Søk Meny Lukk
Lukk
Av: litteratur Kommentarer 13. september 2015

Når bølgja kjem

Filmen «Bølgen» fløymer over norske kinoar om dagen. Let vi oss underhalde eller blir vi uroa?

Tekst og foto: Rigmor Dina Farstad

Ramnefjell! Smak på ordet. Det smakar grøss og gåter, strev og mørke. I sommar ferierte eg under Ramnefjell. Skummelt? Nei, det var det vakraste du kan tenkje deg. Snø på toppar. Brear og fossar, blå himmel og grønt vatn. Med denne utsikta kunne ein gløyme alt vanskeleg. Likevel, noko urovekkjande var det der. Opprivande historier. Rystande hendingar, som ikkje kan gløymast.

Vegen langs vatnet, inn gjennom vakre Lodalen, er smal og idyllisk. Inst inne låg det små bygder og fredelege gardar. Men Ramnefjell, som kastar sin skugge der, kunne drepe. I 1905 rasar fjellsblokker ut og ned i Lovatnet. Ei flodbølgje reiser seg og 61 menneskje mister livet. Berre 9 blir funne att. I 1936 hender det igjen. Denne gongen endå verre. Bølgja er over 70 meter høg og tek med seg 74 liv. 41 blir aldri funne.

Vi som lever i den moderne og teknologiske tida, tenkjer kanskje at no er vi trygge for naturkreftene?

Lær meir

Naturgeograf Karianne S. Lilleøren frå Institutt for geofag ved Universitetet i Oslo skulle vere den rette til å gi oss svar. Ho arbeider med kartleggjing av ustabile fjellparti og undersøkjer kva fysiske og klimatiske faktorar som kan føre til ras.

Møt ho på:

Forskerfrokost «MONSTERBØLGER – Katastrofer eller kontroll?»

Hovedbiblioteket

Laurdag 19. september

kl. 11.00.

Arrangementet har barn og unge (ca. åtte år og oppover med foreldre) som målgruppe. Bruk høvet til å ta med barna på noko spennande og lærerikt!

Les meir:

Nesdal, S. Lodalen – fager og fårleg. Norsk folkeminnelag 1983.

Bredvei, P. A. Siste brudeferd i Loendalen. Lunde 1970.

 

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.