Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Nora Nordskar Hoel Intervjuer 28. januar 2019

Klimaprat med Kjersti Wøien Håland

Hun ønsker seg en daglig rapport om hvordan det står til med klimaet, og hva vi må gjøre for å bedre det. Kjersti Wøien Håland har samtidig tro på litteraturens kraft til å vekke våre følelser og mane oss til handling.

Tekst: Nora Nordskar Hoel / Foto: Kjersti Wøien Håland / Omslag: Flamme forlag

I år er Oslo europeisk miljøhovedstad og på Deichman starter vi året med en måned viet klimaet, sammen med Klimafestivalen § 112. Her på Litteraturbloggen markerer vi det med en rekke innlegg viet et knippe forfattere som på ulikt vis tar opp klima og miljø i sine bøker.

Siden Kjersti Wøien Håland debuterte med diktsamlingen Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti i 2013 har hun skrevet én roman, to diktsamlinger og en boksingel til. Med romanen Dommedøgn ble hun i 2015 nominert til Ungdommens kritikerpris. I nominasjonen skrev juryen: «Wøien Håland har skrevet en sprelsk og humoristisk roman som ikke går av veien for å snakke alvorlig om ideologi og meningsløshet, fellesskap og ødeleggelse.» Vi er veldig glade for å i dag få ønske den lekne og engasjerte forfatteren velkommen til Litteraturbloggen.

I boka di Dommedøgn befinner vi oss i ei bygd på vei mot undergangen, på grunn av nedleggelser men også på grunn av den truende omkringliggende naturen. I et intervju med Vårt land knytter du begrepet dommedag tett sammen med naturfenomener. Hvilken rolle spiller de i din bok?

Naturfenomena i Dommedøgn er satt opp som ein kontrast mot det planlagde og det rasjonelt menneskelege. Dette er inspirert av stader der natur og kultur er tett på kvarandre men samstundes er skarpe kontrastar, i dette tilfelle ei fabrikkbygd. Eg ser dette som ein mikrokosmos av den menneskelige tilstand generelt. At vi strukturerer liva våre i organiserte former og utafor er naturen eit kaos som er vakkert men også skremmande. I Dommedøgn teller ein ned til ei naturkatastrofe og idéen er at ingen veit det, ingen ser dommedagen kome. Det er ikkje ulikt korleis offentligheita handterer klimakrisa. Det blir likestilt med alt anna, ofte viktige ting, men ein kan vel ikkje argumentere for at noko er viktigare enn at menneskeheten går under. Om ikkje ein er nihilist eller medlem av ein dommedagskult eller så rik at ein har bygd seg ein hemmelig to-roms på Mars.

Vi gjer ting som skadar vår kollektive kropp, planeten, for kortvarig lukke som berre gjer at vi ønsker meir.

Eg skreiv eit dikt om det i fjor som eg posta på Instagram der premissen er at det er ikkje planeten som går under, det er vi som gjer det. Det kjennes ofte som om ein snakkar for lite om at vi skadar oss sjølve når vi skadar naturen. Det heng saman med at vi psykologisk forsøker å fjerne oss frå den. Vi avviser kor symbiotiske vi er med miljøet vi lev i. Det er som vi prøver å dytte det i frå oss og dyrkar eit system med insentiv som aukar dette skiljet meir og meir. Iallfall i rike land der overforbruk er eit stort problem. Eg sit ikkje på min høge hest når eg seier det. Eg kjenner det att i meg sjølv. Eg tenker på det som eit politisk problem, men også som eit psykologisk eit. At mykje av det vi gjer som skadar naturen er ei søken etter lukke eller meining som er fullstendig forvirra, men samsvarer perfekt med samfunnet vi har vakst opp i, og nøkkelen er å finne meining og lukke på andre måtar. Det er som ein skadar kroppen sin med destruktive vaner der minus-spalta etterkvart tar igjen for pluss-spalta men ein konkluderer med at det ein treng er ei sterkare dose. Vi gjer ting som skadar vår kollektive kropp, planeten, for kortvarig lukke som berre gjer at vi ønsker meir. Det er som om vi er avhengige av eit system som gir dei fleste av oss lite tilbake. Det er nesten som vi treng ei kollektivt avvenning som eg trur vil gjere oss like mykje godt på individ-nivå som det vil hjelpe menneskeheten. Vi treng politisk mot frå leiarane våre til å identifisere problemet og jobbe for løysingar som samsvarar med alvoret, og klimakrisa burde skrivast om i avisa og snakkast om i media kvar dag. Eg forstår ikkje heilt kvifor det ikkje får meir plass. Eg vil gjerne ha ein daglig rapport på kva som skjer, kven som gjer noko for å fikse det og korleis ein kan hjelpe, i alle kanalar.

Her kan du låne alle Kjersti Wøien Hålands bøker

Hvordan engasjerer du deg i kampen for en mer bærekraftig verden?

Eg prøver å lytte til søstera mi som er veldig engasjert og informert på dette området. Eg prøver å lese meg litt opp på klimakrisa fordi, eg skal vere ærlig på at realfag ikkje alltid har vore mi sterke side, det er mykje eg ikkje forstår av detaljane. Det som går igjen som ting vi som enkeltindivid kan gjere er å forbruke mindre, å fly mindre og å ete mindre kjøtt. Eg prøver no å legge til meg gode vaner som å bruke handle-nett i staden for plastposar eller ein termokopp i staden for å kjøpe kaffi i papirkoppar med plastlokk, å handle brukt, resirkulere og reise kollektivt. Eg stemmer på parti som tar klimakrisa på alvor, og dette syns eg er ganske viktig for det er trass alt eit felles løft vi må gjere her, og sjølv om dei fleste partia snakkar om miljø er det ikkje alle som setter det på agendaen på ein reell måte. Eg er ikkje noko klima-forbilde, men tenker om eg skal ha noko nyttårsforsett i år så er det å leve meir miljøvennleg.

Hvordan kan litteraturen være med på å påvirke det grønne skiftet?

På same måte som litteraturen kan påverke på andre områder. Det kan fortelje frå den emosjonelle sida av saken. Eg trur miljøspørsmål fort kan kjennes abstrakte og store, og eg meiner at i media og på politiske arenaer burde samtaler om klima vere faktaorientert og forankra i den verkelige verda. I litteraturen kan ein utforske subjektive opplevingar, tenkte scenario, forminske og forstørre, hoppe fram i tid, bruke symbolikk og poesi til å vekke kjensler. Det er ei rolle litteraturen alltid kan ta.

Vil du anbefale en bok som kan inspirere flere til å tenke grønt?

Eg har diverre ingen konkrete anbefalingar på akkurat dette, men er sikker på det finnes mange. Les ei vegansk kokebok som inspirerer til å ete mindre kjøtt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.