Søk Meny Lukk
Lukk
Vaffelhjarte
Av: Katrine Judit Urke Tema 11. september 2013

«Kanskje slutter vi aldri å være barn, vi blir bare voksne i tillegg.»

Forfattar Lina Undrum Mariussen skriv i ein artikkel i fagbladet Bok og bibliotek om korleis barnelitteraturen kan vere viktig også for vaksne. Eg nikka iherdig gjennom heile artikkelen, for eg var nettopp ferdig med ei av dei betre leseopplevingane eg har hatt: Maria Parr si debutbok Vaffelhjarte.

«God barnelitteratur bringer oss nærmere de umiddelbare følelsene i oss, og lar oss le. Lar oss gråte. Lar oss undre oss.»
Vaffelhjarte imponerer meg stort. Eg forstår ikkje korleis det er mogeleg å skrive seg så inn i korleis barn tenker og føler når ein ikkje er barn sjølv. Kan hende verkar boka ekstra truverdig fordi forfattaren er frå Sunnmøre, som eg sjølv. Bygda i boka er fiktiv, men ferga og vêret og havet vekker nostalgien i meg. Eg blei så oppslukt og rørt at eg ofte ikkje klarte å lese fordi tåra i auga var i vegen.

 «Det forventes ikke at man interesserer seg for barnets perspektiv og kultur med mindre man sjøl sitter oppi småbarnsgryta og ser verden sammen med barna på daglig basis.».
Medan og etter at eg las boka, spurte eg meg sjølv om kvifor eg ikkje les barnelitteratur oftare. Eg veit jo korleis god barnelitteratur kan verke på meg, kor varm og roleg og takksam eg ofte blir, men kanskje er det ikkje så lett å innrømme det. Eg har vorte mykje meir oppteken av å komme meg gjennom flest mogeleg vaksenbøker enn å lese bøker som er skrivne for barn. Mariussen skriv at det hender ofte at kulturpersonar fnyser av barnelitteraturen, og at barnelitteraturen framleis blir sett på som noko nyttig heller enn kunst. Eg tenker at all god litteratur eigentleg er begge deler.

«I ei tid da voksne blar opp tusenlapper og reiser på yogaretreat på fjellet for å lære å puste på nytt, kan livets enkle gleder sett fra froske- og barneperspektiv være en billigere og enklere vei til bedring og carpe diem-mentalitet.»
Opplevinga av å lese Vaffelhjarte har ført til at eg skjøner kor viktig det er å hugse at «Det finnes barnebøker som går rett i hjertet og gjør noe med deg. Bøker man ikke blir ferdig med. Barnebøker man har glede av å oppdage i voksen alder. Som man kanskje blir overrasket over å oppdage at man trenger. For sin egen del.»

Artikkelen til Lina Undrum Mariussen kan lesast i biblioteket i Bok og bibliotek, nr. 4 2012 s. 44-47 eller her. Vaffelhjarte står også i biblioteket og ventar på neste heldige lesar. Den NRK-produserte tv-serien basert på boka anbefalast også varmt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.