Søk Meny Lukk
Lukk
Av: victoriafk Intervjuer 4. desember 2018

– Store hendingar står ikkje avskjært frå resten av livet

I tegneserietegner Anja Dahle Øverbyes Bergen står livets små og store hendelser side om side. Vi har tatt en prat med henne om depresjonens apati og visuell historiefortelling.

Tekst: Victoria Kielland / Illustrasjoner: Utdrag fra Bergen, Jippi / Foto: Renate Madsen

Noen husker kanskje Anja Dahle Øverbye sin første tegneserieroman Hundedagar som kom i 2015 og ble kåret til Årets tegneserie. I år kom oppfølgeren Bergen. Den er på alle måter seig materie. Det er en fortelling om en tung depresjon, preget av ensomhet og selvskading, plassert midt mellom fuktige hus og glatte brostein i Bergen sentrum. Alt skildret gjennom Dahle Øverbye sin umiskjennelige strek.

Når man jobber i svart/hvitt (blyant og tusj) på den måten du gjør og jobber med depresjonen som tema, tenker jeg at det også må være lett å tenke symbolsk. Altså at depresjonen er svart og hvit, alt eller ingenting på en måte. Er det ikke da er en fare for å banalisere sykdommen? 

Ja, og det er ein balansegang på kva ein skal vise og ikkje vise. Det eg iallfall ikkje ville var å romantisere depresjonen, og det er og derfor eg viser den så seig og tiltakslaus. Eg viser og dei tinga som kan være representativt for depresjon for nokre; ein full oppvaskkum, for mykje alkohol, tilfeldig sex, å komme heim tidleg på morgonen og slenge frå seg skoa i gangen etter eit one-night-stand. Sjølvskading. Det er jo konkrete scener der Maria rispar seg på armane, men sjølvskading kjem i mange former. Å drikke for mykje og bli med tilfeldige menn heim kan jo og være ei form for sjølvskading for nokre. Noko som letter på trykket der og da, men på lengre sikt berre gjer alt verre.

Mange steder både i skjønn – og faglitteraturen kan man ofte lese beskrivelser av depresjon som et raseri som vendes innover. Basert på egne erfaringer opplever jeg det som en veldig treffende beskrivelse, gjelder det for Maria?

Depresjon oppfattes og oppfører seg veldig ulikt, og for mange kjem det som eit raseri innover, slik du nevner. Men dette er meir eit symptom, enn sjølve depresjonen, tenkjer eg. Maria opplever ikkje dette sinnet, men meir ein stille fortvilelse over den smerten ho ber på. For mange oppleves depresjon som ei sterk avmakt, og ei sterk kjensle av at ein ikkje er i stand til å endre sin eigen situasjon. Dette kan óg ofte føre til eit sinne, slik du nevner, og ein veldig skremmande følelse av at dette aldri kjem til å gå over.

Depresjon er smertefullt, og då er det veldig individuelt kva slags mestringsstrategiar ein tyr til. Sinne kan være ein av dei. Eit av symptoma på depresjon er ofte at ein blir overmanna av heilt dagligdagse gjeremål, og dette ser me hjå Maria. Å levere ein film på videokiosken eller ta oppvasken blir for ho heilt uoverkommeleg. Så hjå Maria kjem nok depresjonen meir fram som ein slags apati enn eit raseri. Når me treff ho, så har depresjonen blitt så tung at ho går til legen. Men me får ikkje vite kor lenge ho har bært på denne kjensla, eller om det har skjedd noko konkret i forkant av legebesøket. Eg tenkjer at det ikkje er ei konkret episode som er årsaka til legebesøket, men ei snikande smerte og avmakt som har kommet over tid, og kanskje først no har blitt så uholdbar at ho ikkje orkar gå med det lenger.

Så hvordan forteller man en historie som er så full av avmakt, håpløshet og smerte? Må en historie om depresjon innta depresjonens form?

Dette er jo ikkje ei historie med ein klar narrativ, slik ein ser i klassisk historiefortelling. Lesaren blir meir ein slags observatør til dette mørke og seige som er i depresjonens natur. Historia har ikkje ei klar årsak/virkning eller ein tydeleg slutt. Nokre har syntes dette var litt vanskelig, og har uttrykt eit ønske om å høyre årsaka til Maria sine problem. Dette kjem jo ikkje fram i historia. Men det er akkurat slik depresjon kan arte seg; det kan komme snikande utan at ein sjølv veit årsaka. Eller det kan være fleire underliggande årsakar som sakte akkumulerer i ein depresjon fleire år seinare. Eller det kan være ein kjemisk ubalanse i hjernen. Det var litt dette eg ville formidle med historia. Mange har spurt kvifor Maria er deprimert, men eg håpar at ein kan ha utbytte av å lese historia utan å vite ei konkret årsak. At ein heller berre observerer dette året i Maria sitt liv utan å måtte få alle svara. Verken om kva som har skjedd før, eller kva som skjer etterpå. Så slik inntar historia depresjonens form. Ein er berre tilstede i eit mørkre prega av ein slags stillstand.

Her kan du låne alle bøkene til Anja Dahle Øverbye

Anja Dahle Øverbye. Foto: Renate MadsenDette mørket er både symbolsk og helt konkret. Og fortellingen pendler mellom hva språket kan si med ord i dialogen, og hva bare tegningene klarer å vise oss uten en eneste snakkeboble. Det er som om det ukonsentrerte deprimerte blikket velger å fokusere på ting og situasjoner «som ikke betyr noe». Filmatisk nesten. Hvordan har du jobbet med utvalget av scener?

Det er akkurat dette eg synes er veldig spanande med teikneserier; å kunne jobbe med scener og sekvensar, og å kunne styre blikket, tempoet og stemninga i historia. Ved å vise både det som er avgjerande i handlinga sidestilt med meir ubetydelige motiv, prøver eg å vise dagleglivet slik det ofte framstår. Dei avgjerande hendingane i liva våre glir ofte inn i det dagligdagse, og store hendingar står ikkje avskjært frå resten av livet. Det er derfor eg ofte velgjer å vise dagligdagse scener, bakgrunnsinteriør eller eit motiv frå ein anna vinkel enn kva me forventar. Eg beskjær ofte motiva for å sjå dei frå ein ny ståstad. Det er jo gjerne slik livet ser ut?

Eg velgjer og å supplere viktige dialogar med scener frå H&M eller at karakterane ser på Ungkaren. Eg vonar at dette gjer dei meir mennesklege og lettare å kjenne seg att i. Dette er og eit grep for at det skal bli meir interessant for lesaren visuelt sett. At dialog ikkje skjer som ei avskjert hending, men at me har noko visuelt som skjer i tillegg. Det kan være noko så enkelt som at dei tenner seg ein sigarett eller går ein tur.

Sammen med Ingrid Brubaker har Dahle Øverbye etablert forlaget Blokk som fokuserer på tegneserier, fanziner og artist books. Byrjing, Blokks første antologi og Øverbyes utgivelser kan du låne hos oss!

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.