Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Katrine Judit Urke Intervjuer 22. mars 2020

Vis meg bokhylla di, Mariann Schjeide

Mariann Schjeide er både bibliotekar og leiar av Norsk bibliotekforening, men er ikkje så opptatt av struktur i og kassering av bøkene i eigen heim.

Tekst: Katrine Judit Urke / Foto: Mariann Schjeide / Portrettbilde: Marit Brunstad

Sidan 2014 har Mariann Schjeide vore leiar av Norsk bibliotekforening og har pendla mellom Grünerløkka i Oslo til Skodje på Sunnmøre. Men no har ho rett og slett gitt valkomiteen beskjed om at ho ikkje stiller til gjenval, og er klar for noko nytt. Ei leiarstilling i krysningspunktet mellom kultur, litteratur og politikk står øvst på ønskelista. Vi har fått snoke i hyller både i huset heime og i pendlarleiligheita og ser at innhaldet reflekterer kvinna alle vi i bibliotekmiljøet har lært å kjenne: Ein litteraturentusiast med hjarte for formidling og historieforteljing.

– Bokhylla i Oslo, dei andre bøkene ligg under bordet. Ein del bøker med raud etikett frå då Vidar Kvalshaug dreiv sitt eige forlag.

Er dette bøker du har tatt med heimefrå, eller bøker du har skaffa i Oslo? 

– Nei, alt dette er bøker som har kome meg i hende etter at eg kom til Oslo i 2014. Men noko er sjølvsagt noko eg hadde halvlese og så tatt med til Oslo og gløymt å ta med heim. Eg er ekspert på å halde ein koffert i handa og seie «cirka 21 kilo». Eg reiser mykje imellom Ålesund og Oslo, og det er bøkene som som oftast må vike når kofferten blir for tung.

Dei andre bøkene ligg under bordet, seier du. Kva slags bord? Er det mange bøker som ligg der? 

– Under stovebordet. Der ligg det bøker, interiørblad og nokre Syn og segn.

– Bokhylla heime. Først tenkte eg at faen kor det ser ut, eg må rydde. Men eg sender ho berre som ho er. 

Først tenkte eg at faen kor det ser ut, eg må rydde. Men eg sender ho berre som ho er. 

Solide, høge, klassiske hyller! Kan du fortelje litt om dei – kva slags hyller er det, kor er dei kjøpt? 

– Dette er IKEA-hyller! Billy. Det er vel billegaste sorten, trur eg. Eg hylte høgt i forbannelse då eg oppdaga at ei av hyllene kom feil på, dvs. den «sponsida» kom ut, den skulle bak mot veggen. Då var eg nesten ferdig og dritlei. Fekk litt kvit måling og målte over den sponsida. Etter eg blei skilt bygde eg meg ein ny tomannsbolig. I den førre einebustaden eksmannen min og eg budde i, hadde vi plassbygde bokhyller med såkalla jugendlister rundt. Jugendlister går igjen i alle gamle jugendhus i Ålesund, og også i det jugendhuset eg vaks opp i som var i Parkgata i byen. Der var det jugendlister overalt. Denne bokhylla var altså bygd på staden, så eg kunne ikkje ta ho med. Då eg flytta fekk eg forsterka veggen mellom første og andre etasje, altså sjølve trapperommet, for denne skulle eg bruke til bokhyller. Eg fann fort ut at det ville bli veldig upraktisk å nå dei (sa Mariann, 1,58 cm), så det blei Billy-hyllene i staden.

Eg hylte høgt i forbannelse då eg oppdaga at ei av hyllene kom feil på, dvs. den «sponsida» kom ut, den skulle bak mot veggen. Då var eg nesten ferdig og dritlei. Fekk litt kvit måling og målte over den sponsida.

Korleis er bøkene sortert? 

– Dottera mi (!) har sortert dei alfabetisk på forfattar. Ho var lei av rotet, eg fann jo aldri noko som helst. No er det delvis etter forfattar. Eg er ikkje ein særleg strukturert bibliotekar.

Dottera mi (!) har sortert dei alfabetisk på forfattar. Ho var lei av rotet, eg fann jo aldri noko som helst.

Og her er då ikkje mykje rot. Litt bøker som ligg på toppen av dei andre, berre. Men du er jo utdanna bibliotekar, og har vel litt den kasseringstanken i deg, «ei bok inn – ei bok ut», eller fungerar det ikkje slik heime? 

– Nei, det fungerer nok ikkje slik for meg. Eg har skrive namn og dato  og årstall i alle bøkene mine. Gjerne også kven og korleis eg fekk dei. Alle har ei historie, eg hugsar korleis dei kom i hus. Eg hugsar kven eg var og kva som var viktig for meg då eg fekk dei i hus. Dei representerer alle noko. Eg hadde ei diktsamling av Sidsel Mørck som eg no synest er både overtydeleg og klein. Men Mariann på 17 kjente at dei snakka til ho, at dei endra noko. Det er av omsyn og resepekt for den 17-åringen eg var at eg vel å ikkje kaste ho.

Eg hadde ei diktsamling av Sidsel Mørck som eg no synest er både overtydeleg og klein. Men Mariann på 17 kjente at dei snakka til ho, at dei endra noko. Det er av omsyn og resepekt for den 17-åringen eg var at eg vel å ikkje kaste ho.

– Heime har vi også ein eigen barnehylleseksjon, ei raud Billy-hylle i andreetasjen på gangen utanfor barneromma. Fem hyllemeter med barnebøker. Dei har eg gøymt både for å ha gode minne, men også til framtidige barnebarn. No skal dottera mi på 26 kjøpe huset av meg i lag med kjærasten. Barnebokhylla med alle bøkene får stå til henne og søskena. Det er som å gi frå meg ein skatt. Eg har lese så mykje til barna mine frå desse bøkene, og det er med stor glede eg leverer dei frå meg. Eg har elska å lese høgt til barna mine, tilrettelegge, rollespel, forskjellege stemmer. Dei snakkar fortsatt om det og det gjer meg så glad. No er dottera mi Åsa snart 26, og tvillingane Ragnhild og Tarjei er 20. Tvillingane lese ikkje noko særleg bøker, men Åsa er snart ferdig lektor og har gått i mora sin fotspor med engelsk og nordisk litteratur i fagkretsen.


– Lokalhistorie og ålesundshistorie har alltid vore viktig for meg.

Og så av gode gamle Harald Grytten, ja. Eg las ein plass at han har skrive vanvittig mange bøker. Og eg som trudde han «berre» gjekk rundt og fortalte frå krakken sin! Eg kjem jo òg frå Ålesund, men eg har ikkje vore noko flink til å lese meg opp på historie heimefrå. Viss eg skal lese kun ei Ålesund-bok, er det då ei av desse eg bør kaste meg over?

– Harald Grytten er historikar og ein formidlar av rang. Han kan bibliotekarar lære mykje av. Og han har ein særs god penn, eg trur eg har alt han har skrive i hus. Du bør lese desse to binda av Ålesunds-historia på bildet. Det Grytten ikkje er flink til er å lage register. Det drit han som oftast i. Ålesunds-historia fekk eg inn gjennom farfaren min. Som lita jente, frå eg var 7-8 år, bladde eg i den første Aalesunds historie der det var bilde av tippoldefaren min, hattemakar Julius Heinrich Bregartner. Det var gamle bilde av hus og folk, det var tekstar om skulevesen, barneheimar, bibliotek, brannkorps, apotekvesen, handelsfolk og aviser. Og mykje mykje meir. Eg har elska det, og det er ein kjærleik som har vart. Eg er oppvaksen midt i byen, eg kan mi historie eg veit kor eg kjem frå. Og det har alltid kjentes viktig for meg. Grytten har også mange bøker med artige småhistorier som eg har brukt mykje som toastmaster og i takk-for-maten-taler. Og eg ler meg forderva! Fortsatt! Til dømes boka «Kvær sin smak». Mange småhistorier om bygdeorginalar. Og vi lo!! Eg blir aldri lei av det.

Det Grytten ikkje er flink til er å lage register. Det drit han som oftast i.

– Eg var berre 21. 20-22 år. Viktige år. Storfag i nordisk. Forsto ikkje ein drit av Fløgstad. Så såg eg lyset og blei frelst. Han opne for ei større forståing hos meg. Av verdsbiletet, rett og slett. MRDH Volda er altså Møre og Romsdal Distriktshøgskule, Volda. Du er jo så ung! Herregud, det ser heilt førre århundre ut. Og det er det jo. Mine to beste utdanningsår hadde eg der.

Forsto ikkje ein drit av Fløgstad. Så såg eg lyset og blei frelst. Han opne for ei større forståing hos meg. Av verdsbiletet, rett og slett.

Takk for at du kallar meg «så ung»! Det gjer godt mot slutten av vinteren. Såg du Fløgstad-lyset då du var 21, eller kom det seinare? Er du framleis Fløgstad-frelst? Eg må innrømme at eg synest han er litt tung, men då må eg nok prøve hardare.

– Då eg var 21. Eller søren, eg var vel berre 20. Men eg måtte få hjelp til å forstå Fløgstad. Så mykje anna har eg ikkje lese av han, men eg synest han er tilnærma genial likevel. Eg har litt selektiv persepsjon når eg les om Fløgstad. Eg sug til meg alt.

French var også kjempeviktig. Begynte å lese ho i 16-17-årsalderen. Vi snakkar danningsprosess!

På kva måte var ho ein del av danninga, og korleis vart du introdusert for henne? 

– Eg trur det var via mor mi som las Kvinner. Og så blei boka filmatisert på den tida. Omsetjinga til norsk kom i 1978. Då var eg 13, men eg las ho ikkje mykje seinare. Ho var ein del av mi feministiske oppvakning. Eg har alltid vore fascinert av folks danningsreiser. Som til dømes i filmen Educating Rita om arbeidarklassejenta som oppdaga litteraturen. No er det lenge sidan eg har lese Kvinner, men det er jo om denne kvinna som blir forlate av mannen sin, sjokket rundt det, og som begynner å studere. Oppdagingane i litteraturen, samtalane med medstudentar. Ho begynte å stille spørsmål, såg ting på ein ny måte. Det var ei enormt viktig brytningstid for meg, feministen i meg begynte å ta form. Fleire av mine venninner las desse bøkene den gongen. Eg hugsar fortsatt forsida. Det var eit skilt på ei dodør der det sto DAMER. Så var det stroke over, og det sto KVINNER i staden.

Eg hugsar fortsatt forsida. Det var eit skilt på ei dodør der det sto DAMER. Så var det stroke over, og det sto KVINNER i staden.

– Frå fransktimane. Sjå kor eg har skrive over ord i tilfelle det var eg som måtte lese og omsetje.

Åh, eg las akkurat Den fremmede for første gong, og elska det. Men eg las boka på norsk, då. Frankstimane, var det på vidaregåande, eller tok du fransk etter det? Korleis er det å lese sida du har tatt bilete av no, er fransken heldt ved like? 

– Fransken er SLETT IKKJE halde ved like. Men eg hugsar fortsatt byringa av boka «Maman est morte, ça m’est égal. Camus var litt skremmande. Setninga betyr jo «mor er død, det er meg likegyldig». Eg hugsar lite av innhaldet, men eg følte meg veldig vaksen som las ein roman på fransk, på originalspråket. Men eg syntes eg var så lite flink. Det er tull, for eg var faktisk ganske flink i fransk. Og når eg no blar i den boka så tenker eg at herregud, eg var jo dritflink! Tenk at eg eingong har kunna det der!

Og når eg no blar i den boka så tenker eg at herregud, eg var jo dritflink! Tenk at eg eingong har kunna det der!

– I april 2014 besøkte eg dottera mi som studerte i Paris. Eg turte ikkje seie eit ord når ho sat der. Men eg flørte ivrig med kelnarar og bestilte greier på kafear og restaurantar når ho gjekk på do og sånt. Det er litt sårt det der. I 1984 skulle eg reise til Paris som au pair, eg hadde fått familie og allting, og eg ville så gjerne lære fransk skikkeleg. Men så var mor mi så alvorleg sjuk og eg fekk beskjed om at eg ikkje kunne reise. Ho døydde også då eg nettopp var fylt 20 år. Camus er ei påminning om franskene eg aldri lærte skikkeleg. At dottera mi fekk studere i Paris er på eit merkeleg vis ei oppreisning og plaster på såret for meg.

I 1984 skulle eg reise til Paris som au pair, eg hadde fått familie og allting, og eg ville så gjerne lære fransk skikkeleg. Men så var mor mi så alvorleg sjuk og eg fekk beskjed om at eg ikkje kunne reise.

– Høyrde om ei som skulle selje leksikonet sitt. Dette sel eg aldri! Eg kjøpte det på avbetaling i 1986. Berre to bind var kome ut, så skulle eg få resten etterkvart som dei blei trykte. Det var komplett mange år etterpå. Sort skinn med gullsnitt. 1000 kroner over skaiutgåva. Eg kjente meg så vaksen, dette var ei investering. 7200 kr, 225 kr månaden i mange år.

Sort skinn med gullsnitt. 1000 kroner over skaiutgåva. Eg kjente meg så vaksen, dette var ei investering. 7200 kr, 225 kr månaden i mange år.

7200 kroner, ja, det er jo faktisk ei stor investering. Eg la inn beløpet i ein såkalla inflasjonskalkulator, og fann ut at det er det same som 16 902 kroner i dag. Og det verste er at viss du skulle selt det no, hadde du nok ikkje fått noko særleg for det. Veldig fin historie bak dette, og rørande at du framleis hugsar dei nøyaktige beløpa. Men heilt ærleg, brukar du det nokon gong? 

– Så kjekt med den inflasjonskalkulatoren! Nei, eg veit at eg ikkje ville fått noko særleg for det. Og det fortener verken eg eller leksikonet! Men ja, eg blar fortsatt i det. Eg les fortsatt artiklar der. Eg elskar å gjere det. Og eg stryk både over skinninnbindinga og gullsnittet når eg gjer det. Og les namnet mitt foran med skrifta eg hadde den gongen, og eg har også skrive inn årstall. Dette er mi historie og mitt liv. Men så er eg også ein type som alltid har bladd på måfå i leksikon. Same med atlas, forresten.

En bønn for Owen Meany. Den kanskje viktigaste boka ever for meg. Eller ei av dei. Jula 1989, 24 år gammal, las eg i mørkret under kupelyset i bilen i baksetet opp gjennom Gudbrandsdalen. Dagen etter møtte eg han som blei far til barna mine.

Du har skikkeleg god alders- og årstalshugs. Gøy! Eg kjenner faktisk ikkje til denne boka. Kan du gi oss nokre stikkord som beskriver kva som er så bra med ho? 

– Åh denne boka! Eg kjenner eg får klump i halsen berre eg snakkar om ho. No har eg ho ikkje foran meg, men det handlar altså om ein gut med ei veldig spesiell stemme, som var også mindre enn alle dei andre. Og boka skal vere skriven etter at Owen Meany var død. Om guten dei løfta rundt i eit julespel for dei trudde han vog ingenting. Men han gjorde jo det! Han kom i skade for å drepe bestevennens mor ved eit uhell under ein baseballkamp. Og det handlar om å gjere ting godt igjen i Irvings mylder av personar med dei mest avsindige personlegdomar. Så kjem Vietnam-krigen, og Owen ser på seg sjølv som Guds reiskap og han gjer det godt igjen på ein måte ingen hadde forutsett. No når eg skriv dette om boka, over tretti år etter eg las ho, renn tårene.

No når eg skriv dette om boka, over tretti år etter eg las ho, renn tårene.

– Det som nesten er verst å tenke på er at John Irving kom til bokmessa på Inforama i Sandvika i 1989 trur eg det var. Han las frå boka, men eg rakk det ikkje!! Og han hadde lese med stemmen til Owen Meany, for alt Meany seier i boka står med caps lock. Alle som hadde vore på den seansen sa det var heilt spesielt, men ingen greidde å gjengi for meg korleis stemmen til Meany var. Det plagar meg framleis. Denne boka må eg lese igjen, kjenner eg. Ikkje alt av Irving har gått heim hos meg, men denne og Siderhusreglene står i særklasse. Herregud for ein forfattar!

Imponerande at du klarer å lese i mørkret i eit baksete på ein bil. Eg blir alltid bilsjuk når eg les i bil eller på buss! Kan du lese overalt? 

– Nei, på ingen måte. Og dette er kanskje den einaste gongen eg har gjort det. Men eg blei kvalm, og eg blir kvalm. Eg sat under kupelyset og las. Las til eg blei kvalm, slutta, blei betre, las til eg blei kvalm og slutta, osv.

Eg sat under kupelyset og las. Las til eg blei kvalm, slutta, blei betre, las til eg blei kvalm og slutta, osv.

Og så så romantisk å treffe faren til barna sine etter ei sterk leseoppleving. Kanskje det kan vere eit tips til andre? «Har du lyst på kjæraste, les denne, så skjer det noko magisk», liksom? 

– Nei, det er ikkje eit tips til andre. Eksmannen min var uinteressert i litteratur. Det var berre tilfeldig at eg trefte han dagen etterpå. Men: Eg har treft folk som har blitt spesielle for meg på grunn av litteraturopplevingar. Biblioteksjefen i Lom, Rita Mundal og eg , bånda over ein passasje hos Olav Duun i Juvikfolket. Det festa seg i oss begge. Om vesle Odin som skal settast vekk, for den unge, einslege mora kan ikkje ta seg av han. Både Rita og eg har søner. Vi har til felles at ingen av oss har greidd å formidle denne boka, og denne passasjen, fordi vi ikkje greier det. Vi kan ikkje lese den passasjen utan å grine. Om du er interessert så las nettopp Trine Skei Grande frå denne passasjen då NRK Bok nettopp besøkte ho heime for å inspisere bokhylla hennar.

Vi har til felles at ingen av oss har greidd å formidle denne boka, og denne passasjen, fordi vi ikkje greier det. Vi kan ikkje lese den passasjen utan å grine.

– Ei praktutgåve av Kristin Lavransdatter har eg også i hylla. Ho blir eg aldri ferdig med.

Kvifor blir du aldri ferdig med Kristin Lavransdatter

– Ah, don’t get me started! Då eg las Kransen første gongen, kanskje 13-14 år gammal var eg berre oppteken av at Kristin og Erlend skulle få kvarandre. Altså kjærleikshistoria. Men boka har så mange lag, så mange fasettar. Eg las på nytt om Kristin sin første fødsel då ho fekk sonen Nåkkve (ho fekk jo berre søner) då eg sjølv var gravid med Åsa (no snart 26). Og eg levde meg inn i graviditeten og fødselen på ein måte som eg ikkje ville ha gjort utan at eg var der sjølv. Eg har også sett utviklinga i Kristin sin religiøse lengt og søken (Undset var jo streng katolikk), forholdet til faren som ho elska så høgt, forholdet mellom foreldra, banda mellom slektene og korleis det blir framstilt. Kristin går gjennom ei stor modning og utvikling i desse tre bøkene, og du ser det best når du er på same stadiet sjølv trur eg.

Og språket til Sigrid Undset, herregud for eit språk! Det er som ein song.

– Og språket til Sigrid Undset, herregud for eit språk! Det er som ein song. Av og til las eg høgt berre for å høyre melodien i det.

– Som kvinne har Kristin noko å fortelje meg gjennom heile livet mitt, for eg går den vegen i lag med ho. Erlend var svak, han var ikkje sterk nok for Kristin. Det ville ikkje eg sjå til å byrje med, for Erlend var draumeprinsen. Mørk og vakker.  Og dødsaugneblinken til Kristin, det er så vakkert skildra. Det er så sjeldan vi får dødsaugneblinken frå den som døyr sin ståstad, og denne har festa seg i meg. Kristin døyr av svartedauden.

Som kvinne har Kristin noko å fortelje meg gjennom heile livet mitt, for eg går den vegen i lag med ho.

Så ble allting borte i en mørkerød skodde og en dur, som først tok til skremmelig, men så døde duren smått om senn, og den røde tåke ble tynnere og lysere, og sist var det som en fin morgenksodde, før solen bryter igjennom, og det var aldeles lydløst, og hun visste, at nu døde hun -.

– Eg kjenner eg blir så prega av det berre av å skrive dette, at det er på tide å lese bøkene igjen.

– Morofakta: Simon Darre, som Kristin var meint å gifte seg med og lova bort til før ho møtte Erlend, er den einaste i bøkene som faktisk har levd. Sigrid Undset syntes det var mykje ståk rundt Nobelprisen og all merksemda bøkene fekk. Og etter kvart blei ho ganske trøytt av det. Men på Bjerkebæk kom plutseleg ein direkte etterkomar av Simon Darre på døra og hadde med seg nykjerna smør frå garden i gåve til den kanskje etter kvart litt blaserte forfattaren. Dette besøket og gåva gjorde stort inntrykk på Sigrid Undset.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.