Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Stian Bjørnsson Hope Anmeldelser 20. mai 2015

Intervju, slippfest og konsert med Karl Seglem

KarlSeglem_0814

 

Karl Seglem er ute med nytt album i disse dager, Waves, hans 29. albumutgivelse så langt. Han debuterte på plate i 1988 med Poems for Trio, og har siden gitt ut 1-2 album i året. I tillegg er han forfatter, produsent og labelboss for det selvetablerte plateselskapet NOR-CD.

Det er lett å klistre merkelapper som innovativ og visjonær på Seglem, og selv om det kanskje høres litt pompøst ut for enkelte, er det en passende beskrivelse. Han er viden kjent for å kombinere jazz og folkemusikk i uttrykket, og opphever elegant det tradisjonelle bildet man har av jazzmusikk. Seglem sier selv han spiller verdensjazz.

«Waves« fikk glitrende omtale i Dagsavisen tidligere i år av jazzkritiker Roald Helgheim, og har vakt internasjonal oppmerksomhet. Foruten Seglems briljante traktering av saksofon og bukkehorn, finner du sveitsiske Christoph Stiefel på preparert piano, Jullie Hjetland Jensen, stemme, loops, Sigurd Hole, bass og Kåre Opheim på trommer, perk.

Torsdag 28. mai blir det slippfest og eksklusiv konsert på Deichmanske Hovedbibliotek, den eneste i Norge før han legger ut på en liten Europaturne. I mellomtiden kan du lese et intervju vi nylig gjorde med Seglem, og sett gjerne på den siste skiva hans, da blir det god stemning i heimen.

 

 

Jazzmusikk er ofte preget av mye improvisasjon, noe du har drevet en del med, men i hvor stor grad er det tilfelle på «Waves«?

– Svært mange av låtane er improvisasjonar. Skapt i studio der og då. I tillegg ville vi ha med eindel komponert materiale for å skapa eit variert og heilskapleg album. Nokre av mine komposisjonar (også ein med eit dikt frå mi debut poesi samling Stilla er ein åker), nokre av Christoph sine og ein av Jullie.

 

Ser at det de fleste låtene er laget i samarbeid med de andre musikerne på plata, spesielt Stiefel og Hjetland Jensen har bidratt mye, hvordan fungerte det?

– Bandet har to likeverdige leiarar i meg og Christoph. Noko som er nytt for oss begge, sidan vi leiar våre eigne band – ulike konstellasjonar. Vårt samarbeid oppleves som fruktbart og bra for framdrifta av bandet – og ikkje minst musikalsk. Sjølv om vi kvar for oss jobbar med svært ulik musikk, tilfører vi kvarandre noko i samspel med dei andre. Motpolar kan ofte skapa sterk samklang.

 

Christoph Stiefel og du er av samme årgang (f. 1961), men ellers har du har med deg en del yngre musikere på plata, (både Julie Hjetland Jensen og Sigurd Hole er født i 1981) merker du en forskjell på din generasjon og de andre i forhold til hvordan man tilnærmer seg musikken?

– For meg har det vore svært inspirerande å jobba med yngre musikarar som t.d. Eple Trio, som eg inviterte til kvartettspel i 2008, og også «ungdomen» i dette bandet. Eg er igang med komponering av album nummer tre med kvartetten. Tilnærminga er på mange måtar lik slik eg opplever det, og det viktigaste er kanskje at eg som den eldste klarar å formidle og bevare kraft, leikenheit og skaparglede, som eg meinar må vera det sentrale, det viktigaste, i framføring av musikk uansett sjanger.

 

seglemstiefelgroup

 

I 1991 startet du ditt eget plateselskap NORCD, var det rein idealisme i forhold til å formidle den såkalte smale musikken?

– Det var og er idealisme. Og fordi ingen svarte på mine mange utsendingar av min første ferdige mastertape. Mange idag forstår ikkje kva ordet idealisme inneber eller at det går an å driva eit plateselskap på den måten små eller mellomstore bokforlag driv. Eg har alltid tenkt at det NORCD gjev ut har verdi i eit lengre perspektiv. Altså at den gode musikken ikkje går ut på dato. NORCD har passert 160 utgjevingar/kataloglinjer. Det er eg svært stolt over. Eg kan til dømes spela Veslefrekk frå 1994 eller Elin Rosseland frå 2007 og høyra at det held. Eg lever av konserteringa og komponeringa og har aldri teke ut særs midlar frå NORCD. Verken løn eller royalty. Det har gått inn i drifta. Neste år er selskapet 25 år. Så får vi sjå om det blir eldre enn det…

 

Innenfor norsk jazzmusikk er vel du den artisten som i størst mulig grad har tatt opp arven etter Jan Garbarek med å integrere elementer fra folkemusikken, og du kaller ofte musikken din for “verdensjazz”, men hva ligger ditt hjerte nærmest, folkemusikk eller jazzmusikk?

– Dei er omtrent likeverdige i mitt hjarte, og når eg tenkjer meg om høyrer eg kanskje bittelitt meir på jazz enn folkemusikk, iallfall no for tida. Det går i bølgjer og er også avhengig av kva eg til einkvar tid jobbar med gjennom NORCD og mine eigne prosjekt som musikar og komponist. Ellers er det litt ein myte at Garbarek har jobba mykje med norsk folkemusikk (meinar eg), men til liks med han er mitt spel basert på skalaer og modal-tenking heller enn akkordprogresjonar. Eg er den einaste musikaren i verden som har jobba så lenge med hardingfela og klangen av den i eit band med elektriske instrument, og i samklang med tenorsax/bukkehorn. Den reisen er eventyrleg og har framleis utviklingspotensial. Eit tilbakeblikk blir utgjeve haust 2015: «Albumet WorldJazz«.

 

Hva fikk deg til å plukke opp bukkehornet?

– Tilfeldig. Eg fekk det etter ein konsert med fri impro duoen Isglem tidleg på 90-talet. I starten var eg ikkje så interessert, men etter nokre ord begynte eg å bli nysgjerrig, fekk omgjort råhornet til eit instrument og begynte å komponere musikk der eg brukte det. Eg er såvidt begynt, og tungehornet (bukkehorn med flis) fasinerer meg veldig for tida. Til hausten kjem mitt trettiande album og mitt første solo bukkhornalbum! Dette i samband med feiringa av mine 30 år som frilansmusikar. Her har eg invitert 8 andre komponistar til å arrangere ulike innspelte bukkehorn-soloar. Låtane som kom tilbake er fantastiske! Eg gler meg til å presentere «Lærad (The Tree)« som er namnet på albumet. Det er eit av tre album eg gjev ut samme dag – til hausten.

 

 

waves

 

I hvilken grad tenker du at «Waves« skiller seg fra dine øvrige prosjekter?

– Utgjevinga «Waves« er eit meir kollektivt prosjekt. Og det at alle bur ulike stader (kun Sigurd og eg i Oslo) krev meir langsiktig planlegging og periode – prosjektjobbing. Det har også eit tydeleg akustisk hjarte der vi nok kjem til å dyrka fram nye klangar gjennom fri impro og komponert materiale. Vi skal også jobba med konserten Monsterjazz, som var tingingsverk til Moldefestivalen ifjor og som kort fortald er ein konsert for store og små barn der tegnaren/illustratøren Gunvor Rasmussen er med.

 

I tillegg til å være musiker er du også forfatter, og har foreløpig gitt ut to diktsamlinger, er det noe du ønsker å gjøre mer av?

– Ja. Eg skriv. Har ei von om å få den tredje levert tidleg i 2016 og utgjeving haust 2016. Har også skrive fire historiar i Skald forlag sine antologiar for barn. Den siste boka i serien blir lansert neste år og heiter Fantasiboka. Gnomen Opus er med!

 

Hvordan var det å samarbeide med Jon Fosse? (Seglem og Fosse ga ut «Prosa» (1996) og «Dikt« (2006). Frister det med gjentakelse?

– Vi har ein ståande avtale om å gjera innspeling nummer tre: Drama. Jon har allereie valgt ut eindel tekstar frå sine skodespel som han skal lesa. Draumen er å få gjort eit opptak av han i Grotten i løpet av det næraste året, og så jobba vidare med musikken i studio. Det er jo flott å tenka på at om vi får til det er utgjevingsraten 1996, 2006 2016. Vi hadde eit fint samarbeid i åra frå 1996 og fram til midten av 2000-talet, og eg er stor fan av Fosse sine dikt og nokre av romanane. Og han les sine ting svært fint og eigenarta. Vi gjorde ein god del konsertar på 90-talet.

 

Du har vært nominert til Spellemannprisen fire ganger uten og fått den, senest i fjor for albumet “Som Spor”, noe du reagerte kraftig på og kalte prisen i kategorien «jazz» for både “umoderne, gammeldags og konservativ”. Hva tenker du om det nå?

– Journalisten spissa uttalingane mine eindel (eg måtte berre blåsa ut litt!). Men eg har i alle år meint at utdelingane i jazzkategorien har framstått som konservative i den forstand at det oftast er nord-amerikansk influert jazzmusikk som vert prisa. Dette er uforståeleg i lys av den enorme spennvidden vi har i norsk jazz. At ein tilfeldig samansett fagjury som aldri møtes men set poengsummar ned på eit papir som så blir summert – i fleire rundar – før ein kårar ein vinnar (som heller ikkje fagjuryen veit kven er) er mildt sagt ei merkeleg form for juryarbeid. Særleg nyskapande og framtidsretta resultat blir det iallfall ikkje.

 

Det nærmer seg 30 år siden du debuterte på plate, og mye har endret seg i platebransjen på de årene, salg av fysisk materiale stuper og artister får minimalt betalt gjennom strømmetjenester som Spotify og Wimp. Hva synes du om denne utviklingen?

– Vi sov i timen når det gjeld å gje frå oss rettane, eller solgte oss for billeg blenda av ny teknologi? Men i eit større perspektiv er CD-salget framleis stort. Sjå på Tyskland til dømes. Dei har ein heilt annan kultur der respekten for det å vera kunstnar har stor aksept blant mange lag i samfunnet.. Mantra: Norge er ingen kulturnasjonen. Respekten for det å skapa, vera skapande og leva av det, er mildt sagt minimal i dette landet. Det blir ikkje verdsatt særs. Det å jobba med eit kunstnarskap over tid – utan å måla det i pengar. (Då hadde folk utan å nøla betalt 500 kr. i månaden for eit Wimp-abonnement). Eg har tru på at fysisk format i musikk vil overleva. Berre sjå på boka som medium. Eg trøystar meg ofte med det – og held fram med å komponere, spela, improvisere, – og gje ut nye fonogram på NORCD.

 

seglem

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *