Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Victor Josefsen Intervjuer 6. august 2021

Sliteneliten: Jovial revolusjon i røff folkedrakt

– Me er nok ikkje så voldsomt ambisiøse, samstundes som me har ei veldig stor tru på det me driv med. Det me vil er å spele litt rundt, i bygd og by, spesielt viktig med bygd, også vil me bety noko for kjernepublikummet vårt og lage fleire plater! Eit stort, men ganske hårete håp, er jo at me med musikken me lager kan få spreidd den politiske bodskapen som me har og kanskje ha noko å seie for å radikalisere enkelte, forteller Sliteneliten, som er aktuelle med det selvtitulerte debutalbumet sitt på Plateselskapet No. 13.

Tekst: Jan-Olav Glette / Foto: Signe Rosenlund-Hauglid

Om jeg ikke kan danse til den, er det ikke min revolusjon, mente Emma Goldmann. Sliteneliten kan det både danses og synges med til. Så her må hun gjerne bli med i kampen for en mer rettferdig verden. Det mangler heller ikke på radikale budskap, raushet, humor eller jovialitet i denne drivende, maksimalistiske musikken med utspring i punk, folkrock, folkemusikk og kvinnelig søsterskap og moro.

Her forteller jentene mer om bakgrunnen for bandet, det rare med å bli betegnet som kultur- og feminist elite samtidig som man er blant samfunnets lavtlønte og uten mulighet til å kjøpe bolig, musikkens betydning for dem personlig og om de mest hårete målene med bandet.

Hva er bakgrunnen for valget av bandnavnet Sliteneliten og hva vil dere uttrykke med det?

Valet av bandnamn var ein lang prosess med omtrent 100 forslag før me landa på Sliteneliten. Namnet er ein protest mot å bli kalla for kulturelite og feministelite, utan at det kjenst særleg elitistisk å leve på studielån og litt deltidsløn, i ein usikker jobbmarknad og ein ekstremt urettferdig bustadmarknad. Sliteneliten er ein gjeng alle kan vere med i som er lei av at dei eigentlege elitane stikk av med alle pengane og makta. Me må kome saman og sparke oppover, ikke mot kvarandre.

Hvordan og hvorfor oppstod Sliteneliten?

Sliteneliten oppstod etter Maria (bassist) hadde samla alle damene ho visste spelte eit instrument i ei Facebook-gruppe og kalt inn til fyrste øving. Det var relativt labert oppmøte heilt i starten. Inga på fele, Silje på fløyte og Thea på trommer jamma til Veronica Maggio på Spotify og var kanskje ikkje overtydde om at framtida for konstellasjonen var ljos. Neste øving blei det fart på sakene, og dei 6 som møtte opp blei bandet. Alle kom med rimlig ulik musikalsk bakgrunn, og det var ikkje heilt klart kva retning det ville ta. Maria ville helst ha punkeband, men måtte tone ned forhåpningane då Synneva (gitar, piano, vokal) kom med «Angrepils» i viseformat og englekoret blei lagt på øving 2. Kvifor var vel eit ynskje om å ha eit band med kun kvinner og å spele musikk som vil noko.

Hva er bandets målsetning og ambisjoner og hva skal dere gjøre for å oppnå dette?

Me er nok ikkje så voldsomt ambisiøse, samstundes som me har ei veldig stor tru på det me driv med. Det me vil er å spele litt rundt, i bygd og by, spesielt viktig med bygd, også vil me bety noko for kjernepublikummet vårt og lage fleire plater! Eit stort, men ganske hårete håp, er jo at me med musikken me lager kan få spreidd den politiske bodskapen som me har og kanskje ha noko å seie for å radikalisere enkelte.

Hvordan var veien fra facebookgruppen «ENSEMBLE! PUSSY REVOLUTION» via bandet ENSEMBLE! PUSSY REVOLUTION til Sliteneliten og albumutgivelse?

Maria oppretta ei gruppe på Facebook kalla «ENSEMBLE! PUSSY REVOLUTION» den 10. oktober 2018, etter lang tids masing på alle sine kvinnelege vener som spelar instrument. Meldinga var: «Hei. Dette er min drøm. Vi går sammen alle sammen. Jeg lover gull og grønne skoger og mere til og jeg holder det jeg lover. Spiller vi sammen, alle sammen på en scene. Jeg lover. Vi blir det råeste bandet i hele Norge og det er utvilsomt.» Det var rundt 18 personer som var ein del av gruppa, men det viste seg vanskeleg å få folk til å walk the walk og ikkje berre TALK the TALK. Me hadde ein del småkleine øvingar i slutten av 2018, og i byrjinga av januar 2019, der dei grønne rockeskogane syntest fjerne, men då Synneva kom på banen 14. januar fall ting litt på plass og me lagde låtar i fleng, og gjekk i studio kun ein månad etter fyrste øving med alle. Då blei «Minst 2,1» og «Angrepils» spelt inn. På denne tida heitte me framleis ENSEMBLE! PUSSY REVOLUTION sjølv om mange var imot dette, til Marias store fortviling. Etter ein månad med diskusjonar, og minst 150 ulike namneforslag, endte me til slutt, etter ein tordentale frå Ylva om kvifor Sliteneliten var så bra, fordi det høyrest ut som ein gjeng, ein gjeng alle kan få vere med i.

Etter innspelinga gjekk det i hundre og tjue med øving to gonger i veka med mat på Punjab Tandoori før øving og etterfylgjande pils på Cacadou, og ny innspeling i mai der me spelte inn «Sliteneliten», «Eat dei rike», «Kulthelt», «Din bunn og min bunn», «Sviska» og ein versjon av «First House» som me måtte spele inn på nytt senere.

Unge menneske lever ofte livet sitt i semester, og då klokka tikka ned mot sommar innsåg me at det var problem i sikte. Maria ville at alle skulle slutte på skule og jobb og kun drive med bandet. Dette var det ingen andre som ynskja på dåverande tidspunkt. Silje og Thea bestemte seg for å dra til Aurland for å studere på Sogn Jord- og Hagebruksskule for å bli økologiske agronomar. Synneva ville ta ferdig masteren sin i agroøkologi i Ås, samtidig som ho ville vere revysjef for UKA i Ås (SOM TAR MYKJE TID >:(), Inga ville dra på solidaritetsbrigade i Guatemala, medan Ylva tok turen til Lillehammer for å gå på filmskulen. Sliteneliten var dermed spreidd for alle vindar, og ein epoke, alle bandmedlemmanes lukkelegaste vårsemester, var over. Sidan har me heldt kontakten over den krypterte meldingstenesta Telegram, hatt nokre videosamtalar på Zoom, og treftes nokre helger for øving og konsertar. Det blei òg skrive tekstar og komponert litt kvar for seg rundt i landet, og me planlagte å gå i studio for siste gang. Så kom viruset, me gidd ikkje skrive så mykje meir om det, men det førte i alle fall til at me ikkje fekk gått i studio før sommaren 2020. Her spelte me inn «Skodespelsamfunn», «Kapitalistknusaren», «Runkegutens død», «First House», «PK», «Forfaren min var viking» og «Snill», og plata var endeleg ferdig. Så fulgte ein fin runde i miks frå Ragnhild Bruseth, og mastring av Kari-Helene Blystad. Christa tok fram gullblyanten og laga eit ekstremt vakkert omslag. Plateselskapet no. 13 sendte inn bestilling, og vips, der var endeleg plata. Verre er det altså ikkje! Men me syntest det tok grueleg lang tid frå fyrste innspeling til plata er her, så me håpar at det skal gå litt radigare i svingane på plate nummer to!

Hva innebærer D.I.Y. gjør det selv mentalitet for dere og hvor viktig har den typen inspirasjon vært for bandets identitet? Og hva med radikalisme og feminisme?

Nei, me gjer jo det meste sjølve, så det er openbart viktig for oss. Berre det å vite at ein ikkje treng nokon som opnar dører for ein eller guidar ein er ein viktig grunn til at me har tenkt at me har kunne spele saman og lage plate og spele konsertar. Me har bakgrunn frå og er inspirert av punk, folkemusikk og viser og alle desse sjangrane er jo veldig frie på eit vis, opne for folk, og ganske enkelt tilgjengeleg med moglegheit for minimalistisk oppsett og besetning. Me har gjort ting litt kjapt og gale, og det har vore viktig for oss i og med at me er seks personar som bur på ulike stader. Hadde me skulle perfeksjonert alt og gått i dei dyraste studioa og kun gjort konserten når me var 100% tight og i speleform så hadde alt rent ut i sanda.

Tekstane våre er jo veldig ideologisk forankra på venstresida, det er veldig viktig for det er jo det me baserar heile musikken og bandet på. Det er tekstbasert musikk me driv med. I tillegg har feminismen vore veldig viktig då det er derfor me tenkjer me kan stå på ein scene og gjere som me vil. Me har ikkje eigentleg så mykje tekster om feminisme, men det blir fort eit fokus uansett i og med at me er seks damer, det er jo dessverre endå ikkje så vanleg.

Fortell om de forskjellige bandmedlemmenes musikalske stil og roller.

Maria Refsland, bass
Har ein gullpenn og skriv dei fleste av tekstane. Maria greier gong på gong å ta tida vår på kornet, så tilhøyrarane vert blåst av banen. Ho har ein enorm teft for hit-refreng, og spelte ikkje bass før ho blei med i Sliteneliten, som kler godt den rufsete pønkebakgrunnen. Primus motor i mange samanhengar og initiativtakaren bak det heile. Ho er òg ansvarleg for stand-up i pausane.

Silje Strøm, tverrfløyte
Bakgrunn frå korps, men utfaldar seg i Sliteneliten med tverrfløyte-swirls frå eit anna univers. Har Alwanzatar som musikalsk førebilete, men er heller ikkje framand for nokre Titanic-tonar om balladen tillet det! Silje har no òg skaffa seg piccolofløyte for å kunne sjokkere endå meir! Ho er bonde til beinet og har draumar om å kjøpe ein meir rånete bil som ho kan blæste Tusmørke i.

Inga Haugdahl Solberg, fele
Klassisk folkemusikar, faktisk bakgrunn frå begge to. Stødig på Suzuki-metoden om låta treng nokre Grieg-tonar, men riv like godt i gong trolske polsar frå Trøndelags djupe skogar. Fuzzpedalen er heller ikkje langt unna om det skulle vere behov for det! Inga skriv òg ekstremt bra, ein satirikar av rang! Ho er pennen bak bl. a. «Sviska», «Minst 2,1» og «Vind eller Forsvinn» som kjem på plate nummer to!

Thea Marie Kvam, trommer
Thea gjekk på trommekurs på vaksenopplæringa på AKKS då Sliteneliten kom til verda. Ho ville lage elektroniske beats, men endte opp med å måtte spele både pønk og draumande tammespel på sviskete viser. Ho viste seg å ta det heile på strak arm, før ho rota seg inn i ein senebetennelse som gjorde bein-spel til einaste alternativ. Det blei mykje nice basstromming og hi-hat ein periode, men ingenting er som når Thea blir vill i blikket og drar til med fullt sett.

Synneva Gjelland, gitar, piano og vokal
Har gått eit år på viseskule i Sverige og prøver difor å prakke lekker tekstburen musikk på alle som vil høyre. Lagar mange av melodiane, og endar ofte opp med å synge dei òg. Ho synst teksten er det viktigaste å få fram, men når det tidvis skal gaulast litt får det heller gå greitt at det går litt på bekostning av artikulasjonen. Ikkje framand for litt revy, og flørter med publikum med el-gitaren på fanget.

Ylva Gulpinar, gitar
Ylva er noko så artig som ein folkemusikar frå Oslo, men endte allikavel opp som lead-gitarist i bandet, trass mild forakt for gitarsoloar. Ho speler aldri høgt nok, til alles store fortviling, sidan det ho speler er enormt fett og skeivt og rart. Ho finn linjer og plukk som utfyller og ausar opp stemninga til det guddommelege.

Besetningen og instrumenteringen skiller seg ut i musikklandskapet i 2021. Hvorfor ble det akkurat disse instrumentene på dere og hvordan har besetningen vært med å definere soundet til Sliteneliten?

Me må vel kunne seie at det er eit litt tilfeldig resultat av kven som svarte på Maria sin invitasjon på facebook og dukka opp på AKKS. Tverrfløyta og fela braut litt med Marias plan om å starte punkband, og med alle sin ganske ulike musikalske bakgrunn og erfaring har me prøvd oss fram, veldig lite sjangerstrenge og til gjengjeld veldig oppmuntrande til kvarandres idear, til soundet me har no. Me vil som regel spele alle saman heile tida, så musikken høyrest litt ut som han må med det utgangspunktet! Maksimalistisk og mykje!

Bandet representerer bakgrunn fra Notodden, Levanger, Voss, Inderøya, Flekkefjord og Oslo. Hva har den ulike og mangfoldige kulturelle ballasten hatt å si for bandets interne kjemi og det musikalske og tekstlige?

Me er jo stort sett fra bygd og småbyar, så me har litt lik erfaring sånn sett, medan Ylva frå Oslo kan lære oss litt om storbyen!! Neida, men me har jo alle budd i Oslo på eit tidspunkt, så me er jo dei typiske folka som flyttar ut for å studere. Samstundes er det tre stykk som skal bli bønder, Silje, Thea og Synneva, og Maria vil flytte heim til Flekkefjord, så me har kanskje fått dyrka litt den interessa og kjærleiken for bygda og distrikta. Også ertar me kvarandre litt for dialekter og sånt. Det er nok få av oss som er sånne veldig stilige storbyfolk som, hmm ja kva gjer sånne folk eigentleg.., shopper og drikk på Sky Bar? Jaja, uansett, det er nok ikkje dei ulike plassane me er frå som gjer oss ulike, og tekstane er kanskje meir universelle og lite stadstilknytta. Det mest positive er at me kan spele på så mange ulike plassar og likavel vere på heimebane!

Hvordan kommer dere frem til hvem som skal ha hovedvokalen fra låt til låt?

Synnevas vokalprakt og evne til å synge alle orda i Marias veldig ordrike tekstar er ganske uslåeleg blant oss seks, så for det meste er det ingen tvil. Me kan veksle litt viss det er ei låt som har veldig ei anna stemning som passar ein annan stemme, eller om det er ei låt som treng ein annan avsendar enn ei spretten revydame frå Voss.

Utgivelsen innbefatter også et sanghefte med noter og sangtekster og en presentasjon av prosjektet, vitser, bilder, refuserte albumcover og fine tegninger. Fortell om bakgrunnen for dette og om musikk som et kollektivt prosjekt der alle kan være med.

Me har vore veldig opptekne av vennskapet i det heile, og som nemnt at Sliteneliten liksom er ein gjeng som ein kan vere ein del av. Me ynskja difor å gjere noko litt meir personleg til dei som kjøper plata, ved både å gi eit betre innblikk i kven me er og kva me bryr oss om, men òg litt moro, for me har det veldig kjekt saman. Me er sjølve veldig glade i å spele og synge våre eigne låtar på nach, så me tenkte at kanskje nokon andre òg ville få glede av det! Også er det veldig greitt å ha når me treng stand-ins på nokre konsertar der éin av ein eller annen grunn (som regel fjøs-teneste) ikkje kan vere med på konsert. Me hadde blant anna med bratsj, hardingfele og kornett på konsert i Aurland då gitarist Ylva ikkje kunne vere med. Det var veldig stilig! Men ja, poenget med musikk er vel at det er eit rom for å få ut kjensler, av alle slag, og det kan røyre på ein heilt annan måte enn ein kronikk. Det er samlande og kan på sitt beste vere styrkande og terapeutisk på eit vis. Me prøver som regel å dra i gang allsong på konsertane, og det er ei heilt spesiell kjensle når det skjer. Musikk er til for å delast og syngast og spelast saman!

Hvilken betydning har AKKS for Sliteneliten?

Det fyrste halvåret me spelte saman, «alles livs beste vår», som Maria kallar den, øvde me på AKKS nesten to gonger i veka, og produserte låtar på løpande band. Både musikk og vennskap treng gode rom å skapast og vekse i, og det fant me på AKKS. I tillegg gjekk Thea tidligare på trommekurs på AKKS, så me kan nok seie at Sliteneliten ikkje hadde vore noko særleg utan AKKS. Me har fått låne rommet mot å delta på dugnad her og der, noko som berre er veldig kjekt, og dei har vore veldig rause med oss med å svare om lån på kort varsel og litt utlån av utstyr her og der! Evig takksame. Det er jo òg veldig kult at AKKs blei starta med pengar frå Kvinnefestivalen på Kalvøya, eit legendarisk stykke historie, der blant anna Kjersti Martinsen og Hege Rimestad frå Amtmandens Døtre, våre største førebilete, var pådrivarar.

Trailer: Wrong Direction from Rosenlund Film on Vimeo.

Signe-Rosenlund-Haugelid har laget dokumentarfilmen «Kor faen blei det av Norge?» / «Wrong Direction» som vises på filmfestivaler i Europa. Hva er bakgrunnen for denne filmen, hvilken type film er det og hvordan er hennes rolle som dokumentarist i bandet?

Ho var på jakt etter eit eksamensprosjekt og ville opprinneleg lage ein film berre om Maria som ho vel syntest var litt av ei skrue. På den tida var Maria arbeidslaus og budde i ein seglbåt på Aker Brygge, så var kanskje å treffa skruen med skrujernet det der. Men så blei Signes kjærast Ylva med i bandet, og Signe byrja å tenkje at det kunne vore veldig kjekt å fylgje eit band heilt frå starten av og i eit halvt år fram og sjå kva det blei av det. Det er òg verdt å nemne at Signe hadde fått beskjed av læraren sin om å kanskje lage noko som ikkje var nitrist, då ho vanlegvis lagar dokumentarar om skeive i Russland og Tanzania, surrogati i India og voldtektsmenn. Dermed endte ho opp med oss. Det er vel ein ganske feel good-film om eit gryande vennskap og ei spire av kreativitet og samspel mellom folk som nettopp har blitt kjende. Ho har fylgd oss frå andre øving med fullt band, så det er vel ganske unikt materiale sånn sett. Ho blei òg ein naturlig del av bandet og gjengen, og var med på Cacadou når det skulle drikkast og på reise rundt når me skulle spele konserter. Me kjenner vel at me er veldig oss sjølve og ikkje tenkjer så mykje på at ho er der når ho filmar og held på. Det var nok lettare sidan ho er kjærast med Ylva og kjende Maria frå før. Dermed glei ho ganske enkelt inn. Hadde nok vore rart med ein ekstern! No har ho ikkje vore med på ei stund, men ho har uttalte ambisjonar om å fylgje oss til me blir gamle og grå, som dei i Halvsøstra. Me saknar både ho og myggane (mikrofonane) som me hadde på oss i et heilt halvt år, så me håpar ho straks kjem i gong igjen.

Noe som kommer tydelig frem i filmen er den joviale gode stemningen i bandet, som dere nevner, og også gleden og styrken eller kraften gjennom fellesskapet. Hva betyr de to størrelsene «det kollektive» og «god stemning» som  drivkrefter internt i bandet?

Nei, det er på ein måte heile grunnmuren og poenget. Marta Breen skriv faktisk litt om at forskjellen på manneband og kvinneband ofte er at det er viktigare for kvinner og vere vener og ha god stemning enn for menn, og me kjente oss litt som klisjear. Ho seier det er ein grunn til at kanskje kvinneband oftare blir oppløyst og held på i kortere tid enn manneband, så me får jobba hardt med å halde vennskapet og den gode stemninga oppe! Men ja, det verkar jo merkeleg å skulle bruke masse tid og reise rundt med folk ein eigentleg ikkje trivst så godt med, og korleis skal ein kunne snakke om å forandre samfunnet og om forening og kollektivisme om ein ikkje ein gong kan vere vener internt!

Et annet viktig poeng er det politiske aspektet og følelsen av at man sammen kan utrette mer. Fortell mer om bandets musikalske og politiske visjoner og hvordan dere tenker at Sliteneliten kan påvirke andre og dere selv.

Me tenkjer at kunst, og då òg musikk har ei stor politisk kraft fordi med den kan ein seie ting på ein heilt annan måte enn kva ein kan ved for eksempel ein sakleg kronikk (som me òg er fan av). Med ulike kunstuttrykk kan ein stimulere sansane på ein annan måte, ved å sjå, høre, ta på og lukte. Ein opplever kunsten, på et vis, og me menneske er andelege vesener og me trur det er mye ved oss som me endå ikkje forstår heilt me all vår vitskap. Nokre gonger treng ein å føle ting og ein treng at sansane stimulerast, og at ein bodskap kanskje ikkje blir framført heilt rett fram og sakleg, for å verkeleg engasjere oss og forstå. Det er dette me trur på, og dermed tenkjer me at kanskje vår musikk og våre tekster kan få nokon til å føle noko og tenkje på ting på ein litt annan måte. Eller berre bli glad og inspirert for så vidt, fordi me spelar muntre låter om politisk endring. Ylva seier i dokumentaren at ho har blitt eit litt anna politisk vesen sidan me starta bandet, at ho har fått respekt for å dele litt raskt og gæli, ikkje være så pragmatisk. Så kanskje det gjeld litt for fleire av oss! Visjonar er jo at musikk med meining kan bli noko som blir litt meir utbredt, og at slik musikk kan bidra til å gjere folk meir politisk medvitne og inspirere til politisk endring. Og politikken me ynskjer er jo rimeleg sosialistisk og anarkistisk.

Christa Barlinn Korvald har stått for den flotte tegningen som utgjør coveret. Fortell om henne, illustrasjonene og relasjonen mellom tegninger og musikk.

Christa har bakgrunn frå det sagnomsuste Narves1biblioteket og er grafisk designar og illustratør utdanna på Kunsthøgskolen i Oslo. Ho driv òg nettsida etsamfunn.no, er scenograf og lagar skulpturyr i pappmasjé, blant anna Norges første lesbiske statue Mona. Platecoveret vårt synest me ser ut som ein magisk draum, der me seks flyr rundt og kosar oss rått blant solnedgongar, fittekattar, øl, gullkalven og fuglar. Dei to små flagga i det heile kan kanskje representere at politikken er ein del av livet og universet vårt, men at me og utopien vår er mykje meir enn flagg og slagord. Christa var opptatt av at ikkje coveret skulle bli ein sosialistisk klisjé, fordi ho synest at me ikkje er det. Sånn sett synest me teikningane utfyller og representerer musikken på ypperste vis. Christa fortel meir om coveret på Tigerbloggen for den spesielt interesserte.

Alle involverte på denne plata – med mulig unntak for plateselskapets Brage Aronsen, er kvinner. Hvilken betydning har det? Finnes det andre plater med like bra kvinnerepresentasjon i norsk og internasjonal musikkhistorie? I så fall hvilke og har de vært til inspirasjon?

Det stemmer! Det har vore veldig stilig å kun vere kvinner som lagar dette albumet, det var eit bevisst val, og me trur me har vunne fridom og styrke på det. Det er ganske få kvinner som er studioteknikarar, produsentar og som driver med miks og master, og me tenkjer at det å vere med på å vise fram dei som finst kan vere til inspirasjon for andre, både til å bruke dei og til å tenkje at ein sjølv kan prøve seg. Me veit faktisk ikkje det, på gode dagar har me tenkt at me er dei einaste, det hadde jo vore kult, eller dumt då…! Hehe. Men det er jo sikkert nokon soloartistar som både speler alt og produserer sjølve, men av band med fleire i veit me ikkje! Er ofte ein mann som tar siste finish med master uansett…!

Ragnhild Bruseth har produsert albumet. Fortell om henne og hennes produksjonstil og betydning for virkeliggjøringen av dette albumet.

Ragnhild spelar i Intetskjønn og er med som musiker i dragkollektivet Gutta. Ho har òg spelt i ein drøss andre prosjekt, blant anna er ho no livetrommis for FLTY BRGR GRL. Før har ho vore med i Dill Dolls som har den legendariske songen «Fire fede fisser». Ho er vel fyrst og fremst trommis, men er ekstremt musikalsk og speler dei fleste instrument. Det kjem veldig godt med! Ho er eigentleg veldig opptatt av at det skal være tight og bra, så ho pushar oss og får oss til å spele betre enn me kanskje trur me klarer, men går òg med på kompromiss om me ikkje får det heilt til. Ho har veldig gode øyrer og seier ifrå når me er det minste ustemt eller om me har fått litt for lespete og slapp «s» i vokalen. Ho er òg veldig god på å coache Ylva på gitar og kjem med endringsforslag til enkelte linjer og innspel til både perkusjon og kor. Ho har skjønt kva me vil ha, og det gjer at miksinga har gått ganske glatt for seg! Viktigst er at ho held ut med å ha seks litt hyperaktive og fordrukne folk i studio samstundes, og med alle våre for seine idear, uklare beskjeder om kva songar som eigentleg skal med og at den me speler inn faktisk skal på ei plate, og aller aller viktigst, at ho går med på å spele inn 16 låter på ei helg om det er det som må til.

Her er noen stikkord som jeg vil at dere skal si litt om forholdet til og hva de kan si om Sliteneliten.

Amtmandens Døtre
Heltane våre! Ingen over og ingen ved sida.

Vømmøl Spellmannslag
Har inspirert oss til å lage litt skranglete musikk med smellgode melodiar og slåande tekstar.

Bøyen Beng
Jau, me har jo blitt samanlikna med dei, og me skjønar kvifor!

Crass
Ikkje høyrt så mykje på dei saman, men me er jo veldig fan av ideologien.

Vamp
Me har vel kalt oss Vamp for babyer i eit presseskriv, og med det meiner me kanskje at me er litt mindre sjølvhøgtidelege og morosamare enn dei.

Viserock
Få det på!

Folketoner
Ylva har gått sin skule på Raulandsakademiet, Synneva kjem frå folkemusikkbygda Voss, Inga og Silje har spelt i spelemannslag heile studietida, og no skal jaggu tre til av oss ta turen til Rauland for å gnikke litt på fele eit år. Trur me kan seie at me liker det ganske så godt, ja!

Punk/Pønk
Veldig viktig for at me «berre gjorde det».

Powerballader
Maria ville lage eit punkband, så blei me eit viseband, og plutseleg står me der og lagar powerballader – og det er visst det folk likar aller best, så då er det vel ingen grunn til å slutte.

Prestasjonssamfunnet/Generasjon prestasjon
Me seier at me er forteljinga om unge aktivistar som prøver å fylgje draumen medan dei har både to og tre jobbar. Samstundes som frivilligheita skal dyrkast og ein ender opp med merkelappar som «feministelite» og «kulturelite», sit ein der i ein alder av medio tjue med ei årsløn på 200.000 og ein angstdiagnose levert i posten frå DPS. Det er ikkje så pent.

Nedbygging av velferdssamfunnet
Ekstremt skadelig og det øydelegg liv her og no.

Eat the Rich
Eit slagord med historisk schwong som me syntest det var morosamt å dra opp igjen for å le av at Gunhild Stordalens stiftelse heiter EAT Foundation.

Jean-Jacques Rousseau 
Noko ikkje så mange veit er at Jean-Jacques var ein kløppar på blokkfløyte. Kven veit, kanskje slo han til med nokre swirls når han var i dét humøret…

Motörhead: Eat the rich
Aldri høyrt før. Det var jo litt artig tekst. Kunne vore litt betre gitarsolo!

Eat the Rich festivalen
Ååh, det hadde vore ein draum å få spele her. Prøvde faktisk å kontakte dei ang spelejobb for ei stund sidan, men det virka ikkje som om festivalen var i gong kvart år. Men viss den arrangerast – draumegig så klart!

First House/godhetstyranni/naivisme
Ja, dei ligg vel kanskje i tet når det gjeld kampen om språket dei høgrefolkene. Ikkje så rart med tanke på pengesekken dei rår over, og dei ressursane dei har moglegheit til å setje inn på å utvikle strategiar og spreie dei lure nyorda dei finn på. Det er jo eigentleg eit heilt sinnsykt ord, godhetstyranni, liksom, går det an? Me trur det er veldig viktig å ta opp den kampen, slik som Rødt er ganske gode på, å snakke om velferdsprofitørar og Forskjells-Norge.

Linn Stalsberg
Endelaus inspirasjon og ein av våre heltar. Songen «Snill» er om ho og hennar enormt gode kritikk av nyliberalismen.

Erna Solberg
Landets statsminister som har misforstått ein del vesentlege ting. Hehe, ja, eller berre har eit ideologisk og politisk syn me er uenige med. Ho tener de rike, og det trur me ho veit ganske godt.

New Public Management
Ei gift i velferdsstaten, og øydeleggande for tilliten til den. Dette er nedbygging av det offentlege helsetilbodet, og ei krise for arbeidsforholda til dei som jobbar i det.

Spilleglede
Hovudgrunnen til at me speler i band er jo at me synest det er veldig kjekt!

Feminisme
Sjølvsagt.

Politisk bevissthet
Noko alle tjener på å ha!

Radikalisme
Jau, me er vel radikale.

Abort
Kvinners val.

Bondeopprøret
Med to nyutdanna økologiske agronomar og ei odelsjente med (snart) master i agroøkologi er det openbart at me støttar bondeopprøret 100%. Draumen hadde vore at alle i bandet ein dag bur saman på eit kollektivt gardsbruk der me ystar ost, bryggar øl og lagar musikk.

Gunhild Stordalen
Har invitert ho på middag, så får me sjå kva som skjer! Ikkje noko svar endå.

Skamløshet
Me har nok litt skam i vårt personlege liv, men me føler me er litt freske i musikken vår og på scena.

Maksimalisme
Elskar det <3 og det går vel igjen i mykje av det me gjer, frå musikken til cover og visjon. Livet blir litt for kjedeleg viss alt skal vere svart og kvitt og rett.

Cacadou
For ein stad! Dette blei etter kvart stampuben vår i dei glade dager då heile bandet bodde austante. Etter den faste måndagsøvinga tusla me fra øvingslokalet hjå AKKS i Brenneriveien og nedover til Torggata. På Cacadou har me altså lagt mange store planar og hatt det ganske trivelig i grunn.

Punjab Tandoori
Endå eit viktig haldepunkt i det tidlegare livet som Oslo-buar. Her er det sjukt digg veggismat til ein billig penge, heilt perfekt på vegen frå for eksempel øvingslokalet til Cacadou. Anbefalast!

Fortell  om plateselskapet deres og deres betydning for musikk-Norge, Plateselskapet No.13.

Plateselskapet No. 13 er oppkalla etter Rudolf Nilsen sitt dikt «Nr. 13» og vert drive av flinke folk som ynskjer å fremje venstreorientert musikk og ivareta og vidareføre den viktige kampsong og visesong-tradisjonen. Me står òg aukdmjukt i den tradisjonen, og det kjenst veldig bra å vere i deira katalog. Me er jo ein del av ei politisk røyrsle, og No. 13 betyr mykje for representasjonen av den røyrsla i norsk musikkliv meiner me.

Hvordan har dere blitt rammet av nedstengningen av samfunnet og Covid-19-restriksjonene?

Som alle andre har me òg måtte vere kvar for oss og tatt våre forhaldsreglar, som jo har ført til at me har spelt mykje mindre saman enn me hadde hatt lyst til, og det har jo ikkje vore mogleg å spele konsertar. Så det har jo vore ganske kjipt, men me håpar at det verste er over no!

Hvordan synes dere norske politikere har klart å ta vare på kulturlivet og mangfoldet i norsk musikk, film, litteratur, teater under denne vanskelige tiden?

Det har vore ganske langt nede på prioriteringslista, har det verka som. Det har vore lov til å vere 1000 folk på IKEA, samstundes som det var forbode å ha kulturarrangement i det heile. Det har jo gått enormt hardt utover viktige arenaer for å samlast rundt kultur, særleg dei mindre og meir uavhengige, som er veldig synd og som me trur kjem til å merkast lenge. No må ein tenke litt over kven ein støttar sjølv, kanskje.

Kan dere til slutt velge fire låter hver som har vært til inspirasjon for egen spilling, Sliteneliten eller som dere forbinder med kvinnefelleskapet Sliteneliten eller som det har blitt lyttet til under arbeidet med albumet, og si litt om hva disse låtene har gitt dere eller betydd for dere.

Inga

Valkyrien Allstars – i kamra

Valkyrien Allstars har lenge vært en viktig del av livets soundtrack og er en stor inspirasjon med fantastisk fine og skarpe tekster, vakre melodier og rått felespill – alt dette gjelder for denne sangen også!

Courtney Barnett – Nameless, Faceless

Kul, tilbakelent og catchy om dessverre alltid aktuelt og alvorlig tema. Digger den litt slepende vokalen.

Ohnesorg – Det Ække Lett

Deilig sarkastisk om hvor hardt det er å være rik, mektig og totalt misforstått mann på toppen. Og dansbart som bare det!

Ånon Egeland og Mikael Marin – Vals Etter Jon Løite

Skeivt og vakkert. Noen skulle vist dette til 10-årige meg da jeg gjespa meg gjennom et par spelemannslagøvinger før jeg ga opp fordi folkemusikk var dødskjedelig. Heldigvis dukka det opp igjen seinere…

 

Silje

Tusmørke – Ekebergkongen

Episk fløyteinspo for alltid!!!

L.A. WITCH – Fire Starter

Hørte mye på albumet som bandet slapp i fjor og likte det veldig godt. Et definerende lydspor til året som var.

Paulina Palmgren – Allt som tar dig ner på jorden

Fin og sprø fløyte i deilig og lettbeint pop. Det er frigjørende å høre fløyte som ikke er i Mozarts- eller Céline Dions format.

Vamp – Månemannen

Vi spilte denne i barne og ungdomskorpset på Notodden og det føltes som vi erobret verden. Det var stort  for første gang å oppdage hvor enorme følelser man kan være med på å skape med lyd.

 

Thea

Broen – She Will Never Shiver

Dette bandet har vært en stor inspirasjonskilde for meg. Her var det både kvinnelige musikere og tekster med innhold. Og så låter det jaggu helt ekstremt fett i tillegg! Dette er bare en av mange veldig kule låter.

Adrienne Lenker – a-sides

Har hørt utrolig mye på musikken til denne rå dama, både soloprosjektet hennes og med bandet Big Thief. Elsker dette albumet!

Killdøden – Pengar och jobb

Naiv og catchy svensk pop med politisk budskap! Digger denne sangen, og den har vi hørt en del på sammen også.

 

Ylva

Kendim ettim kendim buldum – Erkin Koray

Jeg blir helt mo av den sylskarpe elgitar-lyden mot den myke melodien. Folkemusikk ikledd rockebesetning. Erkin Koray er en pioner i tyrkisk folkrock, og tilnærminga til stilblanding er rå.

Live Close By, Visit Often – K. T. Oslin

Akkurat så mye kan det være. Jeg vet ikke helt hva jeg syns om pop-countryen til K.T., men jeg vet at jeg elsker det og blir helt fnisete av beundring.

That’s all – Sister Rosetta Tharpe

Søstra shredda seg inn på plassen som rockens gudmor og inspirerte selveste Elvis’ gitarspill. Dama er stø som et fjell. Og litt lesbisk også.

Fetch the Bolt Cutters – Fiona Apple

Det her albumet er vanvittig. Det er så vakkert og så jævla sint. Dødsgode tekster, melodiøst og hardt om hverandre, nydelige arrangementer, skrangleperk og grusomt tydelig sjelevreng.

 

Synneva

Frida Ånnevik – Basert på en sann historie

Ingen formidler som Frida Ånnevik! Denne låta satt seg i ryggmargen min, og kanskje spesielt etter ho framførte den på ein konsert i Ås. Høgt i toppen av konsertminner! Ho er tilstades på konsertane sine på ein heilt eigen måte, rolig og lur, liksom, det er magisk!

Sofia Karlsson – Spelar för livet

Her er det speleglede for alle penga, og deilige folketonar og Sofia Karlssons ljuva röst. Speleglede er ein stor del av Sliteneliten, me gjer det jo mykje fordi det er himla kjekt å spele, heilt enkelt. Katalogen til Sofia Karlsson er elles spekka av enormt flotte låtar, spesielt tolkningar av Dan Andersson, som er til å grine av. Kjempeinspirasjon, heilt frå eg såg ho i fraktgodsen på Voss som lita.

Tom Waits – Time

Kjem ikkje utanom for min eigen del, for hentar veldig inspirasjon herifrå, spesielt på dei roligare visene. Er litt livets soundtrack, kanskje. Dette er den fyrste songen som verkeleg festa seg hjå meg av Waits, og så kom resten av det skakke, heftige «Rain Dogs»-albumet seglande på ei fjøl.

Säkert! – Snooza

Den låta her er inspo til å prøve å presse litt for mange ord inn i ein låt, og samstundes få det til å flyte og passe. Det er megakult, og det høyrest veldig uanfekta og lett ut. Goals! Heile «Däggdjur»-albumet er for øvrig heilt nydeleg, og Annika Norlin speler på alle strengane mine!

 

Maria

Amtmandens Døtre – Synonymordboka

Ekstremt bra tekst og låt, en musikalsk fest, masse snert, humor og humør, men beinhard og kritisk. Og de endra «Synonymordboka» etter at den kom ut. Amtmandens Døtre er en kjempeinspirasjon for oss og meg. Gøy å se at man kan lage så lystige politisk sanger.

The Raincoats – Don’t Be Mean

Kurt Cobains forbilder sniker seg inn her på min liste også. Veldig enkel melodi og spilling, herlig teatralsk vokal, plutselig sår. Morsom arrangering, rølpete, men dritvakkert. Kanon fele. Punkete og stygt. En inspirasjon til å bare gjøre det, være litt vill i fletta.

Gaspard – Lillesøster

Gaspard har også vært en kjempeinspirasjon for meg i både oppløpet mot og etter at vi fikk bandet på beina. De har enorm meloditeft og det er bare dritfint og håpefullt. Forelska meg spesielt i felepartiene til Siri Haugan Holden. Det gjorde at jeg tenkte at man kan spille fele i punkeband.

Hillsong United – Awesome god

Jeg synes Hillsong United er dritgode på å lage lovsanger som løfter taket, dessverre, på en måte, hehe. Men det er jo en del Hillsong United i koringene våre og i det (synes vi) episke refrenget i «Kapitalistknusaren». Husker jeg ble sånn halvkristen i konfirmasjonstiden og hørte på det og følte nesten en litt sånn guddommelig kontakt med et eller annet da jeg hørte på sangene deres. De toucher noe!! Vi har spøkt mye med at vi må ha med sånne rop, «Deeee-yoooo» i en sang en gang.

 

Slitenliten – Slitenliten (2021)

 

Link til Slitenelitens radiokanal

 

Her kan du søke etter og låne musikk, bøker, tegneserier og noter i Deichmans katalog

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.

Bli med blant 72 andre abonnenter