Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Ingela Nøding Intervjuer 21. januar 2014

Å lese høyt – virkelighetens «The Reader»

IMG_5252Benedicte Strand (28) har lest høyt for eldre på et sykehjem i et år, og skal begynne å lese for pasienter på Ullevål sykehus. Hvordan er det egentlig å være et leseombud?

Foto: Frank Michaelsen

Hvordan ble du leseombud?

Eg fekk fyrste gong idéen om å vere leseombud då eg var til stades på ei messe der fleire ulike organisasjonar som dreiv med frivillig arbeid av ulikt slag var samla. Eg fekk med meg et visitkort om «Bok til alle» og det å vere leseombud. Den gongen var eg opptatt med frivillig arbeid i Fransisksushjelpen, men tok allikevel kontakt med biblioteket.

 Eg kjøpte eit grønt kubbelys og ein lysestake. Tente lyset kvar gong, når alle tilhøyrarane var samla.

Dei sa at ordninga med leseombud hadde vore eit prosjekt som mange hadde synt stor interesse for, og at det på dette tidspunktet ikkje var nokon ved hovudbiblioteket Deichmanske i Oslo som hadde særskildt ansvar for det.

 

Tre år seinare fekk eg kontakt med Deichmanske på Røa etter ei runde med forespørselar til fleire avdelingar av Deichmanske i Oslo. Der var ein mann som heite Thor, han «tok meg under sine vengjer», møtte opp på Røa t-bane stasjon og lot meg vere deltakande observatør når han hadde lesestund for bebuarane ved Silurveien Sykehjem.

Han fekk oss med på allsong, las historier, dikt og fortalde. Det var lett å legge merke til den gode tonen  han hadde  med publikumet sitt.

 … eg vart med på Inspirasjonsdagen for leseombud i februar 2013. Der fekk eg stor nytte av erfaringingar og tips frå andre leseombud.

Hvordan var din første dag som leseombud?

Min fyrste dag som leseombud var i mars 2013 ved Grunerløkka Sykehjem.

Den blei veldig fin. Det trur eg skuldast Thors kunnskap og råd og fordi eg vart med på Inspirasjonsdagen for leseombud i februar 2013. Der fekk eg stor nytte av erfaringar og tips frå andre leseombud. Alt ifrå litteraturtips for ulike grupper og måtar å gjennomføre lesestunda, til korleis bli ein betre fortellar.

Eg kjøpte eit grønt kubbelys og ein lysestake. Tente lyset kvar gong, når alle tilhøyrarane var samla.  Den fyrste dagen las eg dikt, og eit kapittel frå boka Vedhandler’n på Grünerløkka av Per Erling Johnsen. Den blei godt mottatt og vi kosa oss veldig med den dei neste fem månadene, mellom anna fordi tilhøyrarane hadde mange gode minner knytta til bydel Grünerløkka. Vi prøvde oss på allsong, og det var så kjekt for oss alle at eg blei verande der to timar over tida. Men etter dette blei eg opptatt av å halde meg til tida. Hehe.

Hva er ditt sterkeste minne fra arbeidet så langt som leseombud?

Mitt sterkaste minne som leseombud er ein gong eg las diktet «Du må ikke sove» av  Arnulf Øverland. Det var stille under lesinga, og etterpå oppstod det ei stor stillheit og eit alvor som varte lenger enn vanleg. Vi måtte hente oss inn igjen på eit vis.

 Det var stille under lesinga, og etterpå oppstod det ei stor stillheit og eit alvor som varte lenger enn vanleg.

Hva pleier du å lese for lytterne dine?

hender.lesingEg plar å be lyttarane kome med ynskje om kva dei vil eg skal lese.

Ellers vel eg dikt av kjende og ukjende forfattarar. Eg får god hjelp av Mona Stub, ved Deichmanske på Grünerløkka, når det gjeld kva som kan vere interessant for ulike aldersgrupper. Det kan vere dikt, historier, bøker frå gamle dagar, biografiar, barnebøker, avsnitt frå lydbøker eller musikk som folk likar eller har likt tidligare.

Hva liker du best å lese høyt og hvorfor?

Det var eit vanskelig spørsmål, det har eg ikkje eit konkret svar på.

Når folk blir glade for det, likar eg å lese ord for dagen, andakter frå Trygg i dag, for eldre mennesker. Ellers kan det vere dikt som mange har eit sterkt forhold til.

Hva er vanskeligst ved å være leseombud?

At det kan vere vanskelig for personalet å møte leseombudet på ein hensynfull og respektfull måte ved visse høver.

Kan du utdype?

Fleire leseombud erfarer at personalet har det for travelt til å ta imot dei og vise dei rundt når dei kjem til instutisjonene, og for enkelte har dette betytt at dei til dømes har mått henta bebuarar ved instutisjonar frå roma deira til møterommet. Det har også hendt at leseombudet blir den som hjelper bebuarane tilbake til rommet. Etter lesestunda.

Dette er på generelt grunnlag. Personleg har eg erfart å få klem av enkelte i personalet fordi eg kom med tilbud til bebuarane og mange positive tilbakemeldingar. Så det varierer.

 Eg trur vi blir berika som menneskje av å dele det som betyr så mykje for oss, som dikt, musikk og bøker.

Hva er det beste ved å være leseombud?

Det beste ved å vere leseombud er at tilhøyrarane og leseombudet får dele dikt, bøker, fortellingar, songar og liknande med kvarandre i ei god og trygg ramme, der vi samlast for å ha det kjekt saman. Eg trur vi blir berika som menneskje av å dele det som betyr så mykje for oss, som dikt, musikk og bøker. Rett og slett fortellingar frå før og no som også kan hjelpe oss å skape ei meining i den tida vi lever i no. Vi knyttar venskapsband igjennom positive felles erfaringar.

Eg håper at andre som drøymer om å bli leseombud tek kontakt med sitt bibliotek og melder si interesse. Tvi, tvi til dei av dykk som vil prøve!

 

Har du også lyst til å bli leseombud? Møt opp på gratis inspirasjonsdag! PÅMELDINGSFRIST: 4. februar 2014!

Dato: Tirsdag 11. februar
Tid:    9.00-15.00
Sted: Fylkestingssalen, Scweigaardsgt. 4, Oslo (Galleriet/Bussterminalen)
Spørsmål og påmelding til Marthe Brekke Aske: marthe.brekke.aske@kul.oslo.kommune.no

Mer info, klikk her.

2 kommentarer til “Å lese høyt – virkelighetens «The Reader»”

  1. kari helland sier:

    Jeg har vært leseombud i ca. 4 år og synes godt om denne jobben. Er pensjonist ned ganske god tid.
    En annen pensjonist og jeg deler på oppgaven. Vi har alltid møtt velvilje og glede hos personalet og hos våre tilhørere. Vi har hatt god nytte av vårt bibliotek og fått mange gode tips derfra og hos andre leseombud.Leseombudene har møtt hverandre på biblioteket av og til til glede og nytte for alle.
    Jeg trekker meg tilbake nå, men vil anbefale andre til å lese høyt for de som ikke kan lese særlig selv.
    Vennlig hilsen Kari Helland

Det er stengt for kommentarer.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.