Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Victor Josefsen Intervjuer 28. oktober 2021

Avind: Nært og følsomt

– Det er jo ikkje slik at eg prøvar å skrive episke tekstar om kjærleik og hjartesmerte, men meir at eg prøvar å halde ting litt nært og å skrelle ned det som er unødvendig, forklarer Tonje Tafjord, som med Avind er aktuell med albumet «Ta sjansen» på Snertingdal Records.

Tekst: Jan-Olav Glette / Foto: Eirik Lande

Utover et godt øre for melodier ligger mye av sjarmen med Avinds album «Ta Sjansen» nettopp i denne nærheten eller intimiteten som Tone Tafjord skaper med sine skarpe, hjertevarme observasjoner av ulike livshendelser. Avind innehar en glød og temperatur, som gjør de ganske så unike innenfor norsk country- og folk-inspirert indie. Musikken vibrerer og varmer med sine lekre arrangement og følsomme bevegelse.

Her kan du bli litt bedre kjent med opphavskvinne, tekstforfatter og vokalist Tonje Tafjord og lese om hennes forhold til Louisville, Kentucky, låtskriver- og sanger Will Oldham, jazz, korps og hvor mye hun gleder seg over at de andre bandmedlemmene blir stadig mer aktive i komposisjonsfasen.

Og er du en spirende trommeslager i området, som liker det du hører og har lyst til å være med i den fine gjengen, vil de gjerne at du tar kontakt.

Når og hvordan oppdaget du musikk og hva var det som gjorde deg så lidenskapelig opptatt av den?

Eg blei sendt av garde til skulekorpset av foreldra mine, og starta med tverrfløyte når eg var 8-9 år. Sidan eg vaks opp i ei veldig lita bygd lengst inn i ein fjord på Sunnmøre var det ikkje så stort musikkliv, men eg trur det var avgjerandre at dei få som var vaksne førebilete eg hadde heilt i starten var ordentlege ildsjeler som ga alt dei kunne for at det skulle vere eit alternativ der. Etter kvart oppdaga eg jazzen gjennom å spele i eit storband med ungdommar frå heile fylket, og det var vel eigentleg då det tok laus. Eg gjekk gjennom både musikklinja, folkehøgskule og ein master i musikkvitskap med fløyte som hovudinstrument, og spelte i all hovudsak jazz, eller var med på andre sine prosjekt. I 2009 hadde eg ein slags liten breakdown når eg budde i Trondheim, og dei fleste andre eg studerte og spelte med hadde flytta nedover til Oslo, så då kjøpte eg meg ein kassegitar og byrja spele litt for meg sjølv. Først samla eg bandet Brokedown Palace som heldt koken eit par år, og når eg så sjølv flytta til Oslo i 2010 såg Avind lyset for første gong. Det har skjedd ein del sidan då, kan ein vel seie.

Hvilken musikk var du omgitt av i oppveksten?

Ingen av dei næraste i familien min er veldig musikalske, så korleis eg kom hit er ikkje godt å vite. Som sagt var det korpsmiljøet som fekk meg til å drive med musikk, og det var nok gjennom storbandmusikk og jazz eg verkeleg fekk interessa. Frå eg var 14-15 år spelte eg i storband saman med andre korpsleie ungdommar frå heile Møre og Romsdal. Vi hadde samlingar og øvde helger, før vi spelte konsertar og blei utfordra til å kaste oss ut i improvisasjon og å reise oss opp frå rekkene og spele solo. Eg er ganske sikker på at dette, saman med opplevingar vi fekk gjennom for eksempel Moldejazzen gjorde at mange av dei som var med faktisk driv med musikk på ein eller annan måte også i dag.

 

Hva var det som fenget med denne måten å uttrykke seg på?

Eg var alltid glad i musikk og song og dansa mykje til musikk på radio når eg var lita. Både åleine og saman med dei andre jentene i nabolaget. Radioen stod stort sett alltid på heime, så det var mykje musikk i huset, og eg brukte å ta opp musikken i sendingane av Ti i skuddet på opptakskassett. Det var alltid frykteleg irriterande viss det kom ein jingle over ein låt eg likte veldig godt. Vi jentene som vaks opp i lag song og tulla generelt veldig mykje, og sjølv om vi no bur på kvar sin kant av landet har vi fortsatt nære band til kvarandre. Sara, som var med i Avind når vi spelte inn den første EP-en vår er jo ei av desse, og vi syng vel fortsatt litt i lag når vi treffast berre fordi det er fint.

Hvorfor valgte du å synge på egen dialekt og hvordan påvirker det formidlingsevnen?

Etter å ha surra rundt som student og hatt nokon band der eg skreiv middelmådige tekstar på engelsk så fekk eg ein slags påtrengande tanke om at det måtte vere råd å skrive noko som var betre, og at eg hadde meir kontroll over både språk og formidling om eg valde å skrive på norsk. No er eg også ein sånn litt irriterande nynorskbrukar som skriv alt konsekvent på nynorsk, også tekstane. Så av og til kan det verke som det ikkje gir meining eller rimar i det heile teke, men når eg seier det same på dialekt så blir det bra. Det er nok der hovudgrunnen ligg, at eg likar å ha oversikt, og å vite at eg har det. Eg synest språk er kjempekjekt, og eg trur det er ein viktig ting å ta med seg både i skrivinga og formidlinga. Eg har i alle fall lært opp gjennom åra at eg ikkje skal gå med på å gi ut eller spele noko der eg ikkje er nøgd med teksten, då blir eg berre sur og fortvila og lite samarbeidsvillig. Det er jo ikkje godt for noko som helst.

Hva er medlemmenes musikalske styrke og rolle i Avind?

Eg trur absolutt den musikalske styrken i Avind ligg i at vi alle er ganske forskjellige. På eit slags vis blir blandinga av alt noko som vi sjølv kan eige og kjenne at det gir tilbake, og håpet er jo at det kan pushe oss vidare både musikalsk og som personar. I starten var det meir eg som skreiv alt, musikk og tekst og heile pakka, men eg trur det hadde slutta å vere interessant relativt kjapt dersom det hadde fortsatt slik.

Gudmund Bolstad Skjær – gitar og kor og  Øyvind Røsrud Gundersen – gitar, saksofon, kor og synth

I dag fungerar vi meir som band, og i alle fall Gudmund og Øyvind (tidligere Rumble in Rhodos, red.anm.) er aktivt med og hiv låtidéar inn i en felles dropbox vi har. Det er ganske befriande på mange måtar å ikkje vere den einaste som må levere noko, og eg trur musikken blir mykje meir interessant når det er fleire vinklingar på korleis ting skal og kan vere. Nokre gongar møtest også vi tre, og berre leikar oss og arbeider med litt greier, og så kjem resten inn i miksen litt etter kvart. Både Øyvind og Gudmund er jo heilt vilt gode gitaristar, på kvar sin måte, så eg føler meg ganske privilegert som får lov til å jobbe saman med dei. Og så er det veldig gøy, du aner ikkje kva som kjem!

Amund Stokke – bass og kor

Amund er ein sånn bassist som er stødig både musikalsk og elles i livet. Eg trur aldri han ikkje har møtt opp, og han øver heime og er førebudd og rett og slett ein draum å spele med. I tillegg er han jo ein innmari triveleg type, og veldig glad i å dra på fisketur. Vi er vel generelt ganske glade i å vere på tur ute heile gjengen, og tok ein liten teambuilding i Tafjordfjella i fjor sommar. Av og til er det fint å vere saman litt utan at vi skal tenkje på band og musikk også, det blir jo litt sånn den andre familien din, i ein slags open forstand. Dessverre har vi vore så uheldige å miste Eirik (Kirkemyr, red.anm.)) som trommis, som hadde sin siste gig med oss i mai etter at plata kom ut. Han er jo ein heilt fantastisk fyr og innmari god trommeslagar, så det er ikkje berre lett å finne nokon som kan fylle dei skoa. Han er jo så innmari musikalsk og spelar mange instrument og syng. Han seila ut i verda med masse nye prosjekt på gang, så de får sjekke ut både Flight Mode og Pseudo Fruit som er nye tilskot i musikkmiljøet her. Bra greier! Så om det er nokon trommisar der ute som er gira på å vere med, så får dei berre ta kontakt med oss, ein veit jo aldri, hæ?

Dere har også med noen gjester på platen. 

Haldor Røyne  – akustisk gitar på «Det er ingen i nærleiken av dig»

Haldor gjekk eg faktisk på folkehøgskule i lag med på den tida vi dreiv med jazz. Han er jo ein heilt vilt god gitarist, og om eg ikkje hugsar heilt feil så hadde Øyvind eller Gudmund ei sånn gitarlinje i hovudet når vi dreiv med denne låta som dei så gjerne ville ha. Så vi ringte Haldor og spurte om han ville komme ned i studio og legge den på, og så blei han med og spiste middag på den lille hjørnekneipa på Adamstua, Dekka bord. Vi er vel eigentleg ganske flinke til å kose oss litt også når vi jobbar i studio, og det set i alle fall eg veldig pris på.

Kaja Fjeldberg Pettersen – cello på «Ta sjansen»

Kaja hadde vi kjempelyst til å ha med, ho er jo både ein veldig god musikar og ein veldig fin person å vere med, og spelar på både «Ta sjansen» og på julelåta «Ingenting du må  som kom ut i desember i fjor. Øyvind, som komponerte heile grunnlaget for «Ta sjansen», har jobba mykje saman med ho frå før, og eg trur han hadde nokon ganske eksakte visjonar om kva han ville ha slags feeling og tone, så då var det jo berre å slå på tråden og håpe på at ho hadde tid til oss. Heldigvis sa ho ja!

Per Waagø – fele på «Oss to»

Per kjenner eg også frå studietida. Vi gjekk på musikkvitskap i lag, og han kan spele både klassisk og countryfele. Litt av ein kombo! Dette var faktisk ein av dei første låtane til plata vi jobba med i studio, og den er jo litt sånn enerverande og manglar eigentleg eit ordentleg refreng, så eg hadde ein tanke om at det måtte skje litt forskjellige ting utover i låta. Velvet Underground-fele kom opp som eit tema når vi var i studio, og då var det jo rett mann å spørre! Eg trur vi prøvde masse rare greier, og eg hugsar veldig godt at eg sa til Øyvind at eg synest den let altfor «pent» når vi fekk dei første miksane, men det ordna seg det. Det blei kult og skittent og akkurat sånn det skulle vere.

Daniel Meyer Grønvold & Jørgen Solberg Knutsen – Kor: «Kanskje nokon andre»

Daniel og Jørgen spiste eg middag med den dagen vi skulle legge vokal på denne låta. Dei er jo begge to svært eminente musikarar i sine eigne prosjekt (Moon Relay/Deep Thoukus og Dig Deeper/Utakk), men det er kanskje ikkje så ofte du får høyre dei synge. Eg trur det var ein fredag, og dei kom opp i Brageveien som er der vi har studio med ei flaske vin. Og så spurte vi om dei ville legge på litt koring. Det var berre ei sånn triveleg greie som skjer av og til, og det må ein jo berre vere takksam for, tenkjer eg. Sjekk ut banda deira, dei er gode!

Tonje skriver alt av tekst mens melodiene blir laget av bandet som helhet. Hvordan er denne prosessen? Hva kommer først? Tekst eller melodi? Og hvordan relaterer de til hverandre?

Dette varierar faktisk ganske mykje. Før i tida var det eg som skreiv nesten alt, som ein slags fæl diktator, men det blir jo som oftast betre musikk viss ein kan spele litt på kvarandre. Det hender seg sjølvsagt av og til at eg kjem med ein ferdig låt fortsatt, som vi då jobbar med arrangementet på saman, men på den siste plata har både Gudmund og Øyvind skrive ganske mykje. For eksempel «Kanskje nokon andre» er ein låt eg hadde gitt opp, men Gudmund synest refrenget var så fint. Så ein dag kom han med eit heilt nytt gitartema og vers som han hadde laga. Då fekk eg ny giv og klarte lage tekst og melodi til resten av låta, og det blei jo veldig bra! Så når vi jobbar saman får eg ofte heile akkordrekker ferdige eller delar som vi sett saman av Øyvind og Gudmund. Så går eg rundt og høyrer opptak av dei og prøvar skrive noko som passar til. Av og til blir det bra, og som oftast blir det masse dårleg som eg kastar frå meg undervegs.

Eg er ekstremt sjølvkritisk når eg jobbar med tekst, og når eg skriv åleine er det i veldig stor grad teksten som kjem først. Eg prøvar å finne ein tanke, ei kjensle, ein situasjon eller noko slikt, som eg skal skrive ut. Eg har jobba mykje med å klare å lage konkrete bilete som er lette å forstå, og som det skal gå an å kjenne seg att i. Og så synest eg det er viktig å ta opp tema som vi kanskje ikkje er så flinke til å snakke om i det daglege. Kanskje til og med ting som kan vere litt ubehagelige, som psykisk helse og sånt.

Hva er bakgrunnen for valget av albumtittelen «Ta sjansen» og hva ønsker du/dere  å formidle med den?

«Ta sjansen» er ein låt om å tørre å feile på ein måte. Den er skrive som ei slags oppmoding til å gjere noko ein gruar seg til, for eksempel å spør nokon ein likar om å gå ut i lag. For nokon kan det vere frykteleg vanskeleg å gjere sånt fordi ein forventar at ein skal bli lei seg eller såra, og er redd for korleis det skal gå. Då er det viktig å tenkje at det verste ein kan få er eit nei, og så går faktisk verda vidare. Ein kan sleppe å lure på det meir, men då må ein ta sjansen. Det er vel eigentleg berre det, og det synest eg folk må bli flinkare til!

Dere har også valgt å gjøre en coverlåt av Will Oldham/Bonnie Prince Billy,  «I See A Darkness», som blant annet også er tolket av Hank von Hell, Rosalía & Raül Refree, Northern Lite og Johnny Cash. Hvilket forhold har du/dere til låtskriveren/artisten Will Oldham og denne låten?  Hvorfor fikk du/dere lyst til å lage en egen versjon?

Will Oldham og Bonnie Prince Billy er nok ein av artistane eg har lytta aller mest til. Han er utruleg flink til å skrive enkelt og direkte om ting som vi kanskje ikkje alltid er så flinke å snakke om. «I See a Darkness» har jo eit veldig tungt tema, og handlar om depresjon og det å ha det vanskeleg inni seg, men eg meiner likevel at det er ein veldig positiv og oppløftande låt. Den handlar om å prøve å få hjelp, og å snakke om det og setje fokus på kva som er viktig når andre folk ikkje har det bra. Akkurat det synest eg vi skal bli flinkare til å ha fokus på, og eg tenkte vel at dersom eg skreiv om teksten til norsk var det kanskje litt fleire som oppdaga den, og kva den handla om.

Her er noen ord som jeg vil at du skal si litt om ditt forhold til og hva de kan si om Avind og eller «Ta Sjansen»: Indie, folk, country, hjertesmerte, kjærleik, tosomhet, avstand, mørke.

Eg prøvar å svare på denne litt i eit, eg. Dei tre sjangrane du har skrive opp der, er vel kanskje dei sterkaste trekka i musikken vår som vi er inspirerte av. I tillegg er det jo både referanser frå hardcore og emo litt latent i miksen, men vi er jo litt sånn at vi ofte prøvar å lage noko eige, og ikkje tenkjer så mykje på kva det kjem av. Alle dei fem personane i bandet har jo sine greier og oppheng, og så endrar vel uttrykket seg litt etter kva vi har dilla på for tida, og litt fordi vi stadig blir litt meir vaksne. Det er jo fint det, ei slags heilt naturleg utvikling. Og så er det jo ikkje akkurat hemmeleg at vi kanskje er litt over middels glad i country, kanskje meir enn ein skulle tru av det gjengse indieband.

Når det gjeld dei andre orda er vi vel inne i tekstuniverset. Det er jo ikkje slik at eg prøvar å skrive episke tekstar om kjærleik og hjartesmerte, men meir at eg prøvar å halde ting litt nært og å skrelle ned det som er unødvendig. Det har eg faktisk øvd meg litt på dei siste åra, og eg prøvar å konkretisere tekstane meir og lage tydelege bilete og historiar. Og så trur eg nok at årstidene verkar ganske kraftig inn på meg, viss det er mørkt så fokuserer eg på mørkret, og viss det er lyst så er eg litt lysare til sinns, men det trur eg ikkje er så frykteleg unikt igrunn. Dei aller fleste har sikkert kjent på at vinteren er lang og tung og det kjennest uendeleg lenge ut til det blir lyst igjen. Men det blir jo det, sikkert som banken, så er kanskje ein del av min måte å kome gjennom det heile på å skrive ekstra mykje, så då endar jo ofte ein del av det opp inni musikken på grunn av det. Det er ganske godt å skrive når det er mørkt ute, synest eg.

«du kan ikkje berre forvente at
alle andre skal vere slik du vil at dei
skal vere.
Du må berre jobbe litt med det
åkei?»

Denne låta handla heilt konkret om ein person eg prøvde å arbeide i lag med, som hadde veldig store problem med å tileigne seg måtar andre jobba på. Det var ekstremt rigid, og viss ikkje ting var akkurat slik hen ville det skulle vere, blei det utruleg dårleg stemning. Ein dag gjekk eg heim og skreiv heile teksten på «Kraftanstrengelse» på eit par timar, berre fordi eg var innmari sint. Det går heldigvis litt betre no, med meg i alle fall.

Platen er spilt inn i Brageveien Studio i oslo. Fortell om dette lokalet, utstyret der og om hvordan atmosfæren og rommet har satt sitt preg på «Ta sjansen».

Eg spurde Øyvind om han kunne hjelpe meg med å svare på dette, og då fekk eg tilbak , «tja, veit ikke hva jeg skal svare på det, utstyr er jo dritas kjedelig «masse fete micer og preamper» liksom.»
Det som kanskje er viktigare er jo at Brageveien på ein måte har blitt der vi heng. Gutta i bandet er medeigarar i studioet, og det er jo på mange måtar ei slags ekstra stove for gjengen. Vi heng ut der utanom øvingane òg, nokre gongar har vi små konsertar med oss sjølve og dei andre vi deler med, eller med band og artistar som har jobba i studio. Det er skikkeleg triveleg, og naboane sett pris på det. Ellers kan det vere at det dukkar opp ein fotball- eller filmkveld. I tillegg gjer jo det at vi føler oss heime der, og at det både er studio (og Øyvinds arbeidsplass utanom bandet) og øvinglokale fører nok til at vi slappar av enno meir når vi jobbar med materiale der.

Bandets egen Øyvind Røsrud Gundersen har produsert platen. Hvordan det har preget lydbildet på albumet?

No er jo vi kanskje litt inhabile då, men Øyvind er jo ein veldig god produsent. Han er så open og uredd for å prøve ut greier. Det likar vi veldig godt! Samtidig er han flink til å seie frå og eg trur det at vi kjenner kvarandre så godt gjer at vi kanskje tør å vere litt meir opne og diskutere det vi er uenige i. Det kjennest i alle fall ut som at alle får sagt noko og alle blir høyrt på eit eller anna plan. Det er jo 5 folk som skal fungere saman og vere nøgd, det er litt å halde styr på. Eg trur også at vi var enige om at vi ville at feelingen på skiva skulle vere litt sånn open og luftig, men at det samtidig skulle ha litt motstand. Eg er i alle fall veldig glad for at han orkar å jobbe med oss sjølv om han må ha både gitaristhatten og produsenthatten på. Vi held på med eit EP-prosjekt for tida, og sjølv om vi jobbar mykje saman i Brageveien no, så har vi bestemt oss for å reise bort til nokon andre studio og spele inn låtane ordentleg. Det trur eg er sunt både for Øyvind og oss andre! Rapport på det får følgje seinare.

Eirik Lande har tatt forsidebilde. Fortell om fotografen, bildet dere har valgt og hva dere ville artikulere med det.

Framsida på plata er eit gamalt bilete av meg, som Eirik tok i 2006 når vi budde i kollektiv saman i Trondheim. Det er jo eit innmari kult bilete, og så passer det jo ganske bra til tittelen! Når vi fann ut at plata skulle heite «Ta sjansen» så blei eg overbevist om at det var dette vi måtte bruke, så eg spurde Eirik om vi kunne det. Han syntest det var kjempegøy, og då fekk vi også nokon fleire bilete frå same tidsperiode som han har tatt, til å bruke på singlane. Eirik var veldig mykje ute og tok livefotografi frå 2004 og ein del år utover, og har sikkert tatt bilete av dei fleste norske band som var aktive på den tida. Han er ein veldig god venn, og sjølv om han ikkje er like aktiv på fotofronten lenger, synest eg fortsatt han er ein av dei flinkaste! Ein veldig bra fyr, rett og slett!

Fortell  om plateselskapet deres.

Den første EP-en ga vi ut på Just For The Records. Dei driv jo hovudsakleg med jazz og litt tilstøtande sjangrar, men sidan dei var kompisar av oss når vi budde i Trondheim så fekk vi lov til å debutere der. Eller strengt tatt så debuterte vi på How is Annie Records med ein singel, men det blei berre med den eine sidan dei meir eller mindre var nedlagt på den tida. Heldigvis har det jo blomstra opp att litt på den fronten, det er veldig kult! Dei to platene våre kom på Snertingdal Record som er drive av ein triveleg type som heiter Stian Svehagen. Han har igrunn latt oss halde på akkurat som vi vil, men det er jo fint å ha ein å prate litt med om korleis ein skal løyse ting og tang. For oss har vel eigentleg Snertingdal vore meir som friheit til å gjere akkurat kva vi vil, men samtidig så hjalp det oss litt med å konkretisere korleis vi arbeider og ga oss ein slags liten paraply å vere under saman med andre band og artistar som jobbar litt på same måte. Dessverre blir selskapet lagt på is for ei stund no, så kor vi kjem med ny musikk neste gong veit ikkje ein gong vi enno. Vi får sjå, ein kan jo håpe på at det dukkar opp nokon interessentar som har lyst til å jobbe med oss.

Kan Tonje til slutt velge fem sanger som har inspirert henne som sanger, fem som musiker og fem som låtskriver og si litt om hva hun har likt med disse låtene eller blitt bevisst i forhold til egen musisering. Og  kan de andre velge to låter hver som de forbinder med Avind og si litt om hva som får de til å tenke på bandet med disse låtene.

Dette siste feltet har eg tatt meg friheit til å lage ei liste i Spotify med. Eg tenkte at det blir veldig langt om eg skal skrive noko om femten låtar, så eg prøvar heller å oppsummere dei tre kategoriane litt, om det er ok! Det tok årevis før eg eigentleg såg på meg sjølv som ein vokalist, det var meir ein slags ting som følgde med når ein skulle lage musikk med tekst. Då måtte ein jo synge den også. Eg vart jo først forma som musikar, og gjennom mange år som fløytist og berre det, fekk eg ein stor del av musikaliteten min frå at eg dreiv med jazz og friimprovisert musikk, mykje pling-plong og modaljazz. Eg høyrde aller mest på saxofonistar, og eg er veldig glad i Wayne Shorter og Ornette Coleman den dag i dag. Som songar har eg enorm respekt for ein del coyntryvokalistar, eg er stor fan av Merle Haggard og Patsy Cline. Der har det eit eller anna med timing å gjere, eg kan ikkje heilt forklare det, men eg prøvar som regel alltid å ta med meg litt av den måten dei formidlar teksten på inn i mine eigne greier. Det er så direkte, og sårt og heilt vilt bra. I tillegg så kan eg få heilt megakick på sånn emo-skriking, men det får eg ikkje til, så eg trur ikkje eg skal prøve meg. Men det ligg sikkert latent baki der ein plass og marinerer i lag med alt det andre. Er kanskje ikkje så langt frå kvarandre det og saxofon-skriking, når eg tenkjer meg om, litt den same kjensla.

Når det kjem til låtskrivinga er det jo heilt openbart teksten som er det drivande for meg personleg. Her kunne eg like gjerne valt ut nokon bøker som hadde inspirert meg, for det er ikkje nødvendigvis sånn at det må vere ein låt. Eg likar veldig godt å prøve å setje meg inn i ein situasjon, eller ei kjensle, eller eit eller anna rart som skulle oppstå, og så dikte greier ut frå det. Det kan kome frå nesten kvar som helst. Sånn som med «Ta sjansen», då brukte eg alt som skjedde rundt bandet, og så fann eg på masse greier som passa til det, og prøvde å forme det til eit eller anna universelt som fleire kan kjenne seg att i. Eg likar jo veldig godt å skrive, og synest det er veldig kjekt med språk, så det ligg nok noko der i den utforskande delen også. Om eg skal nemne ei plate der eg verkeleg begynte å legge merke til innhaldet i tekstane så må det nok bli «Yankee Hotel Foxtrot» av Wilco. Eg trur eg kan alle utanåt, og det er så mange finurlege vendingar og gode bilete. Det var nok der det starta, det heile.

 

Øyvind:

El Scorcho – Weezer

En ubevisst inspirasjon for gitarfiguren min på «Kraftanstrengelse». Jeg måtte faktisk starte et Weezer-coverband for å finne ut hvor lik den gitaren er. Mer generelt tenker jeg mye på Elliott Smith når det gjelder Avinds musikk, jeg har hvert fall begynt å høre mye på ham igjen etter at jeg startet i Avind.

 

Gudmund:

Eg har lyst til å snakke om gitarsoloar. Ein bør på generelt grunnlag vere skeptisk til gitarsoloar og plassen dei får, men det er no ein gong ein to-tre soloar på plata vår, og når det er gitarsoloar i Avind er det stort sett eg som spelar dei. Eg har valt ut to Beatles-låtar som er sentrale for meg når det gjeld å spele gitarsoloar i slik musikk som vi driv med.

The Beatles – Let It Be

Den første er «Let It Be», singelversjonen, ikkje plateversjonen. (Lat meg altså understreke at det er soloen, og ikkje sjølve låta, som er sentral her.) Eg lærte meg denne soloen tone for tone for lenge sidan. Hugsar ikkje kvifor, trur kanskje det var for å finne ein enkel solo til ein gitarelev. George Harrison spelar enkle fraser som er hogd ut i stein, og komposisjonen til soloen er heilt perfekt. Eg føler at eg prøver å kopiere dette stadig vekk.

The Beatles – The End

Den andre låta er «The End» frå «Abbey Road». Her spelar George, Paul og John kvar sine soloar etter tur, og den brutale og støyete måten John Lennon spelar sologitar på fekk meg til å tenkje «Men det der kan eg også få til!» då eg høyrde låta som tenåring. Det har vist seg å vere ein temmeleg anvendeleg måte å spele sologitar på.

 

Amund:

Flying Burrito Brothers – Sin City

Av og til når det er ekstra god stemning på øving brukar vi å avslutte med ein country-klassikar. Da er «Sin City » ein av favorittane! I tillegg kan eg nemne Frank Zappa med «Zomby Woof». Ikkje fordi Zappa sin musikk nødvendigvis er så lik Avind sin, men fordi første gong eg møtte Tonje var på øving til eit Zappa-prosjekt der Tonje møtte opp og måtte bladlese fløytenoter som utelukkande besto av noter med hjelpelinjer. Her står vi 15 år seinare og spelar framleis i band saman.

 

Avind – Ta Sjansen (2021, album)

 

Avind – Evig blenda (2018, album)

 

Avind – Ta Sjansen (2021, singel)

 

Avind – Ingenting du må (2021, singel)

 

Avind – Kraftanstrengelse (2021, singel)

 

Avind – Det er ingen i nærleiken av deg (2020, singel)

 

Avind – Så Ser Eg Inn I Mørket (2020, singel)

 

Avind – Du kan bruke mørket innafrå til lys (2018, singel)

 

Avind – Evig blenda (2018, singel)

 

Avind – Dumrian (2017, singel)

 

Avind – Stummande mørke (2016, EP)

 

 

Sjekk også:

Avind – Ta Sjansen & Så ser eg inn i mørket (Ferske spor uke 28/2021)

Avind – Så Ser Eg Inn I Mørket (Ferske spor uke 5/2020)

Avind – Du kan bruke mørket innafrå til lys (Ferske spor uke 17/2018)

Avind – Evig blenda (Ferske spor uke 8/2018)

Avind – Dumrian (Ferske spor uke 48/2017)

Avind – Kanskje nokon andre (Ferske spor uke 42/2021)

Sjekk andre relaterte saker under.

 

Her kan du søke etter og låne musikk, bøker, tegneserier og noter i Deichmans katalog

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.

Bli med blant 21 andre abonnenter