Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Katrine Judit Urke Kommentarer 10. mars 2019

Forsøk på å utvide eigen lesarkompetanse

Eg er ein trufast lesar av skjønnlitteratur. Altså: Eg les kun skjønnlitteratur. Men no trur eg eg har fått sansen for essay. Bli med meg på vandring, så skal vi sjå om vi kan finne ut av kvifor.

Tekst og foto: Katrine Judit Urke

Prioriteringane mine har berre blitt slik, utan at eg har reflektert noko særleg over det; eg les skjønnlitterær prosa, det er vel det eg har kjent meg best på. For ein får jo meistringskjensle av å lese, som av alt anna. Nokre er trente på å lese fag eller barnelitteratur mens andre er gode på skjønnlitteratur. Så då har eg vel fortsett med det som er tryggast, kanskje? Eller har eg kanskje hatt det føre meg at skjønnlitteraturen er den einaste ekte litteraturen, at det kun er i diktninga den ordentlege kunsten oppstår?

Det hende likevel ein dag at eg fann fram Agnes Ravatns første essay-samling, Stillstand, sjølv om eg ikkje vart noko begeistra over romanen hennar, Fugletribunalet, som eg hadde prøvd meg på eit år tidlegare. Eg hugsar ikkje kvifor eg bestemte meg for å lese ei sakprosabok av ein forfattar eg ikkje hadde likt boka til, kanskje var det nokon som anbefalte meg ho (takk, i så fall!), eller var det kanskje etter at eg høyrde ein podkast? Uansett: Stillstand var noko av det artigste eg har lese. Så då er det jo berre å kaste seg over meir Ravatn.

Etter kvart begynner eg å fundere over kvifor eg likar desse tekstane så godt. Eg kjenner meg så innmari igjen i dei at eg får ei skilt ved fødselen-kjensle, berre at Ravatn er smartare og dermed litt morosamare enn meg, då. Men er det slik at alle som likar bøkene hennar, og det er jo mange, føler at dei er henne? Kanskje det. Til og med kjærasten min har blitt så sjarmert av ho at han, då vi var på tur, nesten stjal Stoisk uro frå meg slik at vi måtte lese med kvart vårt bokmerke.

Men akkurat dette med Ravatn har eg skrive om før, dessutan er ho kollegaen min i avisa Dag og Tid, så det blir litt rotete av meg å skryte meir av ho.

Så då går vi vidare, i kjent essay-stil; vi er vel fleire som hugsar frå skulen at dette med å vandre i emnet er eit sjangertrekk for essayet. Essay tyder forsøk, og ein skal forsøke å kome fram til eitt eller anna, ikkje nødvendigvis ein konklusjon, men iallfall ei utviding av tankane ved hjelp av vandringa.

Ei nesten magisk kjensle

Eg tar forresten ein springetur i staden for å vandre: Den siste boka eg fullførte var Haruki Murakamis Hva jeg snakker om når jeg snakker om løping. Eg fekk ho anbefalt av ein ekte litterat som heiter Pål (takk!). Tidlegare har eg lese Kafka på stranden av Murakami, og den boka var den største litterære skuffelsen i mitt liv. Men på same måte som i tilfellet Ravatn, opplever eg altså her å like ei sakprosabok av ein forfattar eg har blitt skuffa av tidlegare. Det kan bli artig og sjå på sikt om dette gjeld fleire!

Den største grunnen til at eg likar løpe-boka til Murakami er at eg får oppleve av å kjenne meg igjen i ein av verdas største forfattarar. Han, som blir rekna som Nobelpris-kandidat, er ein usikker og sosialt forsiktig type som treng å vere mykje for seg sjølv og springe og skrive – akkurat som meg! Og kanskje akkurat som deg?

Etter endt Murakami-lesning nærmar eg meg ei slags kjerne, trur eg: Eg opplever dette med å lese essay som så sterkt når forfattaren er skikkeleg ærleg. Når vi kjem heilt innpå dei, dei viser sine svake sider og lar oss få flire av dei saman med dei. Eg får ei nesten magisk kjensle av å ikkje vere åleine i alt det rare eg går rundt og tenker på.

Og det blir noko anna når ein veit at dette er verkelege tankar, «lesarkontrakten» for all sakprosa er slik at vi skal kunne stole på at det ikkje er oppdikta, at det ikkje er lagt i munnen på ein fiktiv karakter.

I dei tilfella eg har sett essay stå på ei eiga hylle i biblioteket, har dei vore ganske få og støvete. Og eg trur ikkje det er slik fordi kjempemange av bøkene som tilhøyrer hylla er utlånt. Dette må eg gjere noko med! Eg trur essay kan treffe mange, både dei typiske sakprosa-lånarane og dei som vil ha noko lett og humoristisk. Så kva finst av essay, og kva bør vi ha i hyllene? Kvar skal eg begynne? Eg sende spørsmålet vidare til Facebook:

Her er liste over tipsa eg fekk:

Siri Hustvedt: A Plea for Eros (norsk tittel: En bønn for Eros)

Zadie Smith

PER PETTERSON: MÅNEN OVER PORTEN! (eg lar det stå slik, med Caps lock og utropsteikn, fordi det var slik det vart skrive. Høg temperatur i kommentarane, altså!)

Lydia Davis!!!! Hun fortjener fire utropstegn (høg temperatur her òg, ja.)
Thure Erik Lund: Forgreininger

Virginia Woolf: A Room of One’s Own (norsk tittel: Et eget rom)

Agnes Ravatn! Men det har du kanskje allerede runda? (jau, det har eg! Nesten)

George Orwell

Hunter Thompson

Stig Sæterbakken

Joan Didion

Rebecca Solnit: Menn forklarer meg ting 

Michel de Montaigne (essayets far, ja!)

Jens Bjørneboe: Politi og anarki (han som anbefalte denne er politi sjølv)

Geir Gulliksen: Kan vi gjøre det igjen

Vigdis Hjorth: Fryd og fare

Maggie Nelson: Argonautene 

Jonathan Franzen: Å være alene 

**

Sjølv likte eg forresten godt Camara Lundestad Joofs Eg snakkar om det heile tida

God lesning!

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.