Søk Meny Lukk
Lukk
Av: larsjunge Intervjuer 15. mai 2016

Min platesamling: Frode Grytten

Min platesamling: Denne gangen er turen kommet til odding/forfatter Frode Grytten.
Av: Lars Junge / Foto: Foto: Paal Audestad

1. Hva er den pinligste platen i samlingen din – som du har kjøpt selv, og ikke fått i gave?

– Akkurat det med pinlige plater er vel eit tilbakelagt landskap, at visse plater og visse artistar skulle signalisere dårlig smak og derfor må klassifiserast som pinlige. No finst det sikkert dei som synest det er pinlig at eg har så mange Håkan Hellström-plater i samlinga. Eg er heilt motstandslaus når det gjeld Håkan Hellström, han går rett inn, eg greier ikkje å stå imot (sjølv om siste EP-en var i slappaste laget). Men den der konsertplata frå Ullevi, då han til dømes syng den enkle og veike ”Nu kan du få mig så lätt”, og publikum bare overtar heile songen på slutten, 75000 står der og skrålar, eg blir mo i knea kvar gong eg hører det. Ein kan ikkje argumentere mot noko slikt, ein song med slik kraft i sitt møte med publikum.

2. Hva var ditt første «kognitive» platekjøp?

– Det var Elton Johns Goodbye Yellow Brick Road, hausten 1973. Far min hadde kjøpt ein platespelar som såg ut som ein liten koffert. Når ein opna kofferten, var det spelar og to høgttalarar inni. Han kjøpte to plater til seg sjølv og mor mi, det var ei med James Last og ei med Herb Albert. Og så fikk eg og bror min kjøpe kvar si. Då blei det Elton John på meg. Det er ei plate som har stått seg godt. Eg spelte ho for ikkje så lenge sidan.

3. Hvilken plate var den første som du fikk et seriøst forhold til, som åpnet opp din musikkinteresse for alvor, og som gjorde at du ble så interessert i musikk at det ble en levevei, en livsstil?

– Då må eg seie dei tre første albuma til Roxy Music: Roxy Music, For Your Pleasure og Stranded. Eg kjøpte vel eigentlig Stranded først, eller eg hugsar ikkje heilt, men eg måtte bestille dei frå Newcastle, fikk dei i posten, måtte hente dei nede på tollkontoret på kaia i Odda. Eg hugsar lyden av noko som ikkje fanst der før dei platene kom i hus, denne merkelige framtoninga til bandet, det androgyne kombinert med ein moteestetikk og fascinasjon for det feminine og desse modellane som var gjort til coverstjerner, den vakre overflata og det mørke interiøret, noko skummelt som fanst i både musikken og tekstane til Bryan Ferry. Eg hørte dette, og då var det eigentlig gjort.

4. Hvilken plate vil du si er din nøkkelplate – din hjørnestein – i samlingen din?

Kanskje London Calling med The Clash? Det er ei strålande plate, eit meisterverk der dei greier å ta inn all musikken dei har hørt på, songane som dei elskar, rytmen som dei er lagd av, ska, reggae, soul, gospel, pop, rock, og så clashifiserer dei alt saman, gjør alt til sitt eige. Det er ei sint og dyster plate på mange vis, men ho er også breiddfull av livsglede og overskot.

5. Har du noen komplette discografier? Altså alle (offisielle) utgivelsene til en enkelt artist.

– Eg har alltid tenkt at eg ikkje er ein samlar. Min gamle redaktør i Samlaget, den fine Sverre Tusvik, er ein samlartype, han samlar på alt mulig, og dette har både mora og uroa meg. Er det mulig å halde på med desse samlingsgreiene og likevel vere eit velfungerande menneske? Så når folk har spurt, har eg sagt at den einaste artisten eg har samla alt av, er David Sylvian. Der er eg heilt ute, det ser eg, men når eg no får dette direkte spørsmålet, så ser eg i samlinga at eg også har alle platene til følgande artistar: Björk, Joni Mitchell, Leonard Cohen, Lloyd Cole, Tindersticks, The Clash, PJ Harvey, Talking Heads, The Blue Nile, David Bowie, The National, Dexys, Fennesz, Sakamoto, Tom Waits, The Smiths, Morrissey. Eg hadde også på eit tidspunkt alle platene til Bruce Springsteen (pluss ei heil bod med bootlegplater frå syttitals-Bruce), men eg kasta Human Touch og Lucky Town ut frå Puddefjordsbrua som protest mot den slette musikalske kvaliteten.

6. Hvordan er platesamlingen din oppstilt? Alfabetisk/sjanger/kaos? Har du alt i stua, eller er noe forvist til dødens forkammer AKA loftet/kjelleren?

– Siste flytting øydela mykje av Ordning & Reda. No er musikken kasta ut i eit stort og forvirrande og evigvarandre kaos. Eg veit ikkje kor mykje tid eg eigentlig har brukt på å stå der og leite etter bestemte plater. Det er eit visst system, men det er litt NAV-aktig, det funkar bare sånn passe. Bare dei platene eg spelar mest til ei kvar tid, står oppe i stua. Cd-ane står i gangen, vinylen er inne i kjellarboda. Men det er lett tilgang, og eg registrerer at vinylsamlinga er skrumpa kraftig inn, to musikkinteresserte sonar har forsynt seg grovt. Det er vel eigentlig den finaste arven ein kan gi dei.

7. Russerne kommer, og du må rive med deg tre plater i farten. Hvilke? Eller, hvilke tre plater har du liggende klar i armageddon-bagen din?

Van Morrison: Into The Music
Eg blir aldri ferdig med den plata, alt Morrison gjorde på syttitalet var fabelaktig, mesteparten på åttitalet også, då var det over, men her er han på sitt beste, synest eg, med ein ekstatisk stil og ein type kvit soul som skulle opne opp for artistar som Waterboys og Dexys. Side to på denne plata må vere ei av dei sterkaste i musikkhistoria.

Marvin Gaye: What’s Going On
Eg veit, eg veit, ei skikkelig politisk korrekt plate, men ho er så jævlig bra, og aldri skal skal eg gå lei, aldri skal eg gå lei desse songane om krig, dop, miljøvern, svartes kamp. Eit vakkert rop om empati.

David Bowie: Blackstar
Eg elskar den plata, det var godt at Bowie gikk ut med ære, med eit meisterlig plate, og ikkje med til dømes eit av dei medium steikte albuma han lagde litt for lenge. For ein mann, for ei plate.

8. Hvilket lydformat er ditt foretrukne i dag? Strømming, vinyl, CD.

– Eg strømmer når eg jobbar eller når eg skal lytte til ny musikk som eg vurderer å kjøpe (har eg lytta på ei plate fem gongar eller meir, så må eg kjøpe ho, det er ein regel eg meiner er fair mot ein artist). Eg hører på cd-ar i bilen, når bilen funkar og cd-spelaren i bilen funkar, og eg sjølv funkar. Vinyl på kvelden om eg skal lytte skikkelig.

9. Er det en plate du blir spesielt melankolsk av, som minner deg om en spesifikk periode i livet ditt?

– Ja, heile katalogen til David Sylvian gjør meg melankolsk. Sjølvsagt er det røysta hans, songane som har dette i seg, men eg kan konkret tidfeste viktige og heilt uviktige augneblinkar i eige liv då eg hørte på den musikken. Eg har kvitta meg med mykje av den kjensla, også med Sylvian, men no og då kjem han krypande tilbake, som ein blå hund.

10. Hvilke låter hater du? (Prøv å begrense til topp tre, dersom mulig)

– Bruce Springsteen: ”American Beauty”

Eit av livets store mysterium: Korleis kunne mannen som lagde ”Jungleland”, ”New York City Serenade” og ”Racing In The Street”, lage noko drit som dette her? Det er rett og slett ingenting positivt å seie om denne songen.

Jonas Blue: ”Fast Car”
Dette kan vel ikkje vere lov? Tracey Chapman sin original er nydelig, og her kjem altså ein engelsk kjekkas med blått hår og valdtar han i full offentligheit, med eit dustearrangement og prematur Idol-røyst. Jonas Blue må gå rett i fengsel.

Maroon 5: ”Moves Like Jagger”
Sorry, det finst ikkje ei einaste move som liknar Jagger her, verken på det eine eller andre viset. Eg har også hørt (og sett) songen bli framført av nordmenn. Eg kan ikkje seie så mykje om det, men eg skulle ønske at eg ikkje hadde sett det.

11. Hvilke plater er du ferdig med, og kan aldri sette på igjen? (Ihjelspilt).

– Jokke & Valentinerne. Eg spelte dei platene til døde. Eg likte dei så godt. Så tok den eldste sonen min til å spele dei, og når han var gjennom sin Jokke-periode, tok den yngste sonen min til med det same. Alt eg hørte inne frå guterommet var Jokke, Jokke, Jokke. Eg elskar dei platene, men eg veit ikkje om eg maktar å høre meir på dei.

12. Om du måtte velge et (musikalsk) tiår, hvilket?

– Nesten alt frå sekstitalet, unntatt James Brown, høyrest ut som den same songen sunge av det same bandet. Sorry. Åttitalet elskar eg, men det var mykje rart, det må seiast. Nittitalet mista eg, sikkert av personlige grunnar, for mykje rot i eige liv. 2000-talet hekta eg meg på igjen, men eg er sikkert blitt for gammal og grinete. Då får det bli syttitalet, det er då rocken og popen eksploderer i noko vilt og vakkert.

13. Hvem er verdens mest oppskrytte/ og undervurderte band- og hvorfor?

– Verdas mest oppskrytte band er U2, det er jo alle einige om, sjølv Bono er einig i det. (Dei tre første platene var gode, då). Norges mest oppskrytte band er Highasakite, det er jo alle heilt einige om, sjølv Higasakite er einige i det. (Statoil-Indie for dummies). Det finst elles ingen undervurderte band i 2016. Straks du har eit band i dag, er det bandet så oppvurdert av dei som driv og vurderer, at du ikkje på noko som helst fornuftig vis kan kalle bandet undervurdert.

14. Er det noen band du har hatt anledning til å se live, men droppet, for så å angre etter at de ble oppløst? Altså hvilke konserter har du gått glipp av som du hadde anledning til å se.

– Eg var på god veg til Gøteborg for å sjå David Bowie på Serious Moonlight-turneen, men plutselig kollapsa infrastrukturen rundt meg, ingen andre ville vere med, og eg hadde ikkje bil på den tida, så eg kom meg aldri avgarde. Faen, kan eg framleis tenke no og då.

15. Setter du på en viss type musikk for å komme i humør, eller setter du på musikk etter det humøret du er i?

– Skal eg vere heilt ærlig, så veit eg ikkje. Trur det er mest det siste. Eg kan velje plater eller songar som eg bare må slå av etter kort tid, fordi dei ikkje stemmer med eige humør, spriket blir for stort, så eg går nok mest for songar som er i same fylket som eg er i den dagen.

16. Er det en anerkjent plate, et “mesterverk”, som ikke imponerer deg, eller som du aldri helt har sett det geniale ved?

– Eg strevde med Morrisons Astral Weeks eit par år, fordi eg liker så godt dei platene der han kjem ut av seg sjølv og blir til ein pulserande soulmann, så dette introverte og tankestrømmande skremte meg litt, men no er eg for lengst innanfor. Eit meisterverk, ja. Så eg får seie Jeff Buckleys Grace. Det er vel ei ok plate, men meisterverk??? Aaa, komanigjen, det er det IKKJE. (pause). Nei, det er ikkje det.

17. Er det en plate du har hatt på blokka i mange år, men som du ikke har fått tak i ennå?

– Eg hadde eit Beatles-prosjekt gåande for eit par år sidan, dei er litt øydelagt for meg, på grunn av alt surret rundt. Så eg sette meg ned og hørte gjennom alle platene på ordentlig vis. Det var fint. Kanskje skal eg gjøre det same med Stones?

18. Hva er den mest verdifulle platen du eier/hva er det meste du har betalt for en plate?

– Eg har ei originalutgåve av Roxy Music sin aller første singel (”Virginia Plain”), eg trudde lenge at den plata var verdt tusenvis av kroner, men så sjekka eg det på Amazon, og eg kjem neppe til å bli rik. Så, nei, eg har ingen formue i kjellaren. David Sylvians Weatherbox er sikkert det objektet i samlinga mi som er mest verdefullt, i blanke kroner. Eg hugsar at vi hadde dårlig råd då eg kjøpte den boksen, og eg måtte ta det opp i familieråd, eg er glad eg kjøpte han.

19. Hva setter du på søndag formiddag?

– Sonen klagde ei stund på at han alltid hørte røysta til Tracey Thorn oppe frå stova når han ville sove litt utpå ein søndag føremiddag. Det gikk i Everything But The Girl og soloplatene til Thorn. Eg synest ikkje synd på han ett sekund. Den røysta må jo vere heilt vedunderlig å vakne til.

20. Hvilken plate kjøpte du sist, og hvilken er den neste du har på blokka?

– Eg kjøpte vinylutgåva av Lars Vaular sitt 2015-prosjekt, Alt Gir Mening. Helledussen for eit bra album. Det var heilt nydelig å høre songane samla på slikt vis. Alt ga meining. Eg har også kjøpt PJ Harvey si siste, men ikkje fått lytta skikkelig. Neste kjøp blir nok Susanna Wallumrød si nye plate.

21. Hvor ofte oppgraderer du HIFI-komponenter eller hodetelefoner?
– Ingen oppgradering her i huset. Eg vann ein litteraturpris ein gong og fikk litt for mykje pengar, følte eg. Så eg brukte alle pengane på eit ordentlig anlegg, noko som eg utrulig nok ikkje hadde hatt fram til då. Hovudtelefonar kjøper eg etter behov, eller når ungane har øydelagt dei (og det er litt for ofte).

22. Leser du musikkblader/magasin? Hvilke? Leser du dem slavisk, eller etter feature? Hvilke musikknettsider er inne i den faste rutinen din?

– Eg les nesten alltid Uncut. Og Mojo leser eg alt etter kva saker dei har mekka. Eg les Pitchfork om morgonen før eg tar til å skrive. Eg les også Stereogum og Boomkat og norske Popkroken. Eg saknar svenske Pop og amerikanske Paste. Dei blei vel tatt av lavina.

 

Her kan du søke etter og låne musikk, noter, tegneserier og bøker i Deichmans katalog

 

Les også:

Min platesamling: Bård Torgersen

Min platesamling: Asbjørn Slettemark

Min platesamling: Tore Renberg

5 kommentarer til “Min platesamling: Frode Grytten”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.

Bli med blant 64 andre abonnenter