Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Nora Nordskar Hoel Intervjuer 11. januar 2019

Små bøker til ettertanke

Hva kan en ny, norsk pamflett-serie tilføre samfunnsdebatten? Sakelige debatter og rom for ettertanke mener forlagsredaktøren Litteraturbloggen har snakket med.

Tekst:  Nora Nordskar Hoel / Foto: Det norske Samlaget

Vi hører stadig at oppmerksomheten vår blir kortere og evnen til å fordype oss svekkes. Kan det være noe av grunnen til suksessen for de tynne pamflettene til Det norske Samlaget? Er det de sterke, personlige erfaringere fra vår samtid som engasjerer? Eller kanskje er det de brennhete temaene som får folk til å plukke dem opp? Uansett hva det skyldes, pamfletten er tilbake og folk leser. Vi har tatt en prat med Therese Tungen, en av to redaktører (den andre er Cecilie Seiness) som har jobbet med prosjektet Norsk røyndom som bringer engasjement og politikk til mange lesere.

2018 viste seg å bli året pamflettene returnerte, i stor grad drevet av Samlagets satsning Norsk røyndom. Hva var det som satte i gang denne idéen hos dere?

– Heilt konkret vart vi i sakprosaredaksjonen inspirert av ein pamflettserie gitt ut av danske Gyldendal etter at vi var på besøk til dei for eit par år sidan. Den serien er meir akademisk  og heiter Til tiden, men vi likte lengda og formatet. Vi ville ha bøker som er lett tilgjengelege, som det ikkje tek lang tid å lese, men som likevel har substans, gode analyser og lengre resonnement. Og vi ville at bøkene skulle handle om noko forfattarane sjølve syntest var viktig å fortelje om, ei side ved vår norske røyndom som fleire burde kjenne til. Etter at vi fann fram til det romslege omgrepet «norsk røyndom», var det neste å finne ut kven vi ville skulle skrive i serien. Dei aller fleste som er blitt spurt har sagt ja, og også for forfattarane trur vi det har vore givande å arbeide i eit litt kortare format.

Vi lever i et samfunn der mye av den politiske samtalen foregår på nettet, i ytringer, blogginnlegg og twittertråder. Hvorfor er det fremdeles viktig å utgi politiske tekster som dette på papir?

– Vi har stor tru på papirboka og den roa og refleksjonen som kjem av å lese ein tekst mellom to permar. Det er gjerne kort veg frå tanke til ord på mange av nettforuma, og argument blir raskt plukka frå kvarandre og diskusjonane hissige. Fleire av forfattarane har vore veldig aktive i debattar på nettet, i saker som handlar om seksualitet, hudfarge, innvandring og å kjenne seg annleis på ulike måter. Kristin Fridtun granskar i boka si den norske homotoleransen. Noreg tevlar med andre vestlege statar om å vera det mest homotolerante landet i verda. Men kva går homotoleransen ut på? Bjørn Hatterud skriv om korleis det er å leve med funksjonshemmingar og å ikkje passa inn på noko vis. Camara Lundestad Joof skriv om korleis den gjentakande kvardagsrasismen et seg fast i tankane hennar og kva det gjer med korleis ho ser på seg sjølv.

I røyndom-bøkene har forfattarane uforstyrra og usensurert fått framføre lengre resonnement som så er blitt lest og diskutert, både på nettet og ute i verkelegheita. Vi meiner bokformen gir meir rom for ettertanke og saklege debattar enn mange av nettdiskusjonane. Ein ting som har gledd meg spesielt i mottakinga av bøkene er korleis dei har rørt ved folk og blitt brukt i så mange ulike samanhengar, frå debattinnlegg om rasisme, asylpolitikk, homosak, til diskusjonar om kor sakprosaen er på veg.

Her kan du låne alle bøkene i Norsk røyndom

Hva ønsker du at disse utgivelsene skal bidra med?

– Vi kan jo håpe at dei får fleire til å lese sakprosa, dørstokken blir ikkje så høg når bøkene er så korte. At dei i tillegg er personlege, godt skrivne og brennande engasjerte hjelper også. Eg håper dei når fram til dei som kjenner seg igjen, og dei som gjennom bøkene får innblikk i nye sider ved det norske samfunnet.

Hittil har det kommet sju titler i serien, av ulike skribenter med ulik bakgrunn. Hva er dere opptatt av når dere inviterer folk til å skrive?

– Vi har ønskt oss eit stort mangfald, nettopp for å vise samfunnet frå ulike sider. Korleis er det å vere homofil, korleis er det å vere kristen etter å ha mista eit barn, korleis er det å komme hit som flyktning, kvifor er matbutikkane våre som dei er? Fleire av forfattarane har ikkje skrive bok før, og vi har vore på leiting etter gode stemmer, gjerne dei som har andre historier å fortelja enn dei vi er blitt fortalte før.

Det personlege engasjementet gir stor kraft til tekstane. Skribentane investerer så mykje i det dei skriv om, det pregar teksten, det kjem gjennom når dei snakkar om boka, og lesaren merker det. Mange av tekstane er djupt personlege, andre er meir saksorienterte. Vi ønskjer begge delar velkomne, både i denne serien og elles.

Hvordan har pamflettene blitt tatt imot?

– Bøkene har fått mykje merksemd, meir enn vi hadde venta. Kvar av forfattarane har kome til orde i mange ulike samanhengar, og dei når jo også ut til svært ulike grupper ut frå kven dei er, kva nettverk dei har og kva tema dei skriv om. Bøkene har fått mange særs gode meldingar, og har fått stor merksemd i i aviser og radio. Det har vore inspirerande å sjå korleis desse bøkene når ut og skapar engasjement.

Er det noen temaer dere gjerne vil gi ut bøker om men som er vanskelig å få til, eller kan alt behandles i dette formatet? Hvorfor er det i så fall vanskelig?

– Svært mykje kan vel behandlast i dette formatet, så lenge det handlar om den tida og samfunnet vi lever i, også store, komplekse tema. Vi skulle gjerne hatt fleire bøker som tek for seg samfunnet sett frå arbeidarklassa, både i serien og elles. Elles er det jo nok brennbare tema å ta av. Den viktigaste føresetnaden er nok at historia eller tematikken eignar seg i eit kort format.

Hva kan vi forvente fremover fra Norsk røyndom?

– Vi gir ut nokre fleire titlar neste haust. Kor mange det blir er ikkje heilt klart endå, men vi veit at det kjem bøker om foreldreskap og morskap, om avfolking av bygda og truleg også om ytringsfridom og sensur.

Det norske Samlaget er ikke de eneste som har sluppet pamfletter den siste tida Spartacus gav ut Anne Bitsch sin bok Brev til en ufødt datter høsten 2018, forlaget Manifest har i flere år utgitt politiske pamfletter og Gyldendal har blant annet gitt ut to titler av Chimamanda Ngozi Adichie i det korte formatet. Med andre ord, pamfletten lever!

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.