Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Victor Josefsen Intervjuer 27. januar 2022

White Trash Blues Band: Svett garasjesoul fra Oslo-bygda

– Når vi kom i gang med å lage låter og innspeling av «We Got Time to Waste» så hadde vi løst vår måte å arbeide på. Vi har ikkje tid eller mulighet å henge ut samla 1-2 ganger i øvings i uka. Alt vi gjer må være effektivt. Vi lager små demoer som blir sendt ut og der alle har ansvar med å finne ut ka dei skal spele. Noko som blir testa ut og flikka på når vi då endelig møtast, forteller vokalist og gitarist Jan Magnar Hatlemark i White Trash Blues Band, som er aktuell med albumet «We Got Time to Waste» på Blues For The Red Sun.

Tekst: Jan-Olav Glette / Foto: Billy Bob Bogan

Jan Magnar Hatlemark  i White Trash Blues Band forteller i dette intervjuet om sitt lidenskapelige forhold til det amerikanske neo new wave-bandet Possum Dixon, det første  ordentlige møtet med blues på baren Terra Blues i New  York og hva artister som Otis Redding og Bobby Bland har betydd for ham som menneske.

Ellers får vi høre om langvarige personlige vennskap, å skjære inn til kornet og samtidig være effektiv, og om voksende musikalsk respekt og ferdigheter.

Bandet forteller også om Erling Zahl Urkes trang til å lære seg nye ting, hvordan han har bygget sitt eget instrument og hvordan det har blitt et viktig bidrag til bandets lydbilde og egenart.

Hva er bakgrunnen for bandnavnet og hvilket forhold har dere til amerikanske fattigfolks kultur og blues?

Heilt sidan eg såg Cato Salsa Experience som husband på Kroa i Bø hausten 1998, der det dukka opp folk som hadde pynta seg og trudde dei endelig skulle få benytte salsa-kunnskapane sine, så har eg villa ha eit bandnavn som var litt misvisande når det gjelder ka sjanger vi spelar. Vi er eit rock’n’roll band, men blues skulle absolutt være med i navnet. Når det kjem til White Trash så er jo det både eit belastande og uhipt begrep, noko som passa godt med tanke på at dette skulle være eit band med absolutt ingen ambisjona. Vi skulle bare ha ei unnskyldning for å henge ut i øvings, drikke øll, prate sjit og kanskje fått stækka nokre låta på beina. Vi hadde aldri noko plan om å gi ut musikk. Samtidig er det kanskje også ein motreaksjon på at alt skal være så fancy i dag. Vi som band beståande av middelaldrande menn som strekker strikken passer absolutt ikkje inn der. Videre så kan en slenge på stikkord som talent for å pisse vekk spenn, følelser av å ha vært ekskludert deler av livet, fasinasjon for nattelivet samt et behov for å være i opposisjon. Det må nevnast at vi har fått tilbakemeldinger på at band med et navn som vårt er heilt utelukkande å følge eller høyre på. Så eg tenkte det kunne være greit å få informert om at det ikkje er eit einaste medlem i bandet som har eit fnugg av rasisme i seg, og vi alle tar sterk avstand fra det. Sjølvsagt!

Hva med den berømte baren og konsertstedet White Trash i Berlin eller låten fra «Dirt Track Date» med Southern Culture on the Skids som ga navnet til dette etablissementet?

Hadde ikkje hørt om stedet, sangen eller bandet før no. Føler ikkje at eg har gått glipp av noko.

Jan Magnar og Asgaut, når og hvordan oppdaget dere musikk og hva var det som gjorde dere så lidenskapelig opptatt av den? Hvilken musikk var dere omgitt av i oppveksten?

Asgaut Bakken

Mykje musikk og song i heimen, noko som medførte piano- og songundervisning frå femårsalderen fram til ungdomsskulen, då tok gitaren over gitt.. Oppdaga Elvis og Shadows tidleg gjennom far min, og klassisk musikk på rommet til Arve Moen Bergset. Etter det var det a-ha og listepop frå «Ti i skuddet» som gjaldt før Odd Nordstoga sin bror Åsmund byrja på vgs. og introduserte oss for Peter Gabriel, Dire Straits, deLillos og The Police m.m. Derifrå gjekk den musikalske vegen frå hardrock og metal, via trash- og blackmetal til indie.

Jan Magnar

Mor sei det første eg fikk kick av som 3-åring, på den måten der armer og bein gikk i alle retninger, var den sjøltittulerte skiva til Gluntan frå 1970. Den gikk på repeat og sleit min mor ut. Spesielt låten «Et farlig spill», som er en norsk variant av sangen «Ring of fire». Kanskje ikkje så rart at Johnny Cash vart ein gjengangar seinare i livet. For øvrig mykje fet country som Charlie Pride og sjølsagt litt Merle, Waylon, Tom T. Hall og sjefen sjølv George Jones. Veldig glad i Jones, han har jo heilt sjuk fet stemme og timing. Og heldigvis masse Everly Brothers ispedd litt trekkspelmusikk. Hans, min bestefar, var musiker der han ralla rundt med trekkspelet og spelte på grender i Sykkylven, og ein eller annan gang fylgte melkeruta innover fjordane og vart møtt på kai med hest og kjerre. Kan du tenke deg kor moro dei måtte ha hatt det? Det står høgt på lista over øyeblikk eg gjerne skulle ha vøre ein del av. Besten med trekkspelet og som styrer festen med stø hånd.

Men det var nok ikkje før eg ramla over dei blå og raude albuma at det skjedde noko, på den måten at eg vart tenkande på musikk når eg ikkje hørte på det. Det var nytt, og har fortsatt følelsen i kroppen av å haste på veg heim frå barneskulen fordi eg visste eg var heime åleine i alle fall i ein god halvtime. Det betydde at eg kunne sette meg i stresslessen forran stereoanlegget (type integrert løsning i brun plast) og blæste The Beatles så høgt det var mulig. For musikk skal også være fysisk. Og nettopp Beatles er årsaken til at catchy er eit gjennomgangstema i mykje av den musikken eg både høyrer på og lagar.

Tidlig i tenåra var eg heftig påvirka av min 5 år eldre bror Frank, som førte meg til klassikerane som Deep Purple, AC/DC, Iron Maiden, Bob Marley, Jimi Hendrix. Kiss oppdaga eg heldigvis på egenhånd. Brutter var eit stort forbilde når eg vaks opp, han var rå på gitar, spelte i ulike band og kjørte motorsykkel. Det einaste eg hadde å utsette på han var når han tok permanent.

Når begynte dere selv å spille og synge og hva var det som fenget med denne måten å uttrykke seg  på? Hvorfor gitar og vokal?

Asgaut Bakken

Kan ikkje hugse når eg starta med det, var tidleg… byrja å skrive låtar i løpet av ungdomsskulen, men tok det aldri noko vidare. Gitar og vokal fordi dei rimar på kvarandre viss du legg litt godvilje til!

Jan Magnar

Om eg ikkje hadde røke korsbånda pga. fotball (treningskamp mot køddane frå Stranda) som 16-åring, så hadde eg nok ikkje starta å spele gitar og der musikk utvikla seg til å bli ein mani. Før skaden så spelte eg trommer. Må vel seiast at eg stinka, og var jo jævla uheldig å spele i korpset samtidig som Kenneth Ekornes. All sjølvtillit fordampar lett då. Så forsiktig klimpring på min brors kassegitar husker eg var ei kul tid. Såg at det fønka bedre hos jentene også. Aldri brydd meg om å spele covers, gikk rett på å skrive egne låta. Sjølvsagt på gehør, angra at eg ikkje tok meg tid til å bla i Lillebjørns gitarbok så eg fikk lært meg det grunnleggande. Kan jo ikkje skala eller ka ting heiter. Det har nokre fordeler, men flest bak. Synge er jo morsomt, litt i kor, litt med familie, men at eg har endt opp med å være vokalist er ikkje fordi eg har krevd det, men meir fordi andre har nekta. Skulle gjerne vøre enten gitarist eller vokalist. Å gjere begge er til tider både kleint og frustrerande. Det betyr bl.a. at eg må ha egen øving, og det er faen ikkje nøke som er meir pyton enn det.

Hvilken funksjon har musikk i livene deres i dag og hvordan skiller det seg fra tidligere?

Asgaut Bakken

Lever av å booke folkemusikk, så musikk er ein viktig del av både kvardag og fest.

Jan Magnar

Tidligare var eg meir usikker på om eg likte noko eller ei, og lot meg nok påvirke meir av andres meiningar. Tok tid før eg fekk min egen identitet, og mykje av det starta når eg vart student og flytta til Bø i Telemark. Bare det å henge på Kroa i Bø og bli eksponert for så mykje feit livemusikk har satt sine spor: Bob Hund, Otto Speedway Action Organ, Movietone, The Chairs, Red Harvest, Motorpsycho med mange fleire. Videre så er det jo alle folka du møtte som gav meg påfyll, og der må Vidar Skeie nevnast. Han booka mykje bra musikk til Bø, og kanskje ei par vi kunne vøre foruten. Han introduserte meg bl.a. for musikken til Bo Diddley, det er eg veldig takknemlig for. Samt han starta opp Fri Musikkens Venner Nå (FMVN), noko eg vart ein del av og leda nokre år. Samt han drog meg med på Hellacopters‘ første gigg i Norge på John Dee. Det rysta meg kraftig, for noko så heftig, høgt og så inni helvete tøft hadde eg ikkje sett før.

Når det gjelder den store forskjellen om ka funksjon musikk har hatt tidligere og no, så er det nok at eg bruker meir tid på å lage musikk enn å høyre på andres skiver. Det er jo rett og slett så mykje meir moro å gjere det sjølv. Ein blir avhengig.

Har dere noen favorittgitar, forsterker, pedal eller mikrofon. I så fall hvilken og hvorfor?

Asgaut Bakken

Har ein Elmwood 3100 amp med 4×12 kabinett som eg er veldig glad i så lenge eg ikkje må flytte på den. Mellom den og gitaren, ein Hondo Revival frå 1979, er det kun ein vrengpedal – ein Hudson Broadcast Dual, som eg tykkjer er alldeles strålande til mitt bruk.

Jan Magnar

Å finne fram til utstyr som eg føler meg komfortabel med har vøre ei lang reise, og den sluttar vel egentlig aldri. Har hatt så mykje fanzy boutique amper, fete vintage gitarer av typen Fender o.l., men aldri fønne meg heilt til rette. Når det gjelder gitarer så blir eg tiltrukket av det litt meir ukjente (cheezy guitars) som Taco, Crucianelli, Hoyer, Alamo. Hovedøksa i dag er en Hopf Saturn 63, deilig feit hals med mikkar som høyres rufsete og vrengt på same ka amp eg trer den ned på. Utfordringa er at Hopf-gitaren er litt skranglat og er kanskje ikkje den beste å bruke live, så eg er på leit etter noko litt meir solid til konsertbruk. Når det gjelder forsterker så har eg funne det som fønker for meg for resten av livet, det er en Music Man 75 amp med 2×12 Orange kabinett. Ampen holder eg som gissel, fordi det er ikkje eg som eiger den, men Stefan Langfors (også tidligere medlem av p.i.k.e. og  medeier i plateselskapet Honeymilk), som ga ut Serena Maneesh, x.lover, Johnny Hide, Frode Fivel med  flere). Han vil ikkje selge, og eg vil ikkje returnere – i alle fall ikkje før eg har fått anskaffe meg ein sjølv. Bare synd at 75-modellen er den vanskeligste å få tak i. Sorry Stefan!

Hvor opptatt  er dere av det tekniske utstyret?

Asgaut Bakken

For lite antakeligvis, for ofte eit eller anna som ikkje virkar som det skal.

Jan Magnar

Alt for lite dessverre. Men mitt oppsett er iallefall meir stabilt enn Asgaut sitt, og det er det viktigaste.

Hvorfor garasjeblues?

Asgaut Bakken

Jan Magnar er særs oppteken av soul, medan me som musikarar er for dårlege til å spela soul eller blues slik at det vert greie på, då vart vel garagerock løysinga..?

Jan Magnar

Når nokon sei at vi spelar garage så kjenner eg meg ikkje igjen, og det er svært lite garage eg høyrer på i kvardagen. Kan like godt smelle på at det er generelt lite rock å høyre i heimen, da hovedtyngden er soul, blues, country og gospel ispedd skranglat indiepop. Når det først er rock på gang så velger eg ofte skandinavisk. I det siste har det gått mykje i Quarter Wolf, Dirty Burger og Gringo Bandido.

Hva er de viktigste inspirasjonskildene i eller for skapelsesprosessen deres?

Inspirasjonen kjem sjølvsagt fra populærkulturen via bøker, film og plater og sjølve livet.

Hvordan vil dere si at  White Trash Blues Band  skiller seg med tanke på musikalsk tilnærming og bandkjemi i forhold til andre band dere er eller har vært aktive i, som Quarter Wolf, Napoo, p.i.k.e., Blåmann Blåmann, Headset, Man Yagnar og hva har dere tatt med dere fra de andre  prosjektene til White Trash Blues Band?

Paul Daniel

Quarter Wolf er først og fremst et liveband, og låtene er best å oppleve i et skittent lokale med mye bråk fra publikum. QW er en duo hvor Marius (gitarist, vokalist) er låtskriver, og deretter har vi har en veldig rett fram tilnærming til arrangement og innspilling av låtene. De fleste utgivelsene i QW sin backkatalog består at LP/EP-er spilt inn i samme sesjon. WTBB vil jeg si er mye nøyere på arrangementet til låtene, hvor ting er bygget opp, endret, byttet ut osv. frem til det sitter som det skal. Sånn sett kommer WTBB mer fra en låt-i-fokus perspektiv fremfor en faen-dette-skal-vel-funke-på-gig! perspektiv.

Et annet prosjekt, som ikke er nevnt i spørsmålet her, er Bock. Dette er et prosjekt mellom Jan Magnar og jeg, selv om det er litt i dvalemodus for tiden. Vi begynte å jamme sammen bare et par måneder etter at jeg flyttet til Norge (jeg er australsk) og vi holdt på å jamme pinlig lenge (flere år). I løpet av den perioden spilte vi inn en 2-låt LP (hver låt er 20 min eller noe) så vi har faktisk en fysisk utgivelse der; en 12-tommer, kun 50 stk. Det er egentlig helt umulig å beskrive sjangeren her. Den eneste røde tråden er at det er låter som bare freser gjennom mange forskjellige partier, alt fra rock, pop, indie, folk (nesten), prog og mye annet jeg ikke husker nå. Men låtene er likevel bygget opp slik at de skaper god dynamikk og skal ikke være vanskelig å høre på (bortsett fra cymbalpartiet, som vil ødelegge hørselen din). Her kan man nok finner flere inspirasjonsøyeblikk til diverse låter på WTBB sin «We Got Time to Waste».

Erling Zahl Urke

Jeg har spilt med Jan Magnar siden 90-tallet, og dette er første gang jeg ikke spiller trommer. Så for min del er det den største forskjellen. I tillegg føles det som låtene kommer mer naturlig og lettere enn det gjorde i napoo.

Asgaut Bakken

Har hatt bortimot same funksjon i alle dei tre banda napoo, Blåmann Blåmann og WTBB, eg legg gitar nummer to etter at låta er så nokonlunde på plass og kjem med innspel i høve arrangementet. Dei tre banda har også ein annan likskap, og det er at det liknar meir på opplyst einevelde enn demokrati, noko fleire bør setje pris på.

Svein Andre Røe

Forskjellen på WTBB og andre band vi har spilt i er at vi er 5 kompiser på ca. samme plass i livet og en god del erfaringer rikere med tanke på musikkbransjen og livet generelt. Det gjør det lettere å navigere seg gjennom denne bransjen full av sære normer og uskrevne regler.

Så det vi i hovedsak har tatt med oss fra andre bandprosjekt er erfaring, og at vi jaggu har blitt litt flinkere i det vi driver med.

Jan Magnar

p.i.k.e. er vel det som skiller seg ut mest. Første skikkelige band som spilte gigs og gav ut skive, og bestod av folk eg vart kjent med på høgskolen i Bø. Problemet var at eg kun var trommis, som hadde eit ønske om å spele gitar og lage egne sanga. Så frå Headset og fram til WTBB har eg fått tilfredsstilt det behovet, og mange av dei øvrige elementa er like. Ein gjeng med kamerater der eg har hatt ansvaret for rytmegitar og vokal, samt skreve dei fleste låtane. Dei siste åra har det stort sett vøre fritt for jamming og demokrati. Kan faen ikkje fordra det. Men i WTBB kjem ting meir naturlig og ei låt framstår som ferdig forholdsvis raskt. Samanlikna med før der ein bala rundt i evigheten. Vi er effektive, og det er veldig lite tvil rundt arrangement og om eit riff holder seg over tid. Samtidig er vi flinke til å stå i det når ting har skjært seg, og ikkje slå seg til ro med en halvveis følelse. Ærlighet er verdsatt.

Hvordan er bandets utvikling fra Quarter Wolf & White Trash Blues Band – «Shitfaced and on Fire» & «Spread the Gospel» til «We Got Time to Waste»?

Når vi kom i gang med å lage låter og innspeling av «We Got Time to Waste» så hadde vi løst vår måte å arbeide på. Vi har ikkje tid eller mulighet å henge ut samla 1-2 ganger i øvings i uka. Alt vi gjer må være effektivt. Vi lager små demoer som blir sendt ut og der alle har ansvar med å finne ut ka dei skal spele. Noko som blir testa ut og flikka på når vi då endelig møtast. Ting var gjennomarbeida på «We Got Time to Waste», og vi visste nøyaktig ka låter som skulle på skiva. På splitten med Quarter Wolf (Westergaard Records) så trur eg ikkje vi hadde heilt landa på kva rock & roll band vi ønska å være. Samtidig er lydbildet på splitten mykje meir rowdy og med ein DIY-attityd som kanskje ikkje skinner like klart på fullengderen. For meg er både arrangement og tekster og hooks litt meir på plass på «We Got Time to Waste».

Fortell om hverandres musikalske styrke og rolle i White Trash Blues Band.

Jan Magnar Hatlemark – vokal, rytmegitar

Paul Daniel
Låtskriver og den som driver ting fremover i bandet, og med et nesten utømmelig bibliotek av inspirasjonskilder og referanser. Det fosser ut demoer, og når disse først kommer til bandet bruker han tiden som trengs for at det sitter skikkelig. Ikke redd for å kaste ideer om de ikke funker. Bandets leder og drivkraft.

Erling Zahl Urke
Jan er en fantastisk låtskriver, som ikke gir seg før låta har noe nytt å tilby. Han lar seg inspirere av annen musikk, men kopierer aldri. Han er også rock steady på rytmegitar, og en glitrende vokalist. Den kreative motoren i bandet, den som driver det hele.

Asgaut Bakken
Ein alldeles strålande låtsnekker. Bra på riff, melodi og ikkje minst tekst. Det er eit resultat av at han er akkurat høveleg galen i hovudet slik at han fungerer i det daglege, samstundes som han er langt frå noko som liknar på normal og difor særs kreativ.

Svein Andre Røe
Mr. White Thrash! Spyr ut riffideer og vokallinjer som et maskingevær. Holder troppen samla som en Border colli.

 

Svein Andre Røe – bass, kor

Paul Daniel
Mest stødige medlem av rytmeseksjonen og verdens mest pålitelig og forberedte bandmedlem vil jeg påstå. Kan alltid tekstene fra første øving med koring. Vinner Månedens Merch Selger hver måned.

Erling Zahl Urke
Stødig som fjell – og stiller alltid godt forberedt på øving. Det er aldri han som sinker oss i å få ferdig ei låt. En bassist du kan stole på, både som musiker og som type.

Asgaut Bakken
Stø som fjell samstundes som det svingar vilt av bassinga hans! Har også evnen til å kore strøkent utan at det går utover grooven.

Jan Magnar
Svein er den einaste eg ikkje hadde spelt saman med før WTBB. Men har visst lenge at om eg nokon gang skulle sette saman eit nytt band så var han mitt førstevalg som bassist. Er den mest proffe av oss alle, bunnsolid og alltid forberedt. Lar seg ikkje pille på skaftet, og bretter gjerne opp ermene for å ta ein heftig diskusjon der dei andre har skjønt det er nyttelaust. Fasinerande å sjå kor han pirker bort i bassen ved første felles gjennomgang av ny sang, og neste øving ved ny gjennomgang så blir du alltid møtt av ei komplett basslinje som får meg til å smile. Det groover som faen! Og linjene blir svært sjelden justert fordi han veit når han skal ligge i bunn, og når det er på tide å lene seg fram og by på seg sjølv. Jævel på å kore, og pusha merch og skiver som ein hegdefondforvalter. Sjølvutnevnt SoMe-ansvarlig.

Erling Zahl Urke – keys, kor

Paul Daniel
Last to the party i låt-arrangement sammenheng, og det er til vår fordel. Han bygger videre på lydbildet til rytmeseksjonen med et komplementært bibliotek av støy, forvrengte synthlyder og andre elementer. Er den som kunne dratt oss fort ut av gubberock-fella om vi først hadde havnet der. Bandets diplomat og optimist.

Asgaut Bakken
Bandets Petter Smart! Bygger utstyr og opplegg sjølv, lærer seg å spela medan vegen blir til og køyrer på i full fart medan han syng av full hals bak rattet! Er også hjernen og arkitekten bak dei makalause videoane våre.

Svein Andre Røe
Fascinerende å se hvordan Erling lager sitt eget instrument mens han lærer seg å spille det. Korer som en Gud.

Jan Magnar
Bror Erling er den eg har spelt lengst med, og det har alltid vært eg og han. Føler meg jævla privilegert at vi har holdt saman sidan 90-tallet og fram til i dag. Erling betyr utrolig masse for meg, og hadde han hoppa av for lengst er eg ikkje så sikker på om eg hadde fortsatt dilla rundt med musikk som i dag. Det er vi som utgjer napoo, noko som passer oss bra for da blir det akkurat slik vi vil ha det. (Kjem for øvrig ny musikk frå napoo i 2022). Det nye er at han nå ikkje spelar trommer lengre, som han gjorde i Headset og napoo. Han har hatt ei interesse for å lage elektronisk musikk, noko som har resultert i eit sjølvbygd instrument som består av ulike elektroniske komponenter. Han er vår krydderseksjon, og gir oss en ekstra edge, som eg synes bidrar til å skille oss ut. Han gjer ein glimrande jobb på «We Got Time to Waste», men samtidig er han den med største potensiale til å påvirke låtane. Dette vil nok folk merke på neste skive. Han er virkelig vår diplomat og klarer å sjå glimt av håp når ting går til helvete. Samtidig må det nevnast at han er sta som faen.

Han har ansvaret med å lage videoer. Vi har totalt gitt ut 15 sanger, og 5 av dei har video! Og det er ikkje video av typen tape fast eit kamera på ein bil og ta ein liten kjøretur. Dette er propper videoa som han skyter på absolutt ingen budsjett. Hjelper sjølvsagt å ha tilgang til NRKs utstyrslager, men det i seg sjølv er ikkje nok til at en video blir feit. Han er bare veldig dyktig på lyssetting, kameravinkla, gode idea samt klipping. Mektig imponert, og digger samtlige videoa han har laga!

 

Asgaut Bakken – sologitar, kor

Paul Daniel
Mye inspirasjon fra folkemusikkverden som titter frem av og til. Han har den kraftigste stemmen i korgjengen med god margin. Man må som regel skru av mikrofonen til Asgaut og kun bruke det som fanges opp fra andres mikrofoner for å få balansert lyd. Bandmedlem med mest sykefravær trolig pga. bakrus. Har tidligere vært glad i storformat Mojito.

Erling Zahl Urke
Av og til dukker det opp noen folkemusikkinspirerte toner borte fra Asgaut sitt hjørne, og da smiler jeg alltid i skjegget. Etter årevis i et band uten gitarsoloer med Asgaut, er det digg å høre at han ikke har glemt kunsten.

Svein Andre Røe
White Trashs Van Halen. Leverer fete soloer på strak arm. Lugn og fin fyr, stødig som et fjell.

Jan Magnar
Asgaut er den eg har spelt nest lengst med, heilt tilbake til napoo. Det er umulig å mislike ein kar som tropper opp med ein termos Mojito på øving. Det er jo alltid bevegelse og action når Asgaut trer inn i eit rom, han er jo ein database med små anekdoter og vitser og fortellinger. Han er jo musiker, som kan både skala og korder, og eg huska når vi først starta saman i napoo at eg syntes det var jævla pinlig og var bekymra for å bli avslørt som ein søplete musiker. Det tok han vel 10 minutter, men etter det så føler eg vi har fått heng på kvarandre. Når det kjem til kreativitet er han unik. Når det er noko vi ikkje liker, så snur han seg rundt på sekundet og diskar opp med eit nytt forslag. Og slik holder han på til vi alle er nøgde. Det han har gjort på «We Got Time to Waste», er det beste han har gjort, inkludert soloer! Lurer på om han har tatt timer med nokon, hmm, kven kan det være? Han er ellers tungt belasta når det kjem til folkemusikk, noko som dukker opp i hans spelestil, digger det! Han har fått introdusert meg til nettopp mykje deilig folkemusikk. Sudan Dudan er for meg eit av dei beste norske gruppene som finnes uavhengig av sjanger. Sjekk ut «Susann», Brynnings vise» eller «Svein svane» så skjønner du ka eg meinar.



Er den som garantert korer høgst, han skjærer jo igjennom det meste. Ikkje så flink på datoer og tidspunkt, og det kan irritere dritten ut av meg. Men det går antakeligvis begge veia. Han er det første medlemmet eg har sparka frå eit band, og samtidig første eg trygla og ba om å komme tilbake. Er og forblir min partnerincrime!

 

Paul Daniel – trommer, kor

Erling Zahl Urke
Vil du ha en rocketrommis som spiller så enkelt som mulig, vil du ikke ha Paul. Mye detaljer i spillinga, men likevel hardt og bråkete og stødig. I tillegg har han miksa alt vi har gitt ut. På glitrende vis, syns jeg.

Asgaut Bakken
Har ein måte å spela på som høyres litt tilfeldig og laust ut ved fyrste møte, men som slettes ikkje er det – av dei beste, mest kreative og strammaste rocketrommisane i landet.. i tillegg så korar han fabelaktig!

Svein Andre Røe
En fryd å ha i rytmeseksjonen. Tight og nytenkende. Gjer det lett å spele bass.

Jan Magnar
Paul har blitt ein god kompis etter han flytta til Norge frå Australia pga. av kjærleiken. Vi vart kjent med kvarandre via eit prosjekt kalla Bock, som består kun av meg og han og ei lang liste med gjestemusikera. Det var eit studioprosjekt som sklei heilt ut, og vi brukte vel mange år på å komme i havn. Det som overraska meg var at han som trommis la vel så masse gitarer og bass og tangenter osv. på skiva som meg. Først tok eg det ikkje særlig seriøst, og tenkte at det var no søtt at han ville prøve. Men det som kom ut frå han var jo sjukt bra, og gjorde meg ekstra spissa der eg prøvde å overgå han. Skiva finnes i 50 eks. og kommer vel på strømming i løpet av 2022. Han er det motsatte av ein rocketrommis som har 4 flate som spesialitet, han har ein tøff og ledig stil, som gjer at vår rock låter meir spanande og litt meir variert samanlikna med andre. Han skaper bevegelse, som eg ikkje heilt klarer å beskrive. Han fortsetter å imponere meg. WTBB er heldig som har en symbiotisk rytmeseksjon. Han er vel den einaste i bandet som deler min kjærleik til bandet Trio, det er eit stooort pluss! Jævla fornuftig og reflektert, men blir rævgalen av idioti og ulogiske løsninger eller hendelser. Helvetes moro å være på fest med. Samtidig er han vår main man når det gjelder innspeling og mikser. Det er han som har gjort skivene våre.

Hvordan blir bandets låter til?

Over tid så har eg lært meg ulike teknikker for å skrive låter. En av dei er at eg finner eit isolert trommegroove frå ein eller anna sang eg likar, looper det og benytter det som trommespor. Så er det å rigge seg opp med gitaren, trykke rec og hoppe i det og håpe det første som kjem fønker. Ofte blir det med 2 deler, vers og refreng. For eksempel er «Mook City» basert på trommegroovet i  «Gone Gone Gone» med Everly Brothers. Denne metoden har fungert overraskande bra, og dei fleste sangane på «We Got Time to Waste» har blitt til slik. Min demo blir sjippa ut til resten av gjengen, dei forbereder seg også tester vi det ut på øvings. Overganger, slutter, bridge og sjølve arrangementet finner vi ofte ut av i fellesskap. Vi bruker å ta opp demoer i øvings så fort vi har noko som henger saman. Får litt tunnelsyn i øvings, så greit å høre på det i etterkant for å finne ut ka som fønka og ka som må endrast. For å spisse gitarlinjene til Asgaut så møtes eg og han i ny og ne og drar igjennom riffa på kassegitar. Tekstane er alltid skrevet på førehånd, og for å lage vokallinjene så bruker eg egentlig ikkje så mykje tid på å forberede meg. Oftast finner eg fram en tekst som er nokonlunde ferdig, trykker rec og håper eg treffer nokonlunde rett på. Og eg gjer som Elton John, fungerer det ikkje etter 10-15 min så skroter eg det og prøver noko heilt nytt. Eit døme der eg traff rett på med take 1 er sangen «Got Time to Waste» der vi har beholdt demo opptaket for min vokal. Sinnsykt tilfredsstillande når eg først treffer riktig. Min måte å føle mestring på. Vil påpeke at alle i bandet blir kreditert som låtskrivera, for vi er eit band og eg hadde vøre heilt hjelpeslaus utan dei. Og sjølv om det er eg som står for låtane enn så lenge, så blir det nok gjort endringer etter hvert i måten vi skriver på med involvering av andre personer frå bandet. Dette for å få variasjon og der eg slepp å ende opp med å repetere meg sjølv. Det er i alle fall planen.

Hvor viktig er dette med egenart for dere. Hva gjør dere for at det skal være noen grad av originalitet eller fornyelse i det dere driver med både i forhold til det dere selv har gjort før og i forhold til annen musikk?

Klin umulig å sjå oss sjølve utanfra, men for meg må det være noe fresht over riffa og sangane. Vi er overhode ikkje originale og nyskapande, men håper vi tilfører noko som kanskje andre norske rocke band manglar. Alt vi gjer er jo tufta på tidligere bregner, men med alderen kjem litt meir sjølvtillit og der vi er flinkere til å slooze ut det som er verdt å bygge videre på. Vi er rett og slett meir effektive, noko som bidrar til å skape energi og framdrift.

 Hva er tidenes feteste  rockeriff?

Asgaut Bakken

For tida er «Fast As a Shark» av Accept høgt oppe på lista.

Svein Andre Røe

«Cold Gin» – Kizz.

Paul Daniel

«Riff Raff» – Akka Dakka.

Jan Magnar

Akkurat no: «Just Got Paid» – ZZ Top.

Erling Zahl Urke

Må vel kanskje si «Back in Black» selv om det er litt kjedelig svar. «No One Knows» av QOTSA når høyt opp av nyere riff. Og kunne vel like gjerne svart «Ace of Spades» eller «Kick Out the Jams».

Her er noen stikkord som jeg vil at dere skal si litt om forholdet til samt hva de kan si om White Trash Blues band og/eller «We Got Time to Waste».

Possum Dixon

Jan Magnar

Possum Dixon gjer meg varm i kroppen, dette er starten på å få min egen identitet når det kom til ka musikk eg ville høyre på. Kjøpte skiva i Ålesund utelukkende pga. av coveret. Husker fortsatt øyeblikket når eg kom heim, sola sneik seg forsiktig inn i rommet, eg ligger på senga med høretelefoner med snurreledning også starta skiva opp med klassikeren «Nerves». Sjitt, eg fikk rett og slett hjertebank av heile opplevelsen. «Nerves» havna raskt på livesettet til Headset. Eg har garantert verdens største Possum Dixon-samling, og mykje av det finner du på possumdixon.blog. Tjaser med sjefen Rob Zabrecky i ny og ne, eg trur han synes eg er rar som fortsatt holder på med Possum Dixon. Også er han nok litt imponert over at eg finner fram til ting som han ikkje visste eksisterte.

Og det som er så skrullete er at det er klin umulig å få tak i vinylutgaven av debutalbumet. Er det nokon som skulle ha den og vil selge ta kontakt med meg via Facebook! Må leggast til at eg synes 2.skiva «Star Maps» er nesten enda betre, men den er dyster som faen. Gutta hadde havna på heroinkjøret.

The Dirtbombs

Paul Daniel

Kult band. «Ode to a Black Man» er en av mine favorittlåter selv med en bassgitarlyd som minner om papplater tatt opp med wah pedal. To trommiser, to bassister, rett frem med fete riff gir et heftig og skittent lydbildet som er umulig å ikke like. Fett soulinspirert vokalstil.

Jan Magnar

Er ikkje mulig å ikkje like dette, synes «Ultraglide in Black» er overlegen. Men dessverre er det dei siste åra den har dukka opp i stua mi, skulle gjerne ha hekta meg på allereie i 2001. Mick Collins (også mannen bak fabelaktige The Gories, Blacktop med flere, journ.anm.) er jo unik, her er det mykje rart som er blanda saman. Er han rockens svar på Clifton Chenier? Absolutt inspirert av Dirtbombs og Mick Collins.

The Jon Spencer Blues Explosion (Bandleder Jon Spencer hadde også en duo  med  tidligere Madder Rose- og Speedball Baby-medlem kalt Heavy Trash, journ, anm.)

Erling Zahl Urke

Jon Spencer Blues Explosion hørte jeg vel første gang etter at «Now I Got Worry» kom ut. På den tiden hørte jeg mest på indie som Built to Spill og Pavement. Uten at jeg tenkte så nøye over det da, var det vel det som åpna ørene mine for at blues kunne være fett, dirty og rocka.

Svein Andre Røe

Hørte dei første gang etter «Now I Got Worry». Hørte mye på «Acme» når den kom ut. Kompis Quarter Wolf-Marius var og er blodfan, så garantert noe jeg har tatt med i fra JSBE til WTBB.

Jan Magnar

Svært lite eg har fått med meg, har utelukkande hørt på det fordi Marius Kromvoll frå Quarter Wolf er superhekta og tungt inspirert. Ser at nokre anmeldara i Tyskland har nevnt JSBE når dei har snakka om «We Got Time to Waste». Tja, eg tenke no slik at JSBE er overflødig i min verden så lenge eg har Quarter Wolf. Er super fan av QW!!

Punk

Svein Andre Røe

Vokste jo opp med Nirvana, Bad Religion, The Clash, Ramones og spillte i noen punkband opp igjennom. Mye punk på «We Got Time to Waste».

Jan Magnar

Folk sei vi spelar punk, noko som føles uvandt. Likar punk eg, men det må gå fort og være catchy: Neat Neat Neat!

Garasjerock

Svein Andre Røe

Digger det!

Jan Magnar

Registrerer at garage rock ofte blir nevnt ifb. med musikken vår. Har ingen problem med det, men det føles uvandt og er ikkje ein sjanger eg har grøve så mykje i.

Garasjesoul (Betegnelse anvendt om artister som Black Lips, King Khan and the Shrines (eller King Khan and the BBQ Show), Black Joe Lewis & the Honeybears, men også Reigning Sound, The Detroit Cobras mfl., journ.anm.)

Er det en greie?

Soul

Svein Andre Røe

Liker du ikke soul er du død innvendig. Alle liker soul. Mye av det på plata. Måten Jan synger på, og mye kor. Blir litt soul feel da.

Jan Magnar

Det heile starta med The Black Crowes og låta «Hard to Handle».

Gikk årevis før eg forstod det var ein cover og originalen var med Otis Redding.

Så ved første anledning kjøpte eg ei par skiver med Otis, og da var det gjort. Det vart ein besettelse der eg kjøpte alt eg kom over av skiver, bøker og  filmer. I ein periode av livet hørte eg nesten utelukkande på Otis, og det gikk vel 5-6 år før eg i det heile teke tenkte tanken at det sikkert er mykje anna bra soul der ute. Når eg først åpna den døra så trilla det ut artister som James Carr, Bobby Bland, O.V. Wright, Johnnie Taylor, Tommy Youngblood, Etta James, Irma Thomas, Jackie Shane for å nevne nokre av mine favorittar. Det eg har latt meg inspirere frå soul, og som eg prøver å integrere i WTBB, er måten vokallinjene blir levert på når det gjelder rytme og timing. At versa ikkje nødvendigvis må inneholde tekstlinjer som er like lange, eller som endar på rim. Det var en befrielse å oppdage. Så derfor prøver eg at versa i ein sang ikkje nødvendigvis er bygd opp likt, og at ved å gjere det på den måten så håper eg klarer å skape variasjon. Samtidig så føler eg at instrumenteringa i ein soullåt jobber saman og gir kvarandre rom og der dei skal bygge opp om vokalen. Det ser eg er umulig å få til på same måte i WTBB, dette fordi ingen er disiplinerte og alle ønsker å kjøre på og spele heile tida. Så når det gjelder dynamikk så har WTBB mykje å gå på. Kanskje på neste skive?

Bluesrock

Jan Magnar

I ungdommen kunne eg ikkje fordra blues, men var vel ikkje eksponert for den riktige typen antar eg, eller var ikkje oppegåande nok til å innsjå at dette er viktig musikk. Endringa kom når eg var på fylla i Greenwich Village og den einaste sjappa som var open med livemusikk i nærheten var Terra Blues. Litt motvillig så betale eg meg inn. Det var ein måndag og det var husbandet T Blues Band som stod for musikken. Bandet bestod av musikanta som har turnert med ulike artister over heile verden, også Norge. Alle satt på stoler, og nokre såg ut som livet holdt på ebbe ut av dei. Heilt fram til det kom lyd frå instrumenta. Føkk me så kult det var. Det var knapt nok tilhørera i salen, men eg vart rett og slett satt ut og stod i stolen og på bordet og rocka med. Eg tipsa dei visst så godt at heile bandet vart sittande med bordet mitt utover kvelden. Drakk sjølvsagt på mi regning, og det er slik det skal være. En utrolig viktig kveld i mitt liv, og eg følte meg som ein idiot når det gikk opp for meg ka eg har gått glipp av i alle disse åra. Sjølsagt hørte eg på Howlin’ Wolf og skiva «Moanin in the Moonlight» før dette besøket på Terra Blues. Alle rockera liker vel den. Men om du for eksempel kjører «Hoodoo Man Blues» med bl.a. Junior Wells og Buddy Guy så er det nok mange av rockerane som hadde ramla av. Men for meg har den blitt ein viktig favoritt.

Når det gjelder begrepet bluesrock så går tankane til Chicago og den elektriske bluesen som Muddy. Bluesrock inkludere vel også britane med Yardbirds og Rolling Stones. Er det noko eg har med meg frå bluesen så er det å prøve å finne følelsen i en song der alt bare stemmer.

Gospel 

Jan Magnar

Når ein først har åpna øyrene for soul og blues, så er det jo naturlig at du også snuser litt på gospelmusikk. Var litt usikker på korleis eg skulle komme i gang, det er sjukt uoversiktlig og mykje sjit som ikkje fenger meg.

Vart anbefalt boka «The Gospel Sound: Good News and Bad Times» med Antony Heilbut som ein god start. Over tid så finner ein sine favoritter og ka plateselskap som gir ut musikk som låg nærmast min smak.

 

Og om eg skal velje nokre favoritter så er det Zion Travelers, Dixie Hummingbirds, The Consolers (mine absolutte favoritter), Rev. Anderson Johnson, The Brewsteraires, Shirley Ann Lee, The Soul Stirrers (er Sam Cooke ein av verdens beste?) og The Blind Boys of Alabama. Det eg likar med gospel er at dei finner eit groove og holder det heilt ut. Eg liker gjerne at det er sparsommelig instrumentering, litt bass og trommer (utan cymbaler helst) og ein gitar holder plenty. Orgel og piano basert gospel sitter ikkje heilt hos meg. Også er jo det call & response som gjer meg vill i kroppen. Det er noko eg gjerne vil ha meir av i WTBB. Gospel har vel bidratt til å modne min kjærleik for masse vokal, og er nok årsaken til at heile bandet korer. Det synes eg er råtøft.

For øvrig vil eg nytte muligheta til å rette opp ein gigatabbe! Vi har ein låt på skiva som heiter «Clean up Your Life», dette er ein cover der vi har skreve egen tekst da det er umulig å høyre teksten på originalen fordi lydbildet er så sprengt. Dette har eg då sjølvsagt klart å utelate i info om albumet på «We Got Time to Waste». Rett og slett jævla pinlig! Sangen er skrevet av Rev. Warren White og er spilt inn av Jackson Trumpeteers. Haters kan sende feedback til fuckyoudippsjitt@gmail.com.

 

Quarter Wolf

Quarter Wolf, Marius Kromvoll og Paul Daniel, sistnevnte spiller også i WTTB.

Svein Andre Røe

Har jo kjent Marius i et par og tjue år, og spilt i diverse bandkonstellasjoner med han, så we go way back. Har vært med på hele QW-reisa, så jeg er blodfan. Dei har verden beste frontfigur, og vi har knabba trommisen.

Jan Magnar

Marius Kromvoll, Mr Rock&Roll, kjenner eg frå Headset- dagane der vi hadde same vennegjeng samt at han spelte i band som Boomtown og Kryptonics saman med bl.a. Svein Andre. Her må det nevnast at Boomtown varma opp for Ricochets på grendahuset Høgtun i Sykkylven når dei hadde gitt ut skiva «Slo-Mo Suicide». Den kvelden er legendarisk der vi fikk jækka opp Ricochets så dei jamma til kl. 06 på morgonen. Om eg ikkje husker feil så varma vel også Kryptonics opp for Headset på same plass, men på eit anna tidspunkt. Uansett, har vel egentlig ikkje blitt kompis med Marius før i voksen alder, men satan så glad eg er for at personer som han finnes. Quarter Wolf har eg følgt fra deira første gigg, som ikkje var veldig imponerande. Men dei har over tid bare blitt bedre og bedre, og eg må sei det er litt flaut at eg ikkje catcha det med ein gong. I dag er eg super fan, og synes han er ein av dei beste frontfigurane i landet som eg prøver å stjele triks frå. Samtidig så er han ein glimrande låtskriver og har sin egen kule gitarstil. Marius er årsaken til at vi havna på ein splitt-LP med Quarter Wolf på Westergaard Records. Og hadde ikkje det skjedd så hadde vi vel aldri fått ut skiva «We Got Time to Waste» så raskt og på ein så fabelaktig label som Blues For The Red Sun. Samtidig er Quarter Wolf årsaken til at vi også har fått spelt nokre konserter, da dei har dratt med seg WTBB som oppvarmingsband. Det er ein glimrande kombo!

Erling Zahl Urke

Skatepunk var det som fikk meg til å starte å spille tidlig på nittitallet, og  jeg hørte en del på band som The Hives, Turbonegro og Gluecifer rundt 2000. Og da Cato Salsa Experience kom med første 10-tommeren sin, og jeg hørte «Salso Casa», ble jeg slått i bakken av at noe kunne låte så fett og friskt og samtidig peke så tydelig bakover på musikkhistorien. I dag liker jeg jo band som f.eks. KBT, Gringo Bandido og Idles. Og syns det er mange band som gjør disse sjangrene bra i dag. Men jeg sliter med å finne inspirasjon til min rolle i bandet. Eneste jeg kan tenke på nå innenfor disse sjangrene som jeg setter på igjen og igjen, er Viagra Boys og Ty Segall. Elsker hvordan Ty spesielt leker med lydbildet. Forslag til inspirasjon mottas med takk!

Dere har fått laget fire ulike videoer. Fortell om innspillingene og de utvalgte låtene.

Erling Zahl Urke

Spread the Gospel

Eller 5. Den første videoen vi lagde var «Spread the Gospel» fra split-vinylen med Quarter Wolf. Her tenkte jeg at jeg skulle ha som dogme at opptaket til videoen ikke skulle ta for lang tid. Tror vi klarte opptaket av bandet på ca. én time. «Story»-opptakene til denne, var noe jeg hadde liggende fra en kameratest, og hele videoen var ferdig etter en kveld med redigering.

Mook City

Likte tanken på at opptaksprosessen ikke skulle være så voldsom for bandet, så det var utgangspunktet for ideen. Å tvinge halvgamle rockere som spiller i band for å kose seg, drikke øl, lage musikk og spille live til å være skuespillere, var aldri aktuelt. Å be gjengen late som de spiller instrumentene sine i en time mens jeg filmer, føler jeg er så langt som jeg kan pushe det. Så selve opptaket ble gjort på ca. en time. Jeg har syslet litt med 360-kameraer i noen år, og syns det er gøy å utforske mulighetene i det formatet. Den er filmet i gangen utenfor øvingslokalet vårt, og jeg syns vibbene lokalet gir, passer godt til teksten «living in a dumpster called Mook City». Litt fengselsaktig.

 Mizz Mizzing

Undertow

«Mizz Mizzing» og «Undertow» filmet vi på en dag – for å kunne fortsette å holde dogmen med minimalt med opptakstid. Vi følte at øvingslokalet var oppbrukt som opptakssted, og da jeg så det gigantiske lerretet Asgaut hadde på jobben, tenkte jeg at det må vi kunne bruke til noe, så jeg lagde noen videobakgrunner som vi kunne projisere bak, i tillegg så brukte vi visuell feedback ved å projisere det vi filmet bak oss. De tusen andre klippene i videoen, fant jeg på en video-stockfootage side på nettet. Og ble egentlig slått i bakken av kvaliteten på klippene som finnes der ute til fri bruk. Klippejobben handlet mest om å bombardere med inntrykk, så kan man tolke det man ser som man vil.

«Mizz Mizzing» ble tatt opp på bluescreen på tampen av opptaket til «Undertow», og igjen fant jeg noe stocks på nett til fri bruk. Så ideen kom egentlig etter at vi hadde gjort opptakene. Låta handler om å savne å leve litt røft når man har ni-til-fire-jobb, slik jeg tolker den, og jeg syns kontrasten mellom klippene kan si noe om den følelsen.

White C

Den andre låta vi lagde video til. Opptakene gjort i øvingslokalet på en time igjen. Filmet med telefon, og behandlet med en obskur app jeg har hatt liggende på telefonen en stund. Det var her ideen om å bruke gratis stocks dukket opp. Fant noen kule animasjoner til fri bruk, som jeg kjørte gjennom den samme appen.

Fortell om albuminnspillingen, produksjonsmessige valg og hvilken innflytelse innspillingssted og lokaler har hatt på det som vi kan høre på «We Got time to Waste».

Vi ville gjere heile prosessen sjølv utan innblanding frå andre. Studio som vi bruker, og som også er øvings, er Lydebel og er eigd av Andreas Berczelly. Studio er bygd på toppen av en kornsilo, noko som gir det ei eiga stemning med gode vibba. Dette er en plass hvor napoo tidligere har øvd og spelt inn skivene sine, det samme har Quarter Wolf, Bock og Man Yagnar. Over tid så har vi god kjennskap til studio, og veit ka slags krika og kroka lyden er best og kor gølvet knirka minst. Videre så har vi blitt godt kjent med mikrofoner og preamper som er tilgjengelig i studio. Studio har alt frå billig til high end utstyr. Vi velger alltid det billigaste, hovedsakelig fordi vi ikkje har råd til å erstatte vintage mikka til over 100 000 når dei går i gulvet fordi vi vaiar rundt småbrisne. Men også fordi det billige utstyret nok passer uttrykket vårt veldig bra. Vi er ute etter det rufsete og der ting ikkje nødvendigvis er perfekt lydmessig.

For 10 av sangane spelte vi inn rytmeseksjonen live (rytmegitar, bass og trommer), og der sologitar og keys har blitt lagt på i etterkant. Hovedvokal har eg ofte tracka sjølv, liker ikkje stress og visuell støy når eg gjer det. Koring er vel noko av det siste som kom på plass. For 2 av sangane, «Got Time to Waste» og «Kept on Running», gjorde vi meir som studioprosjekt der vi kunne leike oss litt meir med lydbildet. På skiva ønska vi oss eit stort balansert lydbilde som trøkka, men utan å være alt for lo-fi  der detaljer ofte kan forsvinne. Det er Paul som har miksa, så mykje er bestemt av hans valg. Vi er super happy med resultatet. Vi mikser skiva slik at mastring ikke er nødvendig. Innspelinga av «We Got Time to Waste» er en arbeidsmåte vi vil bruke på neste skive, men samtidig blir vi nok å bruke andre studio også for både opplevelsen og variasjon. Når det gjelder cover art så er det eg som har stått for det. Har gjort alle covera manuelt med å kutte og lime. Sjukt tidkrevande, men utrolig givande når ein først har blitt ferdig.

Fortell om platesleskapet deres og om deres betydning for norsk undergrunnsmusikk.

Blues For The Red Sun

Vår første utgivelse, splitten med Quarter Wolf, var utgitt på Westergaard Records, men skiva «We Got Time to Waste» vart flytta over på Blues For The Red Sun. For oss spiller det vel ingen rolle så lenge vi får være ein del av familien til ekteparet Robert Dyrnes og Kari Westergaard. Dei er  direktører i sine respektive selskap, men dei er jo sjølvsagt saman om det meste. Dette er første gangen eg har vøre på eit plateselskap av typen som har ting på stell. Det har vøre eit savn i mange av dei banda eg har rota rundt med. Blues For The Red Sun er jo en label som gir ut muggen og fuzzy blues og skitten stoner. Selskapet oppstod med utgangspunkt i å få gitt ut ei skive med The Devil and the Almighty Blues tilbake i 2015. Sidan da har det komt til andre artister som bl.a. Heave Blood & Die, There Will Be Blood (jævla fett!!), Dunbarrow og The Bonnevilles. Robert Dyrnes er jo eit navn som fort dukker opp om ein holder på med musikk i Norge. Vi vart introdusert for kvarandre for mange år sidan via min tjommi Vidar Skeie (tidligere manager for p.i.k.e. og Cato Salsa Experience og turnékonsulent for Rikskonsertene). Robert huskar nok ikkje det. Før introduksjonen fikk eg beskjed av Skeie at no var det tid for å oppføre seg og ikkje kødde rundt. Ha ha!! Men det var ikkje før eg fikk boka «Absolutt Tystnad» at eg skjønte at dei hadde vøre ein stor del av min musikalske oppvekst. Boka er en oversikt over alle plateselskapa og utgivelsane dei har stått for sidan 1991. Den er stappa med anekdoter, bilder, presseoppslag og anmeldelser. Boka er et must om du er interessert i norsk undergrunnsmusikk. Så når eg starta å bla så dukka det opp band som eg har hørt mykje / spelt konserter med på 90–tallet: Oddpopp, Tadpole, Ricochets, We, Per Ivars Orkester, Thee Unmist, Badger m.fl.

Ein er avhengig av energien og initiativ fra folk som Robert og Kari for at undergrunnsmusikk skal krysse kommunegrensene. Når dei kobler seg på så føler i alle fall eg at her skal ein jaggu strekke seg og stå på og følge opp. Det er bare slik at nokre folk vil ein bare please da dei faktisk investerer både tid og penger i din musikk. Eg har aldri tidligere brydd meg om å sikre liker-klikk på face, ka merch som skal trykkast opp og generelt prate med folk og fe om vår musikk. Eg vil jo egentlig bare være i fred og lage musikk. Men som sjef for skuta så må ting følgast opp. Ser jo no at det er faktisk ganske moro. Noko som kanskje har komt med alderen.

Hvilke planer har bandet fremover?

Planen var å spele konserter og promotere skiva, men pandemien kødda det til for oss. Igjen. Det samme skjedde når vi gav ut splitt- LP med Quarter Wolf i 2020. Denne gangen fikk vi heldigvis spelt releasefest saman med Quarter Wolf på Last Train! Døtida blir brukt til å skrive nye låta og gjer oss klar for skive nr. 2. Videre så jobber vi med å få til ein turné saman med Quarter Wolf i Tyskland så fort ting åpner opp. «We Got Time to Waste» har fått solide anmeldelser der og en god del radio speling.

Kan Jan Magnar til slutt velge fem låter som har inspirert ham som sanger, musiker og komponist og si hva han har fått ut av disse låtene? Og kan de andre velge tre låter hver som de forbinder med White Trash Blues Band. 

Paul Daniel

1. Wabash Wrecking Ball – Ancient Shapes

Jeg har alltid tenkt at låtene til WTBB utvikler seg på en litt overraskende måte; en brå overgang mellom refreng og neste parti f.eks. og en del veldig stramme, popinspirerte riff og overganger. Jeg tror ikke Jan Magnar er så glad i Daniel Romano egentlig, men jeg får litt av den samme viben av og til med hans musikk, og spesielt «Ancient Shapes», som er vel hans litt mer punkinspirerte prosjekt.

2. Upside Backwards – Viagra Boys

Liker kombinasjonen av et grumsete lydbilde, arrangementet som bygges opp sakte og durer litt, pluss skarpskytter synth/sax/krydder. De gir rom for litt luft. Denne oppskriften bruker de ofte og jeg har flere ganger tenkt at de var en fin referanse om vi bare hadde klart å ikke spille full guffe alle mann hele tiden.. haha.

3. Rock ‘N’ Roll Damnation – AC/DC

Jeg hørte lite på AC/DC da jeg vokste opp, så selv om dette er fra 70-tallet en gang er det ikke noe jeg hørte på mye frem til jeg begynte å spille litt mer skitten rock her til lands. Jeg blir utrolig glad av den låten, og de skal ha skryt for å få en fett som faen trommelyd nesten alene pga. hand claps på hver eneste skarpslag. Man hører hvor tynt skarpen egentlig låter helt er på slutten av låten hvor clap-gjengen har forlatt studioet.. Klassiker. UANSETT.. sammenhengen her er vel at det er litt fra denne verdenen jeg ble inspirert da vi begynte å spille «Spread the Gospel» (fra forrige splitt-LP utgivelse). Jeg prøvde å holde trommingen min så enkelt som mulig, noe som visstnok ikke er så enkelt for meg. Jeg tror til og med det skapte litt skepsis i bandet at jeg spilte sånn i starten. Til mitt forsvar kommer jeg fra å spille utelukkende med en duo ca. 8 år hvor nettopp et godt utfylt lydbilde var en del av oppskriften. Så jeg er litt ødelagt fra før av sånn sett. Det tar litt tid å bli vant til at flere medlemmer kan avlaste og skape de andre elementene i lydbildet.

Asgaut Bakken

1. Deltahead – My Mama Was Too Lazy To Pray

Deltahead tok blues og soul med seg frå sambandsstatane til ein mørk og dyster avkrok i Sverige, kunne like gjerne vore til Sykkylven!

2. Valkyrien Allstars – slutte og byne

Slik alle tenkjer (ev. skal/bør tenkje) i vår alder, men det vert ikkje noko av – livet utan moro er ikkje moro!

3. bob hund–Ett fall & en lösning

Frå den tid eg vart kjend med Jan Magnar gjennom FMVN og Kroa i Bø.

 

Svein Andre Røe

Minner meg kanskje ikkje så mykje om WTBB, men 3 låter eg har hørt på mykje dei siste åra.

1. Jason Loewenstein – Codes

2. Göttemia – (Was It) Something I Said

3. Chuck Berry – Thirty Days

 

Erling Zahl Urke

1. Ace of Spades – Motörhead

Fordi energien i «Mook City» får meg til å tenke på den.

2. Fill in the Blank – Car Seat Headrest

Da Jan kom med vokalen på «Got Time to Waste», tenkte jeg at fraseringene enkelte steder minte meg om Will Toledo sine vokallinjer. At Jan lager vokallinjer som minner meg om alt fra soul til indiepop, mener jeg er en styrke. Vi vet aldri helt hvilken retning den neste låta vi skal øve inn drar oss.

3. Salso Casa – Cato Salsa Experience
Åpningslåta på første 10-tommeren til CSE. Energi og grit i denne rakkeren vil alltid være et forbilde.

 

Jan Magnar

Vokalinspirasjon

1. Otis Redding – I’ve Got Dreams To Remember

Måtte eg velge en artist for resten av livet så hadde det blitt Big O. Måten han leverer ein tekst på er for meg unik. Svært få sangera som får meg til å tåre, men Otis gjer det fortsatt etter alle disse åra. Han synger aldri den same sangen likt, det er alltid små nyanser. Så når du ser promovideoer der han må mime til sine egne sanga, så er han så ute av sync at det er rett og slett fønny. «I’ve Got Dreams to Remember» er ein sang eg alltid he vøre svak for, og er vel ein av hans beste prestasjoner i studio. Kona som skreiv teksten, kanskje derfor.

2. Bobby Bland – St. James Infirmary

Der Otis bruker power for å trykke ut tekstane, så er det silke smooth leveranse fra Bobby på denne låta. Er ikke teknisk perfekt, og akkurat det faller eg for. Og den trombonesoloen er jo akkurat så skakk som den skal være. For øvrig så skulle eg gjerne ha vøre til stede da Iggy Pop vart invitert på scena av Bobby for å gjere denne sangen som duett. Skiva «Two Steps from the Blues» er vel sjølve definisjonen på bluessoul.

3. Sam Cooke – Bring It on home to Me – Live at the Harlem Square Club

Sam Cooke var vel den første som kryssa over frå gospel til poplistene. Akkurat dei skivene skygger eg unna da dei er tyggegummiaktige med jævla strykere her og der. Eg holder meg til «Live at the Harlem Square Club» og hans tid i The Soul Stirrers. Huska eg fikk gåsehud når eg hørte denne sangen, og spesielt introen har satt sine spor. Anbefaler folk å sjekke ut hans versjon av «Jesus Gave Me Water» – wow!

4. Irma Thomas – Wish Someone Would Care

The Soul Queen of New Orleans gir meg mange av dei same assosiasjonane som Bobby «Blue» Bland. Laidback og med total kontroll. Tittelen på skiva «What About Your Tribulations» med napoo kjem fra denne sangen.

5. The Staple Singers – Slow Train

Mavis Staples er eg veldig soft for. Har ikkje den store rangen, men har en karakter og sjølvtillit i stemma som smitter.

 

Komponistinspirasjon (Har utelatt Beatles – ellers hadde dei fylt heile pallen)

1. Danielson Famile – Flesh Thang

Dette er så herlig uforutsigbart, og viste meg at alt er egentlig lov. Skiva «Tell Another Joke at the Ol’ Choppin’ Block» er for meg eit mesterverk og ein av dei kulaste popskivene som har blitt gitt ut.

2. Shirley Ann Lee – Theres a Light

Shirley kan virkelig det å opprettholde ein nerve. Alt må ikkje være på plass for å fungere.

3. Everly Brothers – Gone Gone Gone

Uten «Gone Gone Gone», ingen «Mook City»!

4. George Jones – Life to Go (Han har to ulike sanger med samme tittel, men den eg liker er fra skiva «White Lightning»)

I alt for mange år har eg skreve tekster som eg ofte lurte på kva egentlig handler om. Var vel litt for feig og ikkje skreiv så mykje om eget liv. Så lenge det høyrdes nokonlunde tøft ut så var det greit nok. WTBB er den første skiva der eg har prøvd å skrive mindre abstrakt og heller prøvd å fortelje ei historie som lytterne kan følge og kanskje relatere seg til. Synes det er jævla mykje dårlige rocketekster der ute. «Life to Go» er eit godt døme på god framføring og fet tekst. Kunne like gjerne ha valgt The Drags med «I Like to Die» – den e jævla fønny då.

5. Possum Dixon – Nerves

Heile debutalbumet er stappa med blodtrimma sanga utan overflødig fett. Keep it simple!

 

Musikant inspirasjon – skiver

1. Natural Child – Rock Bottom

Eg elskar Natural Child og skivene «Hard in Heaven» og «1971». Dette er vel pubrock av ypperste kvalitet? Musikken er ukomplisert, gode tekster som eg kan relatere meg til og der det oser speleglede lang vei. Behøver ikkje alltid å gjere så mykje arbeid ut av det. Der har WTBB fortsatt en vei å gå.

2. Rondelles – Drag Striprace / Mission: Irresistible


Gjelder mykje av det same som for Natural Child. Dette er sinnsykt catchy!! Og trommisen speler også keyboard, alltid syntes det var stilig.

3. Howlin’ Wolf – Forty Four

Dette er ABC når det gjelder å være skakk – i både utførelse og tilstand.

4. Creedence Clearwater Revival – I Put a Spell On You

Det måkje være akrobatiske krumspring heile tida for å føle framdrift i ein sang. Det er fullt lovlig å dvele så ting får satt seg. Originalen med Jay er fet den, men velger denne versjonen pga. at solo er overlegen.

5. Danielson – Did I Step On Your Trumpet

Eg sluker alt som Daniel Smith gir ut, og denne låten (og skiva) er så leikent ein kan få det. Han er en inspirasjon når det gjelder å finne sitt eget uttrykk. Du veit, drit i rockepolitiet og gjer det du har lyst til. Kanskje derfor sangane på skiva «We Got Time to Waste» er så sprikande. Er ikkje så opptatt av at eit album absolutt må framstå som heilhetlig.

 

White Trash Blues Band – We Got Time to Waste (Album,2021)

 

Quarter Wolf & White Trash Blues Band – «Shitfaced and on Fire» & «Spread The Gospel» (Splitt-LP, 202o)


 

Sjekk også:

White Trash Blues Band (WTBB) – Undertow (Ferske spor uke 37/2021)

White Trash Blues Band (WTBB) – White C (Ferske spor uke 35/2021)

White Trash Blues Band – Obsession with the Underdogs (Ferske spor uke 20/2020)

White Trash Blues Band – Spread The Gospel (Ferske spor uke 11/2020)

Sjekk også relaterte saker under, husk forresten å klikke på «Last inn mer» for å sjekke flere. Det er enda flere relaterte saker på Deichman musikk, så det er bare å søke eller å klikke på lenkene i intervjuet.

 

Her kan du søke etter og låne musikk, bøker, tegneserier og noter i Deichmans katalog


            
                

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.

Bli med blant 74 andre abonnenter