Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Katrine Judit Urke Kommentarer 27. november 2014

Eit lite forfattarportrett i feil rekkefølgje

Kjersti Wøien Håland debuterte i fjor med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti. Eg har høyrt mykje fint om boka, men eg sjekka ho ikkje ut før eg tok fatt på bok nummer to, romanen Dommedøgn, som utkom no i haust.

Tekst: Katrine Judit Urke / Bokomslag: Flamme forlag

Her får du ei kjapp innføring i det førebels lille, men samstundes store forfattarskapet til Håland.

Vi forstår allereie frå start at det er iferd med å skje ei naturkatastrofe.

Nedteljing til naturkatastrofe
Dommedøgn er ein roman sett til den fiktive vestlandsbygda Berg. Berg er ei typisk lita vestlandsbygd; innbyggjarane er ramma inn i fjell, og fleirtalet arbeider på fabrikken i bygda.

Dommedøgn_Cover_300dpiTidleg i boka blir fabrikken lagt ned, og heile bygda blir påverka på ulike måtar. Forfattaren har valt ut sju av innbyggarane som fortel si historie i eg-form. I bakgrunnen har vi ein forteljar som hjelper til med ei nedteljing; vi forstår allereie frå start at det er iferd med å skje ei naturkatastrofe.

Kollektivromanen
Sjølv om nokre av karakterane får noko meir «taletid» enn andre, kan vi seie at Kjersti Wøien Håland nyttar kollektivromanen som form. Etter forordet, der vi får vite at forfattaren sjølv vaks opp i ei Berg-liknande bygd, blir persongalleriet presentert. Vi møter alt frå ordføraren i bygda til sinte tenåringar. Hålaf146-lnd har valt eit effektivt og ikkje minst artig formgrep, spesielt med tanke på at kollektivromanen særleg er ein sterk tradisjon i sovjetisk litteratur. Dommedøgn handlar om ulike måtar å overleve på, og ordføraren sin strategi er å forsøke å brette opp erma, halde på fellesskapet og redde bygda frå undergangen. Det ordføraren og innbyggjarane ikkje veit, er at dei har enda verre katastrofar framfor seg enn arbeidsløyse og fråflytting.

Å hate seg sjølv fordi ein ikkje er Björk
Eg skulle bruke Dommedøgn i ein presentasjon om haustens bøker, og for å få eit heilare inntrykk av forfattarskapen, ville eg bla litt i førsteboka, Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti. Eg slo opp på ei tilfeldig side (side 15) og vart frelst:

i seine timar
kan eg
seriøst
hate meg sjølv
fordi eg ikkje
er Björk

Men eg fekk lyst til å lese boka på nytt, faktisk med ein gong eg var ferdig, det trur eg aldri har skjedd meg før.

Å vere både «eg» og «ho»
Kjersti Wøien Håland rammar inn diktsamlinga ved å vere både eit «eg» og eit «ho» og slik spele på tittelen.  Det handlar mykje om kropp og kroppsdelar, særleg om auge, og om å ligge på sengetøy med kirsebær og sjå i taket og om å vere synleg og usynleg. Boka er full av slike formidable små dikt som det eg gav dykk ovanfor. Eg har så lyst til å sitere kjempemange, men eg synest alle berre skal ta å lese boka. Det tek ikkje lang tid.

Men eg fekk lyst til å lese boka på nytt, faktisk med ein gong eg var ferdig, det trur eg aldri har skjedd meg før. Så eg kjem nok til å bruke litt tid på ho likevel.

—–

Dommedøgn er nominert til Ungdommens kritikerpris saman med mellom andre Jon Fosse, Rune Christiansen, Lars Petter Sveen og Amalie Kasin Lerstang. Prisen blir utdelt 12. mars 2015.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.