Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Oddvar Thorsen Anbefalinger 25. november 2013

#Nynov

@Olafmoriarty       Målet var å skrive ei novelle, på 140 teikn, før tweeten tok slutt. Problemet var at eg gløymde å la det vera igjen nok plass til has…

I går markerte vi enden på eit rikt og spennande språkår på Deichman. Biblioteket har arrangert frukostmøter med nynorsken,  bursdagsfest for Ivar Aasen, barneteater og mykje anna.

Gjennom heile året har vi òg arrangert ei skrivetevling på nettstaden Twitter,  under emneknaggen #Nynov.

Dei twitrande skarane vart inviterte til seks tevlingar med seks ulike tema i løpet av året. Alle bidrag måtte innehalde eller vere knytt opp til temaordet for månaden, emneknaggen #nynov og vere skrivne på nynorsk. Tekstane kunne komme i form av dikt, noveller eller for den saks skuld, korte avhandlingar. Les meir om twitterpoesien her.

For juryen gjenstår det no berrre å kåre ein siste vinnar, før vi overlèt til folket å røyste fram den aller beste tweeten i språkåret 2013 (meir om dette seinare).

Her er vinnarane frå dei første fem tevlingane:

Frisk:

@grammany – Vinden bles friskt på havet den dagen han forsvann. Likevel finn ho trøyst i vinden. I den er pusten hans gøymd, kjærteikna òg.

Bar:

@elinestien – Dei bar kista saman. Ein på kvar side og sonen i midten. Aldri skulle dei bere så tungt igjen. Aldri skulle dei bere noko saman.

Tre:

@mvelle – Det gjekk eit sus gjennom skogen

då to av tretoppane barka saman.

Heldigvis var det berre vinden

som spela dei eit pust.

Lyst:

@norabj – Det blei endelig lyst i kupeen, og han fekk sjå ho som hadde kvilt seg så godt mot aksla hans gjennom to land i natta.

Vår:

@SHjelmeland – Geronimo vaknar. Tøyfotballsko. Turr mark. Tommahåkken frå i fjor vår. Hamrebygdarar mot nabbenesarar. Berre vent til det mørknar.

 

I kvar runde av tevlinga har juryen òg nominert ein stad mellom 13 og 15 bidrag før vi har funne ein verdig vinnar. Disse er ikkje med her, men om du er interessert er dei alle spelt inn i biblioteket sin lyriske elevator.

Nettstad for twitterstraumen: http://twitternovelle.deichman.no

Nynorsk i 140 på Twitter: https://twitter.com/nynov140

Les meir om prosjektet:

–       http://www.språkåret.no/2013/03/nynorsk-i-140-nynov/

–       http://www.språkåret.no/2013/03/nynorsk-i-140/

I juryen:

–       Forfattar Kristine Tofte (@kristinetofte)

–       Forfattar og forleggjar Vidar Kvalshaug (@Kvalshaug)

–       Frå Deichmanske bibliotek: Per Roger Sandvik (@SvevePer), Oddvar Thorsen (@oddvarthorsen) og Cathrine Strøm (@cathrine_s)

Prosjektet er støtta av stiftinga Fritt ord. Språkåret 2013 har også vore ein viktig støttespelar. I tillegg har Samlaget gitt bokpremiar til alle delvinnarane.

 

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.