Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Katrine Judit Urke Intervjuer 6. august 2019

Sommersnakk med Anja Dahle Øverbye

Litteraturbloggen snakkar med eit knippe barne- og ungdomsbokforfattarar om dei magiske leseminna og om korleis det er å skrive for barn.

Tekst: Katrine Judit Urke / Foto: Renate Madsen / Bokomslag: Samlaget

Mange kjenner Anja Dahle Øverbye som ein av våre beste teikneserieskaparar. Denne hausten debuterer ho som barnebokforfattar. Hovudpersonen er inspirert både av hennar eigen son, og hennar eigen far. Den spennande skulestarten er nemleg eit tidlaust tema!

Gratulerer med nydelege «Lykketanna» som kom i sal no nettopp. Dette er di tredje bok, men første for barn. Korleis kjennest det?
Veldig bra! Det var gøy å jobbe med eit nytt format og ein ny sjanger. Det er ulikt både i at eg måtte fokusere meir på tekst enn eg har gjort tidlegare, og at eg lagde færre og større teikningar.

Etter å ha jobba i over fem år med ruteformatet i svart/kvitt var det herleg å gjere noko heilt anna, og det vil igjen tilføre noko nytt til teikneseriearbeidet mitt når eg går tilbake til det.

Boka handlar om skulestart og målgruppa er deretter. Dei tidlegare bøkene dine er skrive for vaksne. Korleis har det vore å denne gongen skrive for nokon som er så mykje yngre enn deg sjølv?
Det var fint å lage noko for barn, med eit tema som eg synes er viktig å snakke om. Eg håpar og at boka opnar for samtaler mellom barn og vaksen etter at boka er lesen. Eg har jo alltid vore glad i å utforske dei litt vonde og såre kjenslene, og eg synes det er viktig å snakke med barn om dette frå tidlig alder for å normalisere det å ha negative tankar. Det er like vanleg å være lei seg og sint, som det å glede seg og være glad! Eg jobba ein del med korleis eg skulle verbalisere dei fysiske symptoma ein gjerne får når ein er redd eller har angst, for at ungar skal kunne kjenne att kjenslene, men og få eit språk for det.

Eg trur Torbjørn er ganske typisk for ungar på den alderen; dei er fortsatt veldig knytt til foreldre og vil gjerne være liten på fanget, samtidig som dei kjenner på ei forventning til seg sjølv om å være «stor».

Hovudpersonen i boka di heiter Torbjørn. Har du lyst til å fortelje litt om han?
Torbjørn er redd og gruar seg, men det var viktig for meg at han samtidig skulle ta litt tak i sin eigen situasjon og. At han ikkje skulle bli for passiv. Ein kan grue seg og være redd, men samtidig tørre å invitere ein ny ven med på museum! Eg trur Torbjørn er ganske typisk for ungar på den alderen; dei er fortsatt veldig knytt til foreldre og vil gjerne være liten på fanget, samtidig som dei kjenner på ei forventning til seg sjølv om å være «stor». Og så er dei gjerne usikker på kva det inneber å være «stor». Torbjørn er inspirert av min eigen son, men og av korleis skulestarten var for min eigen far på 60-tallet. Nokre problemstillingar er tidlause!

Du både teiknar og skriv, både her og i dei førre bøkene dine som er teikneserieromanar. Kva slags forhold har du til biletboksjangaren?
Eg elskar fine biletbøker, og blir veldig inspirert av fargerike oppslag og kor mykje ein kan få sagt i ei kort, men gjennomarbeida tekst. Både med biletbok og teikneseriar formidlar ein med både tekst og bilete, og det er eit veldig utfordrande og kjekt arbeid. Litt som ein kabal som skal gå opp! Kva skal formidlast via ord, og kva skal formidlast via bilde?

Har du eit fint leseminne frå barndommen som du vil dele med Litteraturbloggens lesarar?
Ein sommar då eg var ca. 10 år, så las eg ei bok som heitte Utrolig – ikke sant? om spesielle fenomen og legender. Alt frå sjøormen Nessie, til UFOar og eit kapittel om at menneske kunne sjølvantenne (!). Eg hadde fått denne boka i Disney-bokklubben Junior, trur eg. Eg turte berre å lese i boka ute i dagslys, og eg hugsar fortsatt korleis eg låg på eit pledd i hagen og slukte denne boka med skrekkblanda fryd. Eg har eit anna godt leseminne, men det er frå i fjor. Då låg nemleg eg og sonen min i ei hengekøye heile sumaren og las Vaffelhjarte av Maria Parr.

Kva skal du lese i sommar?
Rachel Cusk-trilogien.

*

I år som tidlegare år publiserer Deichmans litteraturblogg intervjurekka «Sommersnakk». I år snakkar vi med ferske barne- og ungdomsbokforfattarar. To gonger i veka fortel forfattarane om bøker og sommarlesing. Kanskje får du nokre gode lånetips? God sommar!

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.