Søk Meny Lukk
Lukk
Foto: Paal Audestad
Av: Marte Storbråten Ytterbøe Intervjuer 26. juli 2019

Sommersnakk med Sivert Nesbø

Litteraturbloggen snakkar med eit knippe barne- og ungdomsbokforfattarar om dei magiske leseminna og om korleis det er å skrive for barn.

Tekst: Marte Storbråten Ytterbøe / Foto: Paal Audestad / Bokomslag: Samlaget / Illustrasjon: Susanna Kajermo

Saman med illustratør Susanna Kajermo kjem Sivert Nesbø med ei barnebok om kanskje noko av det vanskelegaste eit barn kan oppleve, nemleg ein forelder som ein dag ikkje er der meir. Nesbø har tidlegare skrive tre romanar for vaksne, Skårgangar, Som eit barn og Sjøen om vinteren, og fleire av meldarane samanliknar han med både Tarjei Vesaas og Torborg Nedreaas. Òg i vaksenromanane til forfattaren finn vi tema som barndom og oppvekst, einsemd og familie.

Gratulerer så mykje med di første bok for barn, Hauk, som kjem i september! Du har tidlegare skrive tre romanar for vaksne, korleis var det no å skrive for ei heilt anna aldersgruppe enn di eiga?
Takk for det! Eg tykte det var fint å endeleg få høve til å skrive for barn, det er noko eg har ønskt å gjere lenge, så eg er glad for at det opna seg ei moglegheit for det. Sjølve skrivinga tenkjer eg vel at ikkje skil seg så mykje frå det å skrive for vaksne, på sett og vis må ein finne den same tonen eller åra, mest uansett kven ein skriv for, slik er det i alle høve for meg. Den største skilnaden ligg vel helst i omfang og ordtilfang, men sjølve skrivinga, eller den kjensla eg hadde når eg skreiv, var mest som når eg skriv for vaksne. Det var ei røynsle eg ikkje var heilt budd på, men som gleda meg.

Bokomslag: Samlaget

Eg sette elles umåteleg stor pris på å få teksten illustrert og eg kan ikkje få prisa Susanna Kajermo, kunstnaren som har laga illustrasjonane, nok.  Ho har eit uvant blikk og ein heilt særeigen og var strek som eg synest står så godt til teksten.

At det vart nett ho som enda med å illustrere boka er elles ei interessant historie: Eg hugsar eg såg teikningane hennar på avgangsutstillinga til Kunstakademiet i Bergen for vel ti år sidan, og dei gjorde sterkt inntrykk på meg den gongen, eg hugsar at eg tenkte at det var noko uvant og særs ved dei. Så gløymde eg etterkvart namnet på kunstnaren og det heile kvarv litt for meg sidan åra gjekk, heilt til eg no i fjor haust fortalde ei venninne at eg hadde skrive ei barnebok som var slik og slik, og at eg såg etter nokon som kunne illustrere ho. Då må du sjå på teikningane til Susanna Kajermo, sa ho, og då eg gjorde det, hugsa eg kor godt eg hadde likt bidraga hennar på utstillinga ti år tidlegare. Og så spurde eg, og ho sa ja. Og eg tykkjer det er vorte svært fint, noko heilt for seg sjølv.

Kva tyder omgrep som «alltid» og «ikkje lenger» og «kanskje ikkje» for eit barn, kva tid er det som ligg i dei?

I omtalen frå forlaget les eg at Hauk handlar om ein pappa som blir borte, eit tema du òg har behandla i vaksenromanane dine. Kva er det som er spennande med desse relasjonane mellom barn og foreldre? Kva er det med fedrane?
I Hauk finst det ein far som ikkje lenger er der, saman med ungane sine. Nett kvar han er, eller kva som har skjedd, er ikkje det avgjerande, det som har størst tyding er korleis ein les fråveret og korleis ein stiller seg til det. Boka handlar om korleis hovudpersonen Hauk forstår det at faren er borte, og korleis dei som er rundt han forstår dette, og korleis dei freistar å snakke saman om det. Kva tyder omgrep som «alltid» og «ikkje lenger» og «kanskje ikkje» for eit barn, kva tid er det som ligg i dei?

Hauk heng på sett og vis saman med den førre romanen min, Sjøen om vinteren, som kom ut i fjor. I den boka er det òg slik at ein far vert borte, sjølv om det kanskje ikkje er like konkret og tydeleg skrive fram. Hovudpersonen i Sjøen om vinteren er ei jente som heiter Eli, og boka dreier seg på mange måtar om dei røynslene ho gjer seg i samband med at ein del ting ikkje lenger skal halde fram med å vere slik dei har vore. På mange måtar er Eli den personen eg har skrive om som ligg lengst unna min eigen biografi, men samstundes er den boka noko av det mest personlege eg har skrive og det som ligg nærast på ein del av mine eigne røynsler.

For meg har ei god barnebok, nett som ei god vaksenbok, ei form for song i seg, og ber òg i seg noko som rører ved eitkvart ukjend i lesaren.

Kva er ei god barnebok for deg?
Sei det. For meg har ei god barnebok, nett som ei god vaksenbok, ei form for song i seg, og ber òg i seg noko som rører ved eitkvart ukjend i lesaren. Og viss boka er retteleg god, har ho òg dette særeigne ved seg, som berre kunne verte formidla i nett ei bok og i nett det språket forfattaren har nytta, det som gjer at det ovrar seg noko som for lesaren var ukjend før boka vart lesen. Så enkelt tenkjer eg rundt det, og så ullent kan det seiast.

Om ein ser på omfanget av det som er skrive for barn og unge, ser ein jo elles at det er skrive svært mykje og svært ulikt, og det finst rom både for det ville og ekspansive og fabulerande og det meir vemodige og neddempa og lyriske, samt alle valørar imellom. Og det finst heilt sikkert gode barnebøker innanfor dei fleste av desse uttrykka. Eg kan ikkje sove no av Stein Erik Lunde og Øyvind Torseter er ei slik stillfaren, lyrisk bok, som har i seg ei stor sårheit. Det same kan ein seie om Brynjulf Jung Tjønn si Den finaste historia, som òg er illustrert av Torseter. Mange hugsar vel òg Marit Kaldhol si Farvel, Rune, med akvarellar av Wenche Øyen. Eg er elles imponert over mange av bøkene til Gro Dahle og Svein Nyhus, som tek opp vanskelege tema som sinne og rus og overgrep og gjev språk til desse røynslene på ein svært godt måte. Ungar kan trenge å få eit språk, både visuelt og tekstleg, som gjer dei i stand til å tenkje rundt slike emne. Den gode barnelitteraturen kan gjere det.

Har du eit fint leseminne frå barndommen som du vil dele med Litteraturbloggens lesarar?
Eg har ikkje så mange konkrete minne frå det eg vart lese for eller det eg las sjølv då eg var liten, det handlar gjerne meir om ein tone eller eit språkleg leie som gav ei kjensle av at ein kjende att eitkvart. Farvel, Rune var ei slik bok. Og kjensla av å vere aleine i fleire av bøkene til Astrid Lindgren, og Tove Jansson. Jansson er elles ein forfattar eg har hatt stor glede av heile livet, og eg les ho framleis med jamne mellomrom, særleg Billedhuggerens datter og Sommerboken.

Kva skal du lese i sommar?
I sommar les eg ein del om omsetjing, essaysamlingar og slikt om emnet, av di eg syslar med eit omsetjngsprosjekt og tykkjer det er interessant å lese meg opp kring dette. Vidare skal eg lese meg lenger inn i forfattarskapen til William Faulkner, både det eg har lese før og det eg enno ikkje har lese. Og så ser eg retteleg fram til den nye boka til Tormod Haugland, Om søvn og mørke, som kjem i juli.

Illustrasjon fra Hauk: Susanna Kajermo

Illustrasjon fra «Hauk»: Susanna Kajermo

*

I år som tidlegare år publiserer Deichmans litteraturblogg intervjurekka «Sommersnakk». I år snakkar vi med ferske barne- og ungdomsbokforfattarar. To gonger i veka fortel forfattarane om bøker og sommarlesing. Kanskje får du nokre gode lånetips? God sommar!

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.