eg innbiller meg at det ikkje er difor, at det er noko ved det universelle og tidlause ved bøkene deira som tiltrekkjer meg så sterkt. Det går jo litt i bølgjer kven og kva ein les, men dei to er liksom der, uansett. Eg har hatt periodar der eg har lese mykje av til dømes Dag Solstad og Olav Duun. Eg elskar Alice Munroe sin prosa og Jonathan Franzens romanar.  Av nyare, norske romanar: har nett kost meg veldig med Jens M. Johanssons Bryllup og begravelser – den bør folk lese. Trude Marsteins roman av fjoråret, Hjem til meg, tykte eg også var fantastisk. Å lese Geir Gulliksen og Nils-Øivind Haagensen sin lyrikk var veldig frigjerande for meg i si tid: slik kan ein også skrive lyrikk.  Og folk som likar dikta mine burde prøve seg på Monica Isakstuens nydelege diktsamling Alltid nyheter frå et par år tilbake. No har eg lyst å lese mykje lyrikk framover, vil gjerne bli betre kjend med ein del kvinnelege lyrikarar sine forfattarskap – og også lese meir norrøn dikting. Men som sagt: Fosse og Hauge, dei vil nok alltid følgje meg.

Eg les meg til at røtene dine er viktige for deg. Du skriv fram treet ditt. Kva vert den neste greina på det treet?
Eg har byrja på ei ny diktsamling, der eg kanskje dreg ein del av elementa frå Urd endå lenger: prøve seie noko allmennmenneskeleg og universelt med historiane om vanlege menneske, leikar med det biografiske (ikkje det sjølvbiografiske) og det forteljande,  samstundes som eg freistar skape fullverdig  poesi. Klarar eg skape noko særeigent og litt annleis, er det flott, men det er ikkje eit mål i seg sjølv, eg må skrive ”slik det er naturleg for meg”. Det blir lite av meg og mine røter i denne samlinga, trur eg. Å utvikle meg vidare som forfattar er viktig for meg, som det sikkert er for dei fleste.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.