Søk Meny Lukk
Lukk
Foto: Tove K. Breistein
Av: Marte Storbråten Ytterbøe Intervjuer 30. juli 2019

Sommersnakk med Malin Hellebø

Litteraturbloggen snakkar med eit knippe barne- og ungdomsbokforfattarar om dei magiske leseminna og om korleis det er å skrive for barn.

Tekst: Marte Storbråten Ytterbøe / Foto: Tove K. Breistein / Bokomslag: Samlaget

Du drar kanskje kjensel på Malin Hellebø? Forfattardebutanten er utdanna lærar, men dei fleste kjenner henne nok som programleiaren for Dyrevenn på NRK Super. Dyras beste sjekketriks er ei morosam og original faktabok for barn som handlar om nettopp, dyras elleville sjekketriks!

Gratulerer så mykje med di første bok, Dyras beste sjekketriks! Korleis er det å få gitt ut den første boka si?
Tusen takk! Det er veldig rart å gje ut si fyrste bok, synest eg. No har eg liksom jobba so lenge med dette prosjektet, nesten heilt åleine, og plutseleg er eg ferdig og skal dele det med so mange andre! Det kjennest både fint og litt skummelt ut, som når ein må lese opp leksene sine høgt for heile klassen.

Bokomslag: Samlaget

Dette er jammen ei av dei mest originale faktabøkene eg har lese! Her skriv du altså om alle dei merkelege tinga dyr gjer for å skaffe seg ein partnar. Eg vart veldig overraska over å lese om hjorten som mellom anna rullar seg i eigen urin for å gjøre seg lekker. Korleis i all verda kom denne bokidéen? Korleis gjorde du research?
Bokidéen kom då eg var på besøk i pingvindammen på Akvariet i Bergen og (faktisk!) vart sjekka opp av ein ekte pingvin. Heilt sant! Han bukka djupt og gav meg ein stein, slik dei gjer når dei skal finne ein make, og etterpå klatra han opp på ryggen min og prøvde å pare seg med meg. Kan ikkje hugse at eg gav samtykke til det, men so var eg ikkje so god på pingvinspråk den gongen. No veit eg betre.

Researchen har eg gjort ved å sjå masse på naturdokumentarar. Eg elskar Planet Earth og David Attenborough! Eg har også saumfart internett og eit utval dyrebøker. Men den aller beste researchmetoden var å snakke med folk som kan faget sitt! Eg har hatt eit heilt fotballag med zoologar og dyreekspertar som har hjelpt meg, blant anna zoolog Petter Bøckman, edderkoppekspert Petter Jordan og ornitolog Terje Lislevand. Dei er heilt prima folk!

Førre gong eg hadde høgtlesing frå boka, vart me plutseleg alle saman til slimete, flørtande leopardsniglar som seig rundt i rommet.

Du er utdanna lærar og jobbar i NRK Super, så her tenker eg at vi har ein forfattar som er genuint opptatt av å formidle til barn! Kvifor er det så gøy?
Eg synest det er veldig kjekt å jobbe med innhald for og med ungar! Dei stiller so mange gode, rare og fine spørsmål, og dei er so ærlege og ekte. Det likar eg. Og so er dei nesten alltid «med på leiken» dersom eg finn på noko sprøtt oppe på scena eller i klasserommet. Førre gong eg hadde høgtlesing frå boka, vart me plutseleg alle saman til slimete, flørtande leopardsniglar som seig rundt i rommet.

Har du eit fint leseminne frå barndommen som du vil dele med Litteraturbloggens lesarar?
Eg hugsar at bestemora mi hadde ei diger bok om kattar og ulike katterasar som eg likte veldig godt. Den las eg i nesten kvar gong eg var på besøk hjå ho og so såg me på bileta av kattane og diskuterte kven av dei me helst skulle hatt.

Kva skal du lese i sommar?
Eg har akkurat blitt ferdig med Vundersmed, Jessica Townsend si andre bok i Ingenlund-serien. Den var megaspennande, anbefalast! No trur eg at eg skal lesa ferdig Sommerboken av Tove Jansson (som eg byrja på før Vundersmed kom ut).

*

I år som tidlegare år publiserer Deichmans litteraturblogg intervjurekka «Sommersnakk». I år snakkar vi med ferske barne- og ungdomsbokforfattarar. To gonger i veka fortel forfattarane om bøker og sommarlesing. Kanskje får du nokre gode lånetips? God sommar!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.