Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Victor Josefsen Intervjuer 29. april 2021

Ingvild Flottorp: Ny krystallstemme på Nordicana-scenen

– Hadde i ein del år vore litt anti-country. Tenkte ei stund det var ein sjanger synonymt med rølp, men då søskna mine starta i Ruby Red & the Moonshine Brothers, skjønte eg for alvor at country var ein sjanger eg også var skikkelig glad i. Dessutan var vi jo vokst opp med det, og eg likte det jo då. SÅ var godt å kome tilbake der eg høyrde heime etter mange år med Shania Twain-pause. Ordene tilhører albumaktuelle Ingvild Flottorp, som slapp albumet «It All Seems So Clear» på Vestkyst Records 23. april.

 

Tekst: Jan-Olav Glette / Foto: Bea Valand

«It All Seems So Clear» byr på jordnær, variert americana og country musikk med elementer av FM-pop  (Fleetwood Mac), og folkemusikk og bluegrass med både varhet og musikalsk driv, men det er  den  krystallklare innsmigrende stemmen med krumning som drar deg inn i de ulike historiene  om hverdagssmerte, identitet, hjemlengsel, svik eller å henge med de feile folkene i håp om status eller å være kul. 

Her forteller hun om et støttende  bygdesamfunn på Sørlandet, om å finne tilbake til countryen og inspirasjonen fra country-popdronningen  Shania Twain, Øystein Grenis betydning  for  hennes låtskrivning, en oppvekst  med musikk på alle kanter, det nære vennskapet med Malin Pettersen, som også har vært en musikalsk sparringspartner underveis i karrieren til det unge talentet fra Åmli, og bidrar med en duett på singelkuttet «A Part Of Me». 

 

Når og hvordan oppdaget du musikk og hva var det som gjorde deg så lidenskapelig opptatt av den?

Den har nok alltid vore der. Har ei mor som alltid har spelt og sunge, og ein far som er veldig glad i å høyre på musikk. Så er jo mine to søsken nokre år eldre enn meg, og var var allerie i gang med å spele instrument i gang med å spele instrument då eg vart fødd, så om eg ville spele eit instrument, var aldri eit spøsmål. Det handla om kva eg ville spele. Ein slags frivillig tvang, eg er veldig takksam for at eg kjente på. 

Hvilken musikk var du omgitt av i oppveksten?

Det var mykje forskjellig. I platesamlinga til pappa finner du det meste. Mykje vestkyst, soul, jazz, funk, R&B og anna musikk i den gata, men også mykje forskjellig country. Når eg blei stor skulle eg bli Shania Twain, så det viste vel allerie då kva for veg det skulle gå. 

Når begynte du selv å spille og synge og hva var det som fascinerte med denne måten  å uttrykke seg?

Starta på piano då eg var 6 år, men hadde aldri den pianist-interessa. Det var meir ei generell interesse for musikk, og skjønte fort at det var låter eg skulle skrive. Vi starta eit band i 7. klasse, og nokon måtte jo synge, så det blei meg. Trudde ikkje eg kunne synge, men fekk overraskande gode tilbakemeldingar etter fyrste konsert, og begynte å skjønne at eg hadde veldig sansen for sjølv å kunne uttrykke dei låtene eg hadde skrive. 

Hvorfor  vokal og autoharpe?

Autoharpa så eg fyrste gong då vi hadde bandøving på ein garasje med dette barneskule-bandet. Hugser eg blei fascinert, men tenkte ikkje på det før vi skulle starte eit band på vidaregåande. Då sendte eg melding til ho som eigde den harpa, og lurte på om ho ville låne den bort. Eg endte opp med å kjøpe den, og eg elsker klangen. 

Har du noen favorittharpe, forsterker, mikrofon eller pedal.  Så fall hvilken og hvorfor?

Hvorfor country og americana?

Hadde i ein del år vore litt anti-country. Tenkte ei stund det var ein sjanger synonymt med rølp, men då søskna mine starta i Ruby Red & the Moonshine Brothers, skjønte eg for alvor at country var ein sjanger eg også var skikkelig glad i. Dessutan var vi jo vokst opp med det, og eg likte det jo då. SÅ var godt å kome tilbake der eg høyrde heime etter mange år med Shania Twain-pause. 

Hvordan oppstod interessen for den amerikanske tradisjonsmusikken og hva er det ved den som gjør at den også passer så bra i Distrikts-Norge og i norske byer?

Trur det kan ha mykje med den opne og hjelpsame innstillinga den har. Det er viktig å føre tradisjonane vidare. Vise alle triksa ein har lært til dei som kjem etterpå. Både praktiske oppgåver i livet generelt, men også at musikktradisjonane skal førast vidare. 

Hvor mye har det sørlandske kulturlandskapet og heiene på Åmli satt sitt avtrykk på din musikk og dine tekster og på hvilken måte har det manifestert seg?

Åmli-naturen har et mindre «press» på seg enn det storebrørne i Telemark og Setesdal har. Samtidig skiller det seg ut frå kystlandskapet, og er seg sjølv på si heilt eiga måte. Samtidig trur eg alt henger saman, både natur, menneska som beveger seg i naturen, og dermed også det kunstneriske uttrykket. 

Hvordan har du  funnet frem til din vokalstil?

Ein synger jo med den stemmen ein har, men så plukker ein opp eit tips og triks her og eit der, og utvikler seg heile tida på vegen ein går. 

Har du hatt noen  musikalske eller vokale forbilder eller mentorer underveis. I så fall hvem og hva  har du plukket med deg fra de?

Har fått mentorhjelp av Malin Pettersen og ho har lært meg mykje om bransjen, men også om låtskriving. I tillegg har ho vist meg vokale americana-tips og vist meg mykje fin musikk. 

Fortell om albumomslaget, den valgte stilen og uttrykket hvor det er et foto tatt av Bea Valand og Tiimo Schulze står for artworket, hvem de to er og hvordan det var å jobbe med dem.

Bea er ei eg blei kjent med gjennom OSI volleyball, der vi spelte på same volleyball-lag. Tiimo er ein kamerat av broren min. Dei har klart å fange akkurat det uttrykket eg ville ha. Inspirasjonen til singlane og albumet kom då eg så eit sjal på ein bruktbutikk i Trondheim. Tok det med veka etter til Bea, og vi tok bilder. Så tok eg også med meg sjalet til Tiimo, og han har klart å skape ein sinnsjukt fin heilskap. 

Hvorfor valget av albumtittelen «It All Seem So Clear»?

Det handlar litt om at det ikkje er plass for alle på  stjernehimmelen, men at nokre gonger kan ting sjå like klart ut på bakkenivå. 

Åmli har også fostret andre fremgangsrike musikere som Aslaksen-brødrene Thomas (Pow Pow, Thom Hell, CCTV, Suprastate) og Jonas  (Alaska). Hva er det med stedet Åmli og det lokale musikkmiljøet som inspirerer og eller legger så godt til rette for  musikk?

Det bur ikkje så mange i Åmli. Er ein stor kommune i areal, men berre 1800 innbygjarar, og det er heller ikkje eit veldig stort musikkmiljø, vil eg sei. Men det blir derimot lagt veldig godt til rette dersom nokon har lyst til å drive med noko. Har du lyst til å stelle i stand noko, er det alltid mange som støtter opp. 

Hvordan har du  blitt påvirket av nedstengningen av samfunnet og Covid-19 tiltakene?

Eg har jo ikkje fått spelt stort konsertar, og det har blitt veldig vanskeleg å planlegge framover. Samtidig har eg hatt mykje tid til å skrive meir musikk. Har budd i Åmli sidan litt utpå hausten og arbeidd på ein skule, samtidig som eg har studert. Og eg har fått vore på veldig mange fine turar. Det hadde eg ikkje fått gjort dersom det ikkje hadde vore korona, så har jo kome mykje bra ut av dette året også. Så håper eg folk er endå meir klare for å ta imot nye artistar når ting opner opp igjen!

Kan du til slutt velge  fem låter som har inspirert deg som sanger, fem som musiker og fem som komponist og si litt om hva du har fått ut av disse  låtene.

Fem låter som har inspirert meg som songar:

Conversation- Joni Mitchell, ein blir aldri lei av låtene hennar, fordi ho bruker stemma på ei heilt genial måte for å fortelle ei historie på.


Fine, Fine, Fine – Dori Freeman, ultimat klang og uttrykk på stemma. 

Sweet Forgiveness- Iris DeMent, ein veldig fascinerande knekk på stemma.

It´s all gone tomorrow – Susanne Sundfør, eit av mine først vokalforbilder då eg starta å synge. Så ho har absolutt vore med å danne grunnlaget for mitt vokale uttrykk. 

Sunrise – Norah Jones, ein artist som har vore med meg heile vegen.

 

Fem låter som artist:

Cross Your Fingers – Laura Marling. Søstera mi hadde laga ein samle-CD vi hadde i bilen, og eg hugser eg måtte høyre denne låta kvar gong eg satt meg inn i bilen.. Genial gitarist er ho også. 

Do I Ever Cross Your Mind Dolly Parton, Linda Rondstadt, Emmylou Harris. Finst vel ikkje ein betre trio? Kjøpet «The Complete Trio Collectrion» på CD då eg hadde starta å lukte litt på americanaen på vidaregåande, og høyrde på dei i bilen mellom Åmli og Grimstad når eg reiste heim i helgene. 

Landslide – Fleetwood Mac – har latt meg inspirere mykje av 70-tallet soundet til Fleetwood Mac.

Under the Surface – Marit Larsen. Var på tida eg sjønte eg ville spele og synge eg høyrde mykje på Marit Larsen, og ho har også fulgt meg opp igjennom. Var kanskje 11 år, og søkte på denne låta på den stasjonære PC-en vår. Og vi var tomme for toner, så eg skreiv ned heile teksten med akkordane over. 

Merry Go ‘RoundKacey Musgraves

 

Som komponist:

Daylight – Alison Krauss & Union Station. Var også av dei eg høyrde mest på då eg starta med americanae. Syntes dei har så fine vendinger i melodiene. 

Wichita Lineman – Glen Campbell. Ei av verdast fineste låter

Crescent City – I’m With Her. Dei har låter som er så sterke at dei ikkje trenger eit stort komp for å vere interessante. Ein blir dradd inn i låtene på ein helt spesiell måte gjennom ein dynamisk leikenheiten. 

Early Morning Breeze – Dolly Parton

Electric Psalmbook – Bigbang. Søskna mine var veldig glade i Bigbang, og eg pleide av og til å sette på CD-ar av dei eg fann i CD-hylla til storesøstera mi. Av og til, etter å ha høyrd ei låt, blir ein av og til så inspirert til å skrive noko sjølv. Då eg høyrde denne låta, var fyrste gong eg kjente på den kjensla. Var vel rundt 11 år, så korleis den låta blei, det er eg ikkje heilt sikker på, men. 

 

Ingvild Flottorp – It All Seems So Clear

 

Her kan du søke etter og låne musikk, bøker, tegneserier og noter i Deichmans katalog

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.