Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Ingela Nøding Intervjuer 11. september 2015

Den frivillige bibliotekaren

Hvordan lager man et bibliotek av en lyspære og noen gamle bøker?

Tekst: Ingela Nøding/Foto: Nordic School og Akam1k3

Kjendis- og TV-kokken Jamie Oliver fikk i sin tid økenavnet «The Naked Chef» fordi han strippet ned avanserte gourmet-retter og formidlet god mat på enkelt vis. Skulle man gitt et kallenavn på skolebibliotekarer rundt om i verden, kunne det blitt «The Naked Librarians». Skolebibliotek har gjerne engasjerte ansatte som ønsker å gjøre sitt beste for elevene, men er også kjent for å slite med lav bemanning, lite budsjett og gamle bøker.

Sveen-Lars-Petter_author_fullOg få ressurser krever knallhard prioritering. Forfatter og bibliotekar Lars Petter Sveen har satset på høytlesning for barna på biblioteket ved Nordic School i Dar es Salaam, Tanzania.

Du er bibliotekar, men har også opplevd stor suksess som forfatter. Spesielt etter fjorårets utgivelse av romanen Guds barn. Hvordan endte du opp på et bibliotek i Tanzania?

– Kona mi er sjef for Kirkens Nødhjelps kontor her i Dar es Salaam i Tanzania. For å prøve å finne litt meining i det å vere her, så sa eg til barnehagen til mellomste sonen min at eg kunne ta over biblioteket der.

«Det er blitt ein stad der barna kan ta med seg litteraturen ut for å takle verda.»

– Dette er ein barnehage som heiter The Nordic School in Tanzania. Den er for barn frå nordiske familier, og har tradisjonelt hatt eit ok bibliotek. Men dei siste åra har det nok blitt tatt litt dårleg vare på. Det blir brukt av barna kvar tirsdag, da les eg ein eller to bøker for alle barna. Dei kjem inn i grupper frå klokka 0930-1100. Etter eg har lest, så hjelp eg dei å låne bøker.

– Barna liker dette veldig godt! Alle foreldre har vore med på å få det til å bli ein stad der barna kan tre inn i den litterære verda. Eller, det er blitt ein stad der barna kan ta med seg litteraturen ut for å takle verda, tenkjer eg.

– Dette er frivillig arbeid frå mi side, eg får ikkje betalt på noko vis.

Nordicschool3

I mai i år ba Sveen andre bibliotekarer om formidlingstips på epostlista Biblioteknorge.no. Da beskrev han biblioteket han jobbet på slik: «Biblioteket er berre eit lite rom med ei lyspære i taket og hyller med gamle bøker frå Norge, Sverige og Danmark.»

Hvordan lager man et godt bibliotek av en lyspære og noen gamle bøker?

– Det er eit veldig godt spørsmål, og truleg finnes det mange gode svar. Eg håper eg er i ferd med å få det til no. Det første eg gjorde var å rydde. Og så bad eg barnehagen om å vaske rommet. Eg skifta ut lyspæra frå kaldt lys til varmt lys. Og så har eg tatt bort halvparten av dei gamle bøkene som stod der. Det er ikkje noko poeng å ha fullt av bøker ståande som ingen rører.

– Eg hugser frå utdanninga ein artikkel som gjorde eit sterkt inntrykk. Det var nokre forskarar som tok bøker ingen lånte, og sette dei med framsida ut. Utlånsfrekvensen på bøkene vart firedobla! Så eg prøver så godt eg kan å få bøker til å stå med framsida ut. Det blir rot og dårleg med plass, men eg passer på å rydde og fylle på med nye bøker mellom kvar gruppe som kjem inn.

– Eg har også fått inn ein del nye bøker, og det måtte til. Det var ein del bøker der, men veldig mykje gammalt, og veldig mykje i dårleg, dårleg stand. Foreningen !les ga meg to esker med bøker som eg fekk nokre frå den norske ambassaden til å frakte nedover (eg måtte køyre til Oslo vest ein sein sommarkveld for å levere to esker med bøker, som igjen vart pakka inn i ein container og sendt med fly til Tanzania – dei kom fram i går!). Og i sommar, før alle familiane drog heim på ferie, sette barnehagen ut esker i avdelingane der det stod at dei som ville donere bøker kunne gjere det her. Vi fekk inn ein del!

Beskriv en gjennomsnittsdag på biblioteket deres.

– No er det berre bibliotekdag på tirsdagar. Dersom barna vil opp dit ellers, er dei hjarteleg velkommen, men må ta med seg ein vaksen. Eg bruker å dra dit på tirsdag kl 0900, og prøver å rydde og ordne i alle bøkene. Så les eg gjennom bøkene eg skal lese høgt fra, slik at eg blir trygg på lesinga og veit kva for triks eg skal bruke.

«Det er noko vakkert å sitte og sjå barn i 2015 utan skjerm eller andre virkemiddel enn ei bok.»

– Klokka 0930 kjem dei minst barna, i to grupper på seks barn. Og etter dei kjem dei store barna, same tal. Når barna låner bøker, gir eg dei stempel på hendene. Dei liker dette så godt, at eg ofte ender med å gi dei åtte-ni stempel opp etter armane. Det ser ganske artig ut.

NordicSchool2

– Eg går og lurer på om eg skal invitere meg sjølv til eit foreldremøte for å fortelle litt om bøkene vi har. Og så lurte eg på om eg skulle lage ein After School-Activity med skolebarna. Men eg kom fram til at dette vil ta for mykje tid frå skrivinga mi, så no blir det berre med tirsdagslesinga og utlånet til barnehagebarna.

Du er som nevnt forfatter. Har du noen gode observasjoner eller episoder å dele fra møter med barna i biblioteket?

– Eg liker veldig godt å sjå barna bli slukt av bøker. Det er noko vakkert å sitte og sjå barn i 2015 utan skjerm eller andre virkemiddel enn ei bok, vere heilt trylla inn i ei historie eg les for dei. Det er berre ei kort stund, men dei blikka deira er som små lys i kvardagen.

«No tenkjer eg at den viktigaste ressursen er bibliotekaren og bøkene.»

Hva har denne jobben lært deg om bibliotek, barn og bøker?

– Den har lært meg at eg ikkje skal syte for mykje om ressursar. Eg har kanskje hatt ein tendens til å gjere det før når eg har uttalt meg om bibliotek. No tenkjer eg at den viktigaste ressursen er bibliotekaren og bøkene. Det er alt brukaren eller barna eigentleg treng. Og eg tenkjer at det er det som er styrken min som bibliotekar, det er dette som burde vere det eg har med meg frå utdanninga og yrket. At eg greier å organisere biblioteket og formidle bøkene ut til barna her. Når eg har få ressursar, så må eg vere kreativ.

Eg har som plan denne hausten å oppdatere bloggen min med kva eg gjer på biblioteket. Så får eg sjå om eg greier det eg har satt meg som mål.

Sjekk ut Sveens bibliotekblogg her:  http://nordiclibrary.bloggnorge.com/

Les vårt intervju med Lars Petter Sveen om suksessromanen Guds barn her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *