Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Katrine Judit Urke Kommentarer 4. mars 2020

Katrine les klassikarar. Del 1: «Sult» av Knut Hamsun

Som bibliotekar er eg opptatt av å lese og fremje ny litteratur, og gjerne av norske, ukjende forfattarar. Det er kjekt, men eg har nok gått glipp av mykje av den ordentleg store litteraturen. Eller har eg kanskje ikkje gått glipp av så mykje? I år skal eg iallfall lese klassikarar. Du er hermed invitert til å bli med på mi danningsreise!

Tekst: Katrine Judit Urke / Foto: Frank Michaelsen

Første bok ut, er Knut Hamsuns Sult (1890). Ein kollega på Deichman er oldebarnet til Knut Hamsun, så no er det på tide at eg les noko meir enn Victoria som eg las på vidaregåande. Eg hugsar lite av Victoria, men meiner eg såg på boka som ein ganske vanleg, koseleg kjærleiksroman. Ho gjorde altså ikkje det store inntrykket.

Moderne riksgnål

«Det var i den tid jeg gikk omkring og sultet i Kristiania, denne forunderlige by som ingen forlater før han har fått merker av den …»

Som mange sikkert veit, er det slik Sult startar. Og så skjer det liksom ikkje stort meir. Og det er jo greitt nok, det, altså. Eg les ikkje bøker for handlinga si del. Men dette er litt vel treigt likevel.

På kolofonsida i utgåva eg har lese står det:

«Til grunn for denne utgaven av ‘Sult’ ligger ‘Samlede verker’ (1934). Teksten har gjennomgått en varsom revisjon i retning av moderne riksmål.»

Dette «moderne riksmålet», eller riksgnålet, er mykje av årsaken til at eg synest boka er treig. Her frå ei tilfeldig side:

«Mitt hele sinn gjennomgikk en forandring, likesom noe gled tilside i mitt indre eller et forheng, et vev i min hjerne gikk itu.»

Det gjeld altså både syntaks og staving av enkeltord. Slik blir det motstand i språket på ein måte som blir feil for meg, eg mistar motivasjon, sjølv om teksten i seg sjølv ikkje eigentleg er tung å lese. Eg må presse meg gjennom boka, og det tar mykje lenger tid enn det brukar å ta å lese knappe to hundre sider.

 

Realistisk skildring av svolt

Men det er gøy òg. Sult var Hamsuns gjennombrot som forfattar. Boka er skrive i jeg-form, noko som på den tida ikkje var like vanleg som det er no, og det er lett å sjå det som Hamsun har uttalt som sitt prosjekt, nemleg «å gi plass for ‘det ubevidste Sjæleliv’ og de irrasjonelle sider ved mennesket.». Forfattaren var her meir opptatt av dette, å skildre «sjelelivet», enn å fortelje noko om fattigdom som eit samfunnsproblem.

Det er komisk og interessant å lese om alt det rare han tenkjer og seier og gjer i denne svolt-rusen, gjerne midt på gata framfor mange folk.

Sult er ein snål roman om ein ung namnlaus mann som snublar rundt i Kristianias gater og prøver å skrive seg til mat på bordet. Den unge mannen er opptatt av moral, og vil ikkje stele pengar eller mat. Akkurat dette synest eg er litt urealistisk; ville ikkje dei fleste gjere det aller meste for å overleve? Denne karen lar derimot sjansar til å tuske til seg litt ekstra gjerne gå ifrå seg. Eg skulle ønske han lot moralen sleppe taket i blant.

Men sjølve svoltopplevinga er svært godt skildra. Oppi den intense svolten blir mannen fullstendig koko. Dette er lett å kjenne seg igjen i; når det er nokre timar sidan eg har ete, blir eg jo heilt rar sjølv. Viss eg hadde gått slik over lang tid, hadde eg blitt fullstendig gal eg òg. Det er komisk og interessant å lese om alt det rare han tenkjer og seier og gjer i denne svolt-rusen, gjerne midt på gata framfor mange folk.

Kristiania-kunnskap

Og så er det artig å lese om Kristiania på 1890-talet. Visste de at det på denne tida var eit område nede ved Nationaltheatret som blei kalt Tivoli? Christiania Tivoli var eit populært underhaldningsstrøk fram til det vart rive på 1930-talet. Dette visste iallfall ikkje eg. Og så er det sjølvsagt fint å lese ein av dei tre norske nobelprisvinnarane i litteratur; Hamsun fekk prisen i 1920. Og no kan eg om ikkje anna dra fram Sult-referansar der det passar, for eksempel når oldebarnet hans og eg er ute og går på Karl Johan under «spasertiden».

Boka finst i ein meir moderne språkdrakt, og eg vil tilrå dykk å lese ei av desse utgåvene. Med mindre du er vant til og glad i gammaldags riksmål, då, og er opptatt av å lese så nærme originalen som mogeleg. Det kan eg forstå, men alt eg sjølv skal lese av Knut Hamsun heretter, blir nok iallfall på bokmål.

***

Kjelder:

Andersen, P. T. (2001). Norsk litteraturhistorie. Oslo: Universitetsforlaget

Hamsun, K. (2007). Samlede verker. Bind 1: Sult. Oslo: Gyldendal

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.