Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Katrine Judit Urke Anmeldelser 23. juli 2017

Alt det vonde og alt det vakre

Året er ikkje ferdig enda, men eg er likevel rimeleg sikker på at Brynjulf Jung Tjønn har skrive årets vakraste roman.

Tekst: Katrine Judit Urke/Foto: Julia Granberg

Eg har aldri lese noko av Brynjulf Jung Tjønn før, sjølv om han har skrive ganske mange bøker, både for barn, ungdom og vaksne, etter debuten i 2002. Men eg kjenner til Tjønn frå Bokvennen Litterær Avis der han er redaktør saman med Gabriel Moro, ei avis eg set pris på, og det var kanskje nettopp derfor eg lånte med meg Alt det lyse og alt det mørke heim frå jobb. Og det var skikkeleg flaks.

alt det lyse alt det mørkeMektig språk
Alt det lyse og alt det mørke er Tjønn si fjerde bok for vaksne. Innhaldet er akkurat slik som omslagsbiletet (til høgre): Dystert og vondt, men heilt ubegripeleg vakkert. Smak berre på denne setninga: «Ute var det lett snø, inne på fars fang var det sommar.»

Dyster og vond er boka på grunn av tematikken. Ho handlar om ulike typar omsorgssvik og om utilfredsstilt sakn og lengt. Eg-personen er Vibeke som for det meste fortel frå barndomen sin, om faren og tanta hennar, men òg om dottera hennar, Hildegunn.

Romanen er jo langt ifrå ein «pageturner», men språket fekk ei makt over meg som eg ikkje kan hugse å ha opplevd tidlegare.

Eg blei heilt oppslukt av teksten frå første side, noko som overraska meg. Romanen er jo langt ifrå ein «pageturner», men språket fekk ei makt over meg som eg ikkje kan hugse å ha opplevd tidlegare. Det er svært sanseleg og rikt på bilete og det verkar gjennomarbeida heilt ned til dei kortaste orda. Når Vibeke er på kino for første gong, synest eg at ho faktisk får mykje av den same opplevinga som eg får umiddelbart av boka:

«Snart var salen full, og endeleg starta filmen. Og den mørke skogen kom liksom imot meg. Den mørke skogen der lyset stakk ned mellom trea, som rolege strekar av lyn. Og der kom dei ridande. Røvarane. Dei kom ridande på kvar sin hest, og til slutt kom dei til borga. Eg såg på tante, og ho stira rett fram, som om ho ikkje ensa meg. Og så blei Ronja fødd. Og lynet splitta borga i to. Eg skvatt, og merka at tante gjorde det same.»

brynjulf anna-julia granbergTid og rom for lesaren
Tjønn har gitt romanen ei nokså rein ramme. Boka opnar i eit no der Vibeke er vaksen og bur på ein psykiatrisk institusjon. Der er vi berre ein kort augneblink, før vi reiser tilbake til Vibeke sin oppvekst med faren sin og der vi blir verande fram til heilt mot slutten av romanen.

Eg likar at vi får dette lange tilbakeblikket i staden for at vi hoppar fram og tilbake i tid. Det gir rom for å forstå kor Vibeke kjem frå og vi blir nysgjerrige på kva som skjer med henne etter kvart som ho veks opp og kva som er historia bak hennar eige dotter. Fint er det òg at det tar lang tid før vi møter andre menneske og miljø enn Vibeke, faren og skogen, vi held oss lenge til det aller næraste.

Tjønns roman er ført i eit radikalt nynorsk med bruk av ord som «noen» og «nå». Prosaen er òg tidvis noko utradisjonell i tillegg til dette grammatiske i det at den ofte minner om poesi. Dette handlar om måten forfattaren overraskar oss med biletbruken, som for eksempel her, der han brukar vatn som eit gjentakande element:

«Eg gjekk rundt hjørnet og gøymde meg bak den gamle traktoren. Ved brønnen stod tante Liv Annette naken. Ved føtene hadde ho eit kar med vatn, som ho auste over seg med ei kanne. […] Så eg gjorde meg så lita eg kunne, til eg var ei lita jente, og kravla under traktoren, la meg på magen, og såg føtene til tante trakke forbi meg mens eg heldt pusten, som om eg låg under vatn.»

Sårt og mjukt
Det er mykje ubehag i teksten, nokre gongar så mykje at det er vanskeleg å lese: «Eg reiste meg opp på kne og krabba bort til henne og sa at du treng ikkje å gråte, Hildegunn, og ho stod der, og eg såg at det einaste ho ville i heile verda, var at eg skulle halde rundt henne, men eg klarte det ikkje, eg klarte ikkje å halde rundt henne.» Boka minner meg ofte om Carl Frode Tiller si knallsterke debutbok, Skråninga, som òg handlar om omsorgssvikt og psykiatri. Men der Skråninga er rå og hard er Alt det lyse og alt det mørke heller sår og mjuk.

Vibeke sin far spelar ei nesten unaturleg stor rolle i livet hennar, kjærleiken til han overskyggar nesten alt. Faren er skildra som ein mann med små hender. Og Hildegunn, dottera, er skildra som eit veldig snilt barn. Desse orda, «små» og «snill», slår meg skikkeleg hardt i magen. At to så enkle ord kan vere så verknadsfulle er meg nesten ei gåte.

Det kitlar i magen når eg tenker på boka, ei slik rastløyse som vil rope: «Gi mannen ein pris!». Det ville iallfall eg ha gjort om eg kunne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.