Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Anniken Thorsen Intervjuer 15. august 2014

Sommersnakk med Aina Basso

I sommer publiserer Deichmans litteraturblogg «Sommersnakk», en intervjurekke med ungdomsbokforfattere. Her forteller de om sommerplaner, gode sommerminner og lesefavoritter. God sommer!

Foto: Frank Michaelsen og Samlaget

Forrige gang vi snakket med Aina Basso var hun nervøs som nominert forfatter til Nordisk råds pris 2013. Denne gang har vi spurt den historiske romanforfatteren om hva hun gjør for å koble helt av.

Hva skal du lese i sommer?

I sommar skal eg lese mest mogleg, og noko har eg ikkje bestemt enno.
Det eg trur eg ganske sikkert skal lese er den færøyiske ungdomsboka Skriv i sanden av Marjun S. Kjelnæs, og neste lesesirkelbok, som er Elskeren av Marguerite Duras. Eg vil også lese litt krim og er ganske sikker på at det blir den nyaste historiske krimromanen til Kurt Aust, Stumme skrik. Eg har lese dei tidlegare bøkene i serien og det er veldig underhaldande litteratur frå Danmark-Noreg tidleg på 1700-talet.

skriv i sanden

Aina Basso er rimelig sikker på at hun skal lese denne boka i sommer. Den handler om ti ungdommer som opplever én og samme helg på ti ulike måter.

Og så har eg tenkt å besøke biblioteket for å sjå etter skattar der, det er alltid ei glede. Eg liker å ikkje vite kva eg skal lese på førehand, men er dessverre altfor glad i å planlegge.

Hvilke bøker anbefaler du andre å lese i sommer?

Ein fin sommarungdomsroman er Beina i gitaren av Sunniva Relling Berg, den likte eg veldig godt, sjølv om eg hadde lyst til å filleriste alle karakterane etter endt lesing. Den beste og mest underhaldande vaksenboka eg har lese i år, er Egenmäktigt förfarande: en roman om kärlek av svenske Lena Andersson. (Eller Rettstridig forføyning: en roman om kjærlighet, om ein vil ha det på norsk.)

Eg er også blitt begeistra for ein ny, norsk roman: Våke over dem som sover av Sigbjørn Skåden. Endeleg ein samtidsroman frå innsida av det samiske samfunnet! Veldig spennande og interessant bok, frå ein dyktig poet og forteljar.

Leser du andre typer bøker om sommeren enn ellers?

finnely

Til høsten kommer «Finne ly», Aina Bassos nyeste roman. I den møter vi romani-jenta Hanna som forelsker seg i Johannes på 1850-tallet.

Eg les iallfall meir krim! Elles i året går det mykje i samtidsromanar for unge og vaksne frå dei nordiske landa, men jul, påske og sommar må eg ha minst éin krimroman å kose meg med.

Foretrekker du nettbrett eller fysisk bok om sommeren?

Eg har enno ikkje lese ei bok på nettbrett, så det blir nok papir for min del. Men eg har i det siste byrja vurdere å få meg eit lesebrett, det verkar veldig praktisk å ha med på reise, og eg er svært fascinert av elektronisk blekk-teknologien. Det minner meg om noko frå Harry Potter.

Hva er ditt beste sommerminne?

Grilling på den vesle stranda rett nedanfor barndomsheimen min, med familie i alle aldrar. Logane frå bålet mot sommarnatthimmelen, ei slik sjeldan sommarnatt på Sunnmøre, når det ikkje regnar eller blæs, og er varmt nok til å sitje ute seint.

Har du et favorittsommersted?

Det er nok heimøya mi, Giske, sjølv om det ikkje akkurat er sydentemperaturar der. Det er noko med naturen der ute, dei lyse kveldane, det høge graset på markene, storspoven, lyset ute i havet, lyden av måsar og bårer som bryt mot stranda.

Hva er planene dine denne sommeren?

Eg skal reise heim til foreldra mine på Giske og elles farte litt rundt på Sunnmøre og besøke folk. Og så blir det vel litt ferie i Oslo på slutten. Utanlandsturen tek eg til hausten. Eg liker Noreg om sommaren.

Tar du helt ferie, eller blir det skriving også?

Det blir ferie først, så tippar eg det snik seg inn litt skriving etter kvart. Eg er sugen på å byrje på ny bok, det er ei herleg forventning i det, som å gle seg til jul. Berre synd at førjulstida alltid er best.

Når kan vi vente neste bok fra deg? Og kanskje du vil røpe litt av innholdet?

Eg kjem med ny bok i september og denne gongen blir det ein ny roman for vaksne med handling frå 1850. Boka skal heite Finne ly og tematiserer møtet mellom romanifolk og fastbuande nordmenn og kva fordomar og framandfrykt kan føre til. Samtidig er det ei kjærleikshistorie mellom Hanna, som er reisande, og Johannes, som er yngste son på garden der ho kjem for å søke teneste.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.