Søk Meny Lukk
Lukk
Jens Kihl Foto: Samlaget, Bard Boe
Av: Marte Storbråten Ytterbøe Intervjuer 1. november 2019

Vis meg bokhylla di, Jens Kihl

Journalist, målmann og forfatter Jens Kihl har, i følge han selv, verdens minste bokhylle. Men selv om den er liten er den veldig god! Vi tar en nærmere titt.

Tekst: Marte Storbråten Ytterbøe / Toppfoto: Samlaget, Bard Boe / Bokhyllefoto: Jens Kihl

Mange har med glede fulgt Jens Kihl i Klassekampen. Han har også vært leder for Norsk Målungdom og nestleder i Noregs Mållag. I år kom den kommunale feelgood-boken vi alle har ventet på, nemlig Dette er også Noreg. Journalisten klarte kunststykket å få kommunesammenslåing til å bli både interessant og morsomt.

Jens forteller meg at han hadde gledet seg stort til å få alle bøkene sine på plass etter å ha skaffet seg en leilighet i Oslo i fjor. De skulle ut av kassene og opp på veggene! Så fikk målmannen jobb i Bergens Tidende og det var bare å pakke seg sammen og flytte. Hva slags bøker tar man med seg når man flytter fra Oslo til Bergen? Og finner vi hans egen bok i hylla, mon tro?

Foto: Jens Kihl

 

For en fin og gul hylle! Hvor står den? Og hvor er den kjøpt?

– Tusen takk! Ho står i i eit hjørne i stova og skjuler ein masse leidningar og anna rask. Dette er ekte IKEA. Eg fekk berre ei vag kjensle i fjor av at det var lurt å kjøpe gul hylle. Det viste seg å stemme.

Foto: Jens Kihl

Det som nesten er mest iøyenfallende her er den pyntede bysten av Karl Marx. Kan du fortelle litt om hvorfor den har fått plass i hylla?

– Ho fekk eg etter å ha verva lesarar til min gamle arbeidsgjevar Klassekampen, og så blei bysta med på flyttelasset over fjellet hit til Bergen. No ser eg at dei har arbeidshanskar og kakespade som vervepremiar. Store delar av huset er innreidd med sånne vervepremiar, for å vere ærleg.

Mi eiga bok er av eit litt mindre format, men eg tenkte at faen heller, ho må nesten få plass i den beste hylla.

Jeg legger merke til at Marx står sammen med Kjartan Fløgstad, Édouard Louis og din egen bok. Her må du utdype!

– Fløgstad og Louis er to av mine absolutte favorittar. Eg las Hvem drepte faren min her om dagen. Eg lurer på om dette kanskje er hans beste bok til no. Og så les eg Dalen Portland om att for å førebu meg til Due og drone. Det er ei slags sorg for meg at dei skal stå mot einannan. Som sosialist – og skeiv – treng eg både Fløgstad og Louis til å tenkje godt og klart om det samfunnet vi har hamna i. Difor har eg plassert bøkene deira saman både her i Bergen og i bokhyllene i Oslo. Mi eiga bok er av eit litt mindre format, men eg tenkte at faen heller, ho må nesten få plass i den beste hylla. Dette er kanskje den gongen i livet eg skriv ei bok. Så Dette er også Noreg får stå saman med dei store gutane til eg går lei.

Foto: Jens Kihl

Også må du fortelle hva som befinner seg i den mystiske rød boksen!

– Boksen er faktisk tom! Eg arva boksen frå mormor, som gjekk bort i fjor. Eg har framleis ikkje funne ut kva han skal bli brukt til, men det bør vere noko bra. Så om nokon har eit tips, er det berre å rope ut.

Jeg ser det er mye variert litteratur her, bøker om Åge Aleksandersen, Zlatan og Arbeiderpartiet. Er det noe system i galskapen?

– Bøkene om Åge, Zlatan og AP handlar om arbeidarklassen. Det gjer mykje av det andre òg. Det er verkeleg det store mysteriet i vår tid: Korleis politikken greidde å stikke av frå veljarane. Eg er ikkje sikker på om svaret er å finne her, men eg gjev ikkje opp leitinga.

Det kan godt hende eg stal dei. Det tek seg ikkje heilt godt ut.

Er det noen bøker her som du er skikkelig flau over at du har stående framme?

– I sommar stod eg på kaia på Utne i Hardanger og venta på ferja. Der stod det ei kasse med bøker framme, men det var ikkje noko skilt. Så eg tok rett og slett med meg eit par bøker om kysten, Vestlandsbanken og litt anna. Det kan godt hende eg stal dei. Det tek seg ikkje heilt godt ut. Men bøkene er bra!

Jeg finner også Elena Ferrante, Hannah Arendt og Patti Smith. Mye bra! Har du noen bøker du vil trekke fram og anbefale for Litteraturbloggens lesere?

Fange i natt og tåke av Trygve Bratteli handlar om åra hans i tysk fangenskap. Då ho kom, blei ho ein kioskveltar og selde i hundretusenvis. I dag trur eg ikkje så mange les denne skildringa, men det burde alle gjere. Han skriv så klokt og nøkternt om kva vi menneske er i stand til å gjere når vi gløymer at vi er her for kvarandre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.