Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Kari Folvik Tema 3. november 2010

Britt Karin Larsen

Britt Karin Larsen er ein av dei lågmælte forfattarane våre og ein av dei gode!
Ho debuterte i 1978 med diktsamlinga «5 mg blues og andre dikt» , og har til no skrive 29 bøker for vaksne og barn.
Ofte finn vi kvinner i sentrum , og i dei seinaste åra har ho skrive varmt og ofte litt sårt om vaksne kvinners kjærleiksliv, eg vil serleg framheve « Det kan komme fine dager» frå 2002.
Hovudverket til Britt Karin Larsen så langt er trilogien om romanifolket i Norge,  den første boka heiter
«De som ser etter tegn» og kom i 1997.  Dette er eit storverk skrive med kunnskap om dei reisande sin kultur og historie, formidla med varme og poesi, men også sinne over dei mange overgrepa den norske staten har gjort overfor romanifolket.
Britt Karin Larsen var nominert til P2-lyttaranes litteraturpris i 2009 for boka «Det vokser et tre i Mostamägg» og i haust kjem oppfølgaren » Himmelbjørnens skog». Her får den finske minoriteten på Finnskogen fortalt historia si.
Ho skriv ofte om såkalla «vanlege» folk, men evnar å sette personlege hendingar inn i ein større kontekst, ofte med eit samfunnskritisk  blikk.

Kari Folvik

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.