Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Victor Josefsen Intervjuer 11. august 2020

Erlend Apneseth: Improviserte fragmenter i folkedrakt

– Tittelen er henta frå Tor Ulvens bok «Gravgaver : fragmentarium» frå 1988. Eg er i grunn inspirert av heile forfatterskapen hans, særleg korleis han forholder seg til tida, forgjengeligheten i alle ting. Det er noko av dette eg prøver å få til med blant anna med å inkludere arkivopptak i musikken – eg strekker meg etter eit uttrykk som kan fange både notid, fortid og framtid på ein måte, eller berre tid, kva det no enn er, forklarer fiolinist og bandleder Erlend Apneseth om den særegne plata «Fragmentarium».

Tekst: Jan-Olav Glette / Foto: Olivier Hoffschir (front), Oddleiv Apneseth, Ruben Olsen Lærk

Erlend Apneseth Apneseth er en av landets mest anerkjente folkemusikere og har også et sterkt navn innenfor jazzmiljøene både i inn- og utland etter å ha vunnet en rekke priser og å ha gitt ut tre album med sin trio, og i år kom den fjerde plata under eget navn på Hubro; bestillingsverket til Kongsberg Jazzfestival i 2019. Albumet «Fragmentarium» er rotfestet i norsk folketradisjon, men kikker ut mot verden og samtiden med elementer av både keltisk og østlig tradisjonsmusikk, samples fra Folkemusikkarkivet og elektronisk gnikking om hverandre eller samtidig. Den er åpen og rik på stemninger og ikke enkel å kategorisere. Melankolsk, vemodig, sorgfull, drømmende, tidløs, mystisk og forførende. Vi lar mannen bak det personlige og egenstående verket forklare oss litt mer om det musikalske universet på plata fra i vinter som følger opp Spellemannsprisen han fikk med trioen og Frode Hatli for «Salika Molika».

Hva er ditt forhold til hardingfela og hva det var som fikk deg til å bli så glad i dette instrumentet?

Eg begynte å spele som 10-åring, først på ei lita vanleg fele vi hadde liggande heime, og så på hardingfele eit par år seinare. Perioden frå eg var 12-14 år skjedde det mykje; eg blei ein del av eit miljø, reiste rundt på kappleikar og begynte å opptre. Det løsna noko musikalsk og eg fekk kick av å spele både for andre og meg sjølv, planka musikk frå plater og styra på. Kva eg skulle drive med i livet har egentlig vore tydeleg for meg sidan då. Kva det er med instrumentet er vanskeleg å seie, men det er jo ein veldig egenart i sjølve lyden som er veldig tiltalande. I starten var det noko med temperamentet og det direkte i slåttespelet som tiltalte meg. Eg høyrte stort sett på metal ellers i den perioden og syns ikkje vegen til slåttespelet var lang derifrå. Seinare oppdaga eg dei meir meditative og poetiske sidene ved denne musikken.

Har du noen favoritt fiolin, fele, hardingfele og hvilke benytter du deg av både på Fragmentarium» og når du vanligvis turnerer?

Eg har tre stykker som eg vanligvis turnerer med, to som er laga for meg som er litt meir moderne i utforming, og ei meir tradisjonell. Desse brukar eg jamnt heile tida. Så disponerer eg ei kanonfele frå Dextra Musica som er eit konsertinstrument for meir kammermusikalske settingar.

Erlend Apneseth. Foto: Ruben Olsen Lærk

Hvor viktig er det å ha riktig fele? Hva og i hvor stor grad bidrar selve instrumentet til musikkens uttrykk og sjel?

Å finne rette feler er ein stor inspirasjon. Feler er som folk, kvar har sin sjel og sin måte å funke på som ein må finne ut av. For meg har det vore viktig å utforske alle delar av instrumentet uten å være redd for å herje litt med det – ein kan jo fort bli litt tilbakeholden av dyre akustiske instrument – så eg har to stykker som er litt meir bygd for slikt.

Kan du fortelle om musikerne som du har valgt å ta med deg inn i studio denne gangen; hva er deres musikalske styrke og hva de har bidratt med til plata?

Om eg skulle ha beskrive alle sine musikalske styrker hadde det blitt ei avhandling: dei er fantastiske alle sammen. Fellesnevnar er at dei har eit veldig leikent og konstruktivt forhold til musikk kombinert med eit skyhøgt utøvarnivå. I tillegg har dei veldig tydelege musikalske personlegdomar, det er alltid eit poeng for meg – eg skriv for musikarar og ikkje tradisjonelle besetningar i den forstand. For å sei noko konkret så kombinerer Anja (Anja Lauvdal, journ.anm.) og Stein (Stein Urheim, journ.anm.) det akustiske med det elektroniske på ein måte som åpnar svært mange musikalske moglegheiter, manipulasjon av lydar, bruk av arkivopptak osv, og dei pakkar det inn i ein veldig kul estetikk. Fredrik (Fredrik Dietrichson, journ.anm.) og Ida (Ida Løvli Hidle, journ.anm.) har ein meir akustisk utforsking av instrumentene sine og brukar heile spekteret på denne plata, frå langt nede i bassmørkret til dei lysaste flageolett-aktige tonane på trekkspelet. Med Hans (Hans Hulbækmo, journ.anm.) blir det alltid noko nytt, han spelar utifrå seg sjølv der og då, det er veldig inspirerande. Med han er det jo også alltid ein veldig bredde i lydbildet – her er både munnharpe, seljefløyte og gong i tillegg til settet.

Hvordan har dere jobbet sammen? Hva er den største forskjellen på bandkjemien og arbeidsmetodikken her kontra den du har hatt med Erlend Apneseth Trio og tidligere soloprosjekter?

Dei to tydelegaste forskjellane i forhold til trio-arbeidet er at ei større besetning krev ei litt anna tilnærming og at «Fragmentarium» var eit spesifikt bestillingsverk. Det er ein anna dynamikk med det – slike verk har som regel ein begrensa innstuderingsperiode på ei veke eller mindre, så då må det planleggast deretter. Ein må kanskje ha ein tydelegare plan, spesielt om det er folk ein jobbar med for første gong. Trioen er eit meir «jamnt» prosjekt der vi har utforska musikken saman over fleire år.

Hvordan var veien fra Bestillingsverk til Kongsberg Jazzfestival i 2019 til plata «Fragmentarium» og arbeidsforløpet fra du fikk oppdraget til plata ble realisert?

Ja, det var ein ganske effektiv prosess. Eg fekk oppdraget før jul i 2018, og tenkte det kunne være ein bra anledning til å jobbe med nye folk igjen. Etter kvart kom eg fram til det som vart besetninga. Heldigvis kunne og ville alle, og vi møttes for prøver i to omgangar – ei økt på vårparten og ei på sommaren tettare opp mot Kongsbergjazz. Plata vart spelt inn i forbindelse med desse prøvene på Ål. Urpremiera var på Kongsbergjazz i starten av juli, plata blei miksa og sendt i trykken på hausten og sleppet var i slutten av januar i år.

Hvorfor valgte du albumnavnet «Fragmentarium» og hva du ønsker å artikulere gjennom det?

Tittelen er henta frå Tor Ulvens bok «Gravgaver : fragmentarium» frå 1988. Eg er i grunn inspirert av heile forfatterskapen hans, særleg korleis han forholder seg til tida, forgjengeligheten i alle ting. Det er noko av dette eg prøver å få til med blant anna med å inkludere arkivopptak i musikken – eg strekker meg etter eit uttrykk som kan fange både notid, fortid og framtid på ein måte, eller berre tid, kva det no enn er. Hardingfela har jo ein klang av «gamalt» i seg, i alle fall er det ein assosiasjon eg trur mange får, og difor syns eg det er spennande å kombinere den lyden med uttrykk som gjev musikken heilt andre assosiasjonar og retningar.

Noen ord om det flotte omslaget laget av Aslak Gurholt fra Yokoland og hvorfor dere har valgt å bruke akkurat dette?

Far min, Oddleiv Apneseth, er fotograf og har teke alle bildene til utgjevingane mine. Eg syns komboen med hans uttrykk og utforminga til Yokoland har vore heilt strålande.

Her følger noen stikkord jeg vil at du skal drøfte og til slutt si litt om hvordan de eventuelt er relevante/ikke relevante for «Fragmentarium»: Improvisasjon, pizzicato, gangar, folkemusikk, nasjonalromantikk, Folkemusikkarkivet, verdensmusikk/innflytelse utenfra, spoken word, samples.

Nasjonalromantikk har eg vanskeleg for å identifisere meg med. Ellers er vel alt dette representert på plata i ein eller annan form. Improvisasjonen må være der for å åpne musikken og gje plass. Pizzicato-teknikkar har eg forska mykje på og det er også ein del av her. Spoken word og samples frå arkivet er med å på mystifisere uttrykket syns eg, gje det ein annan retning – eg syns ofte det er frigjerande å ha muligheten til å bruke stemme eller ord i musikk som ellers er instrumental. Innflytelsen frå verdensmusikk trur eg er høyrbar hos mange av oss i bandet, kanskje særleg Hans og Stein (Stein brukar t.d. ein fretless bozoki gjennom amp på ein del av låtane). Gangar er ein dans, og folkemusikk er ikkje heilt lett å definere kva er.

Du har vunnet en rekke priser: Grappas debutantpris, Fureprisen, Øivind Berghs minnepris, Folkelarmprisen, Rolf Gammlengs pris i klassen musiker i 2018, NOPAs tekst- og musikkpris for 2018, Spellemannprisen 2019 i åpen klasse etter mange tidligere nominasjoner, også nominert til Nordic Music Prize for årets beste nordiske album. Hva har disse betydd for ditt virke og din utvikling som musiker?

Eg er veldig takknemmeleg for kvar av prisane eg har fått, og dei har vore viktige i den forstand at det har vore ein bekreftelse og ein måte å bli sett på som har gjort meg trygg nok til å ta nye steg vidare. Det er skjørt å gje ut eigne ting og stole på sitt uttrykk – ein treng bekreftelse på vegen i ein eller annan forstand. I tillegg synleggjer det vel at musikken også har ein betydning for andre enn meg sjølv. Det er fint å tenke på.

I tillegg ble du tildelt arbeidsstipend som Årets fylkeskunstner i Buskerud 2019. Hvor viktige er slike arbeidsstipend for å kunne leve av å være en aktiv musiker i Norge i dag og kunne ta seg friheten til å utvikle og odle et eget musikalsk uttrykk? Dessuten har du jo også før fått Musikerstipendet fra Forsberg og Aulies legat, Musikerstipend Sparebanken Vest (2014) og Ingerid, Synnøve og Elias Fegerstens stiftelse for norske komponister og utøvende musikere (2014).

Svært viktige! Aller helst vil vi jo som kunstnarar berre være kreative og dedikere oss 100 % til det kunstnarlege arbeidet, men det er jo dessverre ikkje slik det funkar i det daglege. Stipendene er med på å gje arbeidsro rett og slett, eg har blitt meir effektiv av det og har hatt ein høg frekvens av både innspelingar og nye verk dei siste åra. Med stipend kan eg bruke meir tid på komponere og gjere dei tingene eg har mest lyst til og som drar meg i nye retningar.

Erlend Apneseth . Foto: Oddleiv Apneseth

Du har bodd en del forskjellige steder i Norge og på steder med noen av landets fineste miljø for folkemusikk. Kan du si noe om din tid disse stedene og hva du har lært der og hva det lokale musikklivet og musikktradisjonen på plassen har betydd for egen utvikling som musiker?

Det var eit sterkt miljø i Jølster då eg vaks opp og det var sjølvsagt avgjerande for at eg no driv med dette i det heile tatt. Eg hadde mange å lære av, og mange som tok seg av meg både sosialt og musikalsk. Slike miljøskaparar er alfa og omega. Studiet på Ole Bull Akademiet var meir samlingsbasert og eg kom vel slik sett ikkje i kontakt med miljøet på den måten – derimot er det ein frihet der til å studere med kven du vil i landet, og det var midt i blinken for meg. Eg lærte mykje av Håkon Høgemo der, og fekk også ha timar med Nils Økland, som blei ein veldig viktig impuls for min veg vidare derifrå. Så har eg budd på Ål i snart 6 år no og har det heilt topp her. Til å være ei bygd er det ganske sentralt midt mellom Oslo og Bergen med tanke på turnering hit og dit, og det er eit godt miljø for musikarar og kunstnarar her.

Hvor viktig er dette med fornyelse av folkemusikken for å bevare uttrykket også for fremtidige generasjoner?

Eg veit ikkje om dei tingene nødvendigvis henger sammen – eg trur den tradisjonelle musikken står sterkt nok i seg sjølv til at det uttrykket blir oppsøkt og bevart gjennom tidene. Men eg trur det å bruke instrumentet i nye samanhengar er med å ta vekk unødvendige motsetningar og klisjéar, og eg trur det kan være ein inngangsport for både musikarar og lyttarar som står utanfor det tradisjonelle miljøet for å forstå musikken bedre. Og kanskje vice versa. Det som er viktig for meg er å gjere det som føles kunstnarleg meiningsfullt til ein kvar tid – eg har ikkje tenkt så mykje på det med fornying av ein tradisjon.

Ser du deg selv mest som en jazz- eller folkemusiker? Hva er det som gjør at du føler deg nærmest denne musikktradisjonen?

Identiten som utøvar er som folkemusikar, det er det som er språket mitt. Så er improvisasjonselementet kanskje det som høyrer jazzen til, i alle fall den type friare form. Som komponist veit eg ikkje, det er fortsatt med eit folkemusikalsk utgangspunkt, men eg syns det er vanskeleg å definere meg innafor ein sjanger. Åpen klasse!

Du har valgt å produsere platen sammen med Jørgen Træen og under Andreas Risanger Melands oppsyn. Hvorfor dette valget og hva har preget produksjonen og hva har de tilført til sluttresulatet.

Jørgen har miksa og vore medprodusent på dei tre siste platene mine, og tilfører så mykje kvar gong at det er umogleg å ikkje bruke han oppatt. Han formar mykje i miksen, og estetisk er det eit heilt anna produkt etter han har lagt hendene sine på det. Andreas har også vore med i studio kvar gong og er generelt ein viktig person for meg i mitt musikarliv, han kjem også med musikalske og tekniske innspel i studio og har absolutt vore med å satt sitt preg han også.

Fortell om plateselskapene Hubro og Grappa og hva de har betydd for deg og deres posisjon i det norske musikklivet?

Det som kanskje har vist seg å være mest retningsgjevande i mi karriere var at eg fekk Grappas debutantpris i 2012. At dei høyrte og såg noko i meg på eit så tidleg tidspunkt var heilt utslagsgjevande. Eg fekk gode råd om både studioval, produsentar og heile plateprosessen, og opplevde samtidig å bli tatt 100% på alvor for den eg var kunstnarisk. Det trur eg ikkje er alle forunt. Grappa sin posisjon som det største uavhengige plateselskapet i landet og med ein så fantastisk katalog snakkar for seg sjølv. Hubro har eg fulgt tett sidan oppstarten, det er veldig imponerande kor samlande den labelen har vore for så mange musikarar på berre 10 år – ein kan sette på kva som helst frå den katalogen og være sikra ein stor lytteopplevelse

Til slutt vil jeg at du skal liste fem/ti låter (velg hva du føler for) som har hatt betydning for din utvikling som musiker eller som du har lyttet til underveis når du komponerte eller spilte inn denne plata.

Låtar frå nokre av platene som gjekk på repeat i 2019:

Ørjan Matre – Violin Concerto

Moskus – Bolero Blues

Bjørn Torske – Bryggesjau

Stein Urheim og Mari Kvien Brunvoll – For Now

Kapela Maliszów – Zawisloczek

Building Instrument – Mangelen Min

Trondheim Jazz Orchestra & Ole Morten Vågan – Slob Rock

Frode Haltli – Ein kleines…

 

Erlend Apneseth spiller konserter på  Oslo Jazzfestival 15. og 16. august. Frode Hatli spiller også 15. august. Konserten 16. august fokuserer på albumet. 24. september spiller Erlend Apneseth Trio med Frode Haltli på Nasjonal jazzscene.

 

Her kan du søke etter og låne musikk, bøker, tegneserier og noter i Deichmans katalog

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.

Bli med blant 74 andre abonnenter