Eit lite ferdaminne
Tekst: Katrine Judit Urke
6. april i år var det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. Språkpionéren, journalisten, målmannen, essayisten, sjangerfornyaren Vinje som eg brått innsåg at eg ikkje har lese noko av. Så då tok eg meg med Ferdaminne frå sumaren 1860 heim til Ålesund på påskeferie.
Ferdaminne er det første større verket som nokosinne er gitt ut på nynorsk. Boka handlar om ei reise frå Christiania til Trondheim der Vinje skulle få med seg kroninga av Karl XV. Forma skal variere frå forteljingar og meir essay-liknande reiseskildringar til dikt. Eg gler meg til å lese denne nasjonalskatten!
Slik eg forstår det tok Vinje nokre omvegar på reisa si og noko av det overlappar med togturen eg skal ta frå Åndalsnes til Oslo når eg skal ned igjen frå ferien. Derfor meiner eg at boka vil vere perfekt å lese på denne reisa.
Nynorsk er: Bra/Ikkje bra
Formiddagen før eg reiser sit kjærasten min og eg på kafé i lag og arbeider. Eg har med meg ordboka Med andre ord, eg er altså så avhengig av denne boka at eg drar ho med meg ut av huset sjølv om ho er nokså diger. Boka er ei synonymordbok som hjelp meg når eg ikkje finn ord på nynorsk som eg kan på bokmål. Kjærasten min har eit litt anna forhold til nynorsk så han synest vel eg er litt rar. Derfor hamnar dette på Instagram-storyen hans, men det står iallfall godt til med nynorsken:
Eimvogn, sotteseng og ovkar
Seinare denne påske-onsdagen reiser eg til Gardermoen for å fly opp til Ålesund. Men eg klarer visst ikkje å vente til togturen andre påskedag med å lese Vinje, eg tar ein titt i boka allereie på flyplassen. Og eg skjønnar nesten ingenting av det som står der.
Eg trudde eg var trygg. Nynorsk er morsmålet mitt, eg hadde nynorsk som hovudmål heile grunnskulen, så sjølv om eg brukar bokmålet minst like mykje, er det mitt næraste språk. Men ingen har lært meg ord som eimvogn, sotteseng eller ovkar. Nokre av orda er vel å merke forklart med «omsetjingar» i parentesar, men det er likevel tungt å lese, sjå berre her, dette er ei heilt tilfeldig valgt setning:
«Her nord igjenom denne Rennebudal er fagert, og bygdi er tjukk, men dei fleste gardane er alt bytte ut i so mange smålappar at det er husmenn den største mengd, og so ligg jordstykki på gamaldags vis om kvarandre med skigardar imillom, so eit folkeleg jordbruk ikkje er tenkjande på, om folk var komi so langt at dette elles var mogleg; men det var langt dit, for husstellet og alt i denne vene flatbygd var som i ei arm vestlandsk fjellbygd, svart og armt, og sjølv på ein av dei største gardar der eg låg, ein tingstad om eg ikkje misminnest, sjølv der var med mat og seng og husbunad som i ein avdal på Vestlandet.»
Hæ?
Vanskelegare enn bestefars nynorske bibel
Då eg kjem heim til foreldra mine tar eg den ultimate testen: Eg viser boka til mor mi. Mamma kan alle nynorske ord. Men alt på første side står det ord ikkje ein gong ho forstår. Ho konkluderer snart med at Ferdaminne er vanskelegare å lese enn hennar referanseverk i slike tilfelle, bestefars nynorske bibel frå 1930-talet. Eg bestemmer meg for å finne noko anna å lese mens eg ventar på motivasjon
Eg har òg med meg Agnes Ravatns Operasjon sjølvdisiplin oppover, «ei sjølvhjelpsbok for alle som ikkje kan fordra sjølvhjelpsbøker» så då får eg iallfall lese noko anna på nynorsk. Eg er svært begeistra for Ravatn sine essays og blei veldig glad då Stillstand nyleg blei kåra til ei av dei ti beste norske sakprosabøkene frå 2000 til no. Ravatn føles som ei veninne, eg trur vi tenker nokså likt, berre at ho er smartare og meir morosam enn meg.
I Operasjon sjølvdisiplin skriv Ravatn mellom anna om konsentrasjon og om å finne flyt. Her finn eg trøyst for at eg så fort la frå meg Vinje: «Og så det sentrale punktet: For å finne flyten må vanskegraden i arbeidet og eigenskapane dine matche kvarandre nokså perfekt. Arbeidet må vere utfordrande nok til at du ikkje kjedar deg, men ikkje så vanskeleg at det berre fører til frustrasjon.» Nettopp!
Så eg bestemmer meg for å berre gi opp heile Vinje-prosjektet mitt for no, eg. Eg har heldigvis Ravatn, ho skriv jo attpåtil essay slik som Vinje, og andre nynorsk-forfattarar å kose meg med, mykje takka vere Samlaget, som er Ravatn og Vinje sitt forlag, som òg har jubileum i år; nynorsk-forlaget fyller 150 år.
Så gratulerer med jubileum, både til Aasmund Olavsson Vinje og Samlaget. Eg er så glad for å kunne skrive nynorsk når eg har lyst til det!
*
Les også: Mitt liv med Agnes – omtale av Operasjon sjølvdisiplin