Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Ingela Nøding Anbefalinger 30. desember 2014

Fremtidens forfattere: Silje Ree del 2

Les upubliserte dikt, kortprosa og fortellinger skrevet av fremtidens forfattere!

I desember kan du bli kjent med studentene ved Forfatterstudiet i Bø og deres tekster her på Deichmans litteraturblogg.

I romjula publiserer vi nytt materiale hver dag. God jul!

 

Foto over: Alinari Archives, Universal Images Group (Rights Managed / For Education Use Only)

 



Vi har allerede publisert et innlegg med Silje Rees dikt. Her kan du lese en av hennes noveller.

 



 

Bak lyset

Alle snakkar om jul. Butikkane har starta å selja julepynt og julekaker. Dei har til og med starta å selja julebrus. Av og til har eg lyst til å skrike: Det er jo faen meg berre november!  Eg gleder meg ikkje til jul. Ikkje i det heile. Eg forstår ikkje kva som er den store greia. Julegåver, julebakst, juledrit. Eit dunk frå etasjen over.

«Kristian, kva er det du driver med der oppe?!»  Eg kan tydeleg høyre den låge bassen auka i det Kristian skrur opp lyden på max. Eg bit det i meg og går inn på kjøkkenet for å lage middag. I kjøleskapet er det ingenting. Eg ser på klokka. Ho er allereie kvart over tre. Eg raskar med meg nøklane og jakka, før eg går ut til bilen. Set han i gir, svingar ut av gardsrommet og kjører det vesle stykket. Tord hater at eg køyrer til butikken.

Eg smell bildøra igjen og går raskt inn. Eg har ikkje lyst på mat lenger. Butikkhyllen gjer meg kvalm. Eg har ikkje lyst til å lage mat. Julekaker og julebrus tårnar over meg. Eg går langs butikkhyllene, ingenting freistar. Ein mann i tidlig trettiåra triller forbi med handlekorga. Han har tatt med seg sonen på handlinga. Den vesle guten spør om å få sjokolade.

«Nei, kva trur du mamma hadde sagt då?” Han ser på guten med alvorlege auge. ”Eg trur det er best at me berre kjøper det som står på handlelista, eg. Spagetti. Kjøttdeig. Kvar finn me det, då?”

”Der borte!” ropar guten og peiker.

Eg skrur av platene på komfyren. Kjøttdeigen er ferdig og spagettien ligg i servofixen.

”Kristian, nå er det mat. Kristian! Maten blir kald.” Eg set meg ned ved bordet og kikkar ut av vindauget. Blada ligg på bakken og regnet høljar ned. Små dropar trillar ned vindauget. Eg skvett idet golvet knirkar, men det er berre Kristian som har kome ned frå rommet.

”Som du skremte meg.” Kristian sukkar og strekker seg etter spagettien.

”Nei, vent til far din kjem heim.” Kristian dumper ned i stolen med eit stønn. Eg legg armane i kors og kikkar ut vindauget igjen. Regnet vaskar singelen ned til garasjeporten. Kristian tek opp telefonen og starter å skrolle og trykke.

”Legg bort facebook ved bordet, Kristian. Du veit at eg ikkje kan fordra…”

”Det er mail, mor. Mail. Dessutan, far har ikkje kome ennå.” Kristian stirrar intenst ned på skjermen sin igjen. Eg kikkar på klokka, ti over fire. Dropane hamrar på ruta. Ein einsleg fugl flyg over den mørke himmelen og inn i ly av ei tre. Han sett seg på ei grein og kikkar ut i regnet. Eg ser opp over gata. Ser etter ein bil som aldri kjem. Kvar gong to lysstrålar får regnet til å glitra, held eg pusten. Det er aldri den svarte Audien.

”Nei vel, me får vel berre begynne å eta,” eg blir sitjande og stirre ut av vindauget. Etter at Kristian har lessa mat på sin eigen tallerkenen starter han på min. Eg kviskrar eit kort takk og smilar prøvande til han.

”Han kjem nok snart. Det er nok berre jobben. Han har sikkert berre glømt å gje beskjed.”

”Hmf,” eg starter på spagettien. Han er nesten kald.

”Du stressar for mykje. Bare slutt å bekymra deg, det er ikkje vits. Chill ann.”

”Chill ann? Korleis i alle dage vil du at eg skal ’chilla ann’? Berre slutte å bry meg. Det er ikkje så lett, Kristian,” eg er litt skarpare i tonen enn kva eg hadde tenkt.

”Gløym det,” stønner Kristian og tek tallerkenen med seg opp på rommet. Igjen står ein tom stol. Rommet har blitt mørkare. Ute har lyset byrja å forsvinne. På veggen bak der Kristian akkurat hadde sete, heng bryllaupsbiletet vårt. Me smilte begge to.

Klokka er fem på fem, då eg høyrer at ytterdøra blir opna og smelt igjen. Det tek nokre sekund før Tord kjem inn på kjøkkenet og set seg ved bordet. Eg sitt i mørket.

”Overtid.” Tord strekker seg mot spagettien.

”Var du på posten?”

”Nei, gløymte det.” Tord stikk gaffelen ned i spagettien, snurrar han rundt og løftar han til munnen. Bles. Han skjer ein liten, nærmast usynlig grimase i det han starter å tyggje spagettien. ”Kaldt,” seier han med monoton stemme og svelgjer. Han reiser seg brått og set tallerkenen i mikroen. Tek seg til ryggen, raskar med seg avisa og går inn i stova. Eg bit meg i lippa og blir sittande igjen ved vindauget. Regnet har auka i styrke. Det plingar frå mikroen.

”Kan du ta med maten min?”

Eg løfter bliket frå dropane. Tek tallerkenen med meg ut i stova og legg han på bordet. Set meg ned ved sia av Tord. Legg handa på låret hans. Han grynter irritert og reiser seg for å gå på do. Eg blir sittande og sjå etter han før eg går inn på kjøkkenet. Raskt ryddar eg bort all maten og vaskar av benkene. Eg slengar kjøkkenfilla i frå meg, går ut på gangen for å bretta klede. Den svarte t-skjorta til Tord luktar fortsatt surt, eg sleng han til vask igjen. Etter å ha bretta dei slitte boxerane og dei gamle buksene, legg eg alt i ei korg. Klokka er halv seks. Eg løftar opp treningsbaggen, tek bilnøklane og kjører til Elixia.

Eg står ved TRXen. Eg har sett han før, han trener her ofte. Han står på andre sida av rommet. Ser han på meg? Er det nokon bak meg? Det er det ikkje. Eg ser ned. Klarer ikkje å la vera. Raskt kaster eg eit ekstra blikk. Er det meg han ser på? Ser han verkeleg på meg? Det boblar i magen. Han ser vekk og forsvinn rundt hjørnet, til apparata. Eg legg meg ned på matta for å ta situps. Tanka mine går til Tord, han har vore så stille i det siste.Fråverande og tankefull. Magen tek krampetrekningar, eg starter å få vondt i ryggen.  På nummer førti står han der igjen, med vektene. Hjarta mitt gjer eit dukk. Det blir plutseleg mykje lettare å ta situps. Teikn til musklar strammer seg under den kvite t-skjorta kvar gong han løfter vektene. Overkroppen er ikkje stor, den er akkurat passe. Han er trena, men ikkje ekstrem. Han set vektene på plass og tek opp handkleet og drikkeflaska. Eg reiser meg og går roleg mot vasken for å hente meir vatn. Fyller flaska og snur meg for å gå tilbake. Han står rett bak meg, eg skvett og byrjar å le av min eigen lettskremtheit.

”Unnskyld. Det var ikkje meininga. Eg skulle berre… Vatn…” han løfter flaska si opp og smiler unnskyldande. Eg ser på han og smiler.

”Maren,” seier eg og strekk fram handa mi.

”Andreas,” svarer han og helsar tilbake. ”Trener du her ofte?” spør han og måler meg med blikket.

”Eg har vore medlem ganske lenge, men du veit korleis det er. Det passer jo aldri, og så blir ein støttemedlem, ikkje sant. Hehe… Kva med deg?” Eg smilar og ser nysgjerrig på han.

”Typisk, ja. Nei, eg er vel i litt same båt. Men no har eg trena fast ei stund, då. Det er berre å komme inn i ei rutine. Så er det nesten fælt når ein faktisk ikkje har tid til å trena. Men ja, eg må nesten komma meg heim, me snakkas vel igjen,” seier han medan han går mot gardroben. Han snublar i dørmatta i det han rundar hjørnet, men han klarer å finne balansen igjen.

”Jodå,” svarer eg, ser etter han og smilar.

 

”Ska me sjå ein film?” Med ei vinflaske i den eine handa og to glas i den andre svingar eg inn i stova.  Tord sitt fortsatt i sofaen, men med iPaden i hendene denne gongen. Han trekk pusten djupt, men ser ikkje opp på meg.

”Kanskje i morgon, eg må ut ein tur. Det er noko eg må ordne.”

”Ja, ja, då får eg sjå aleine då.” Eg snur i døra og set det eine glaset ned på kjøkkenbenken. Resten tek eg med meg bort på salongbordet. Medan eg leitar etter ein film på Netflix, høyrer eg at Tord reiser seg frå den andre sofaen og går ut på badet. Eg klarer ikkje bestemma meg for kva film eg vil sjå. Eg blar forbi alle dei romantiske komediane, dei freistar ikkje lenger.  Frå badet kan eg høyra at Tord skrur på dusjen. Eg blar opp og ned. Ser gjennom lista med actionfilmar. Seriar. Til slutt startar eg ’A beautiful mind’, eg har sett han åtte gongar før. Tord har brukt lang tid på badet. Filmen startar og vinen smakar kork. Eg sitt samankrøkt i mørket og filmen har blitt forvandla til bakgrunnsstøy i ei tåke. Eg aner ikkje kor lenge eg har stirra ut i lufta då eg høyrar at Tord endeleg kjem ut av badet og går ut av huset. Den nyopna vinen står på bordet. Eg reiser meg opp, går ut på kjøkkenet og finn ei plate med mjølkesjokolade.

”Mor, ser du på TV? Kan eg sjå ein film nå?” roper Kristian frå stova.

”Nei, berre sjå film du.”

Eg set meg ned ved kjøkkenbordet og stirrar ut av vindauget. Ute er det mørkt. Det bles. Eg knekker opp ei rekkje med sjokolade. Eg kjem til å tenke på Andreas. På smilet hans. Han var hyggeleg. Nei, eg kan ikkje tenka på han. Det er dårleg gjort. Det er Tord og eg. Oss to for alltid. Men det er så lenge sida at… Bakgrunnstøyen er bytta ut med eksplosjonar og skottsalvar. Eg knekker opp ei ny rekkje. Eg kan ikkje huske sist gong.  Skottsalvene stilnar. Begge har vore slitne. Ting er ikkje som før. Eg knekker opp ei ny rekkje. Men eg hugsar ikkje lenger korleis det var før. Alt irriterer meg. Alt er feil. Alltid er eg trøtt, alltid er eg sur. Eg knekker opp ei ny rekkje. Når var sist han spurte korleis eg har det? Alt me snakkar om er middag og post. Andreas såg meg, ikkje forbi meg. Eg knekker opp nok ei rekkje. Han kjem alltid seint heim. Er hemmelegheitsfull og kviskrar aldri god natt i håret mitt lenger. Han forsvinn på kveldane og kjem ikkje tilbake før langt på natt. Kan det vera mogleg? Ligger det noko bak den ekle følelsen eg har kjent på i det siste? Det som eg har frykta. Nei, det kan det då ikkje. Eller? Kan det verkeleg vera nokon andre? Eg stirrar ut av vindauget. Ut i mørket. Nye skottsalver fyller stova. Eg griper etter meir sjokolade, men det er ikkje noko igjen. Eg krøller saman emballasjen og reiser meg for å kaste han. Deretter går eg ut på badet, vrenger genseren over hovudet og blir ståande og sjå på meg sjølv i spegelen. Rynkene har blitt alt for tydelige. Ikkje ei gong concealeren kan skjule dei lenger. Huda er tørr og slapp. Eg har prøvd å framheva. Skyggelegge. Prøvd å markere kinnbeina. Lagd trutemunn, medan eg legg på rougen. Orgasmekinn kalla make-updama det. Det farga håret er tørt og slitt. Auga er grøne. Singletten bretter seg eit par stader. Ring på ring. Eg har små lyse merker der kor huda har bretter seg innover. Det er for mykje meg. For lite av det gode. Krokete fingrar strekk seg over magen min, i eit flokete mønster. Det same mønsteret som strekk seg over låra og puppene.

Døra på rommet opnast og inn i mørket kjem Tord. Han kler av seg og legg seg ved sida av meg. Eg knip auga saman og ventar. Men han snur seg ikkje for å halde rundt meg. Prøvande kryp eg nærmare. Kysser han. Eg lar handa skli ned over magen hans, han er sveitt og klam. Eg vil trekkje handa vekk, men fortset. Handa til Tord stopper meg.

”Nei, Maren. Ikkje nå.” Eg trekk handa til meg og snur meg bort.

”Er det noko gale?” Tord svarer ikkje.

”Men kva er det då? Er det meg? Syns du at…”

”Maren.. Det er ikkje… Det er bare… Ikkje nå…” Kvalmen stige og tårene pressa på. Eg lukkar augo og prøver å svelgje klumpen i halsen. Kvifor orker eg i det heile tatt å bry meg? Tord reiser seg og går ned på badet. Fleire timar går utan at eg klarer å sova. Kinna mine er stive og klør av tørre tårer. Fleire gongar reiser Tord seg og går ned. Eg blir liggande igjen aleine og teller sekunda det tek før han kjem tilbake.

”Eg stikker på trening!”

”I dag òg?” Tord kikkar opp av iPaden og ser spørjande på meg.

”Ja, fekk lyst og då ser eg ingen grunn til å ikkje gjere det.” For å komme ut døra må eg ta eit stort steg over jakka og skoa til Kristian. Nokon andre kan ta det, tenker eg medan eg går ut og set meg i bilen. Svingar ut av gardsrommet og kjørar mot Elixia. På Elixia er parkeringsplassen stappfull. Eg kjører fram og tilbake to gongar før eg klarer å finna ein ledig parkering mellom ein Volvo og ein Toyota, heilt nedst på parkeringsplassen. Eg spring opp trappene på Elixia, skriver meg inn og går inn i garderoben. Skapet mitt er tatt. Eg blir ståande å stirre på låsen i eit minutt før eg finn ut at den ikkje vil forsvinne og at eg må finne meg eit anna skap. Heilt innerst er det eit ledig. Eg legg treningsbaggen inn, låser skapet og går ut for å trena. Er han her i dag? Eg lar blikket gli over heile rommet. Frå mattene til vektene. Pulsen min aukar. Andreas joggar lett på tredemølla. Sakte, men bestemt går eg mot den ved sida av, som om det er tilfeldig at eg vel akkurat den. Han ser på meg og nikker, eg smilar tilbake.

”Du er her i dag òg.”

”Når ein først har kome i gong, så.” Eg starter sakte, men kjenner raskt trongen til å skru opp tempoet. Fleire gongar stel eg til meg eit blikk. Kvar gong eg møter blikket hans ser eg at han tek tak i kantane for å ikkje dette. Hjartet mitt snurrar og eg smiler for meg sjølv.

”Du, eg er litt nybegynnar på apparata, du kunne vell ikkje vore så snill og vist meg nokre øvingar?”

”Så klart,” svarer han og blunkar. Me går bort til treningsapparata. Eg set meg ned og strekk meg etter stanga eg har over hovudet og prøver å dra han ned, men eg glepp han og eit tungt smell galopperer gjennom rommet. Fleire snur seg og ser på meg.

”Oi då. Gløymte visst å sjå kor tung han var. For ein dårleg lærer eg er, unnskyld.” Andreas smiler lurt, bøyer seg fram, tek ut ein splint og set han inn lenger oppe. Han trekker stanga lett ned og held han framfor meg.

”Legg handa di her og den andre handa der. Kontrollert lar du stanga gå opp før du trekker han roleg og forsiktig ned igjen.” Brystkassa hans er heilt inntil ryggen min. Eg kjenner varmen frå kroppen hans. Pusten hans mot øyra. Varmen brer seg gjennom meg.

”Ja det er fint,  ja. Fortsett sånn. Sakte og forsiktig. Veldig bra. Siste nå. Bra jobba.” Eg pustar tungt, smiler og kjenner at ein sveittedrope triller ned panna mi. Me bytter plass og eg blir ståande å sjå på han medan han løfter. Det ser ut som han har litt problem. Han pustar tungt og stirar konsentrert framfor seg.

”Teller du?” spør han mellom pusta. Eg blir dratt ut av tankane mine og nikker.

”Sju. Åtte.”
Me går ned trappa på Elixia. Ute har det byrja å bli mørkt. Eg følgjer berre halvt med på kva Andreas seier. Alt eg klarer å tenke på er dei mørkebrune augo. Smilet. Eg går ved sida av han, høyrar stemmen hans. Me går bort over parkeringsplassen. Ingen av oss veit kvar me skal. Me fortset å gå og prate. Ikkje om noko viktig. Han spør meg om kva favoritt filmen min er. Kvar eg vaks opp. Og kva eg jobbar med. Nokre gongar spør eg tilbake.

”Nei, nå tuller du, då gjekk me på same skule. Så utrolig kult!”

”Ja, det er rart å tenke på.” svarer han.

”Tenk om me hadde kjent kvarandre då.” Eg stirrar ut i lause lufta. Me går gjennom gatene. Forbi hus. Plutselig stopper Andreas opp og stirrar meg inn i augo. Eg stirrar tilbake. Dei svarte pupillane hans er store. Eg har ikkje lyst til å slutta å sjå på augo hans. Så kysser han meg, først forsiktig så meir bestemt. Eit kaos av tankar raser gjennom meg. Eg tenker på Tord. Tenker på i går. Eg tenker på Andreas. Boblene brusar. Sjølv om eg har auga lukka, kan eg tydeleg sjå dei mørkebrune augo hans for meg. Eg ser smilet hans. Kjenner boblene.

Eg legg treningsbaggen ned på golvet på vaskerommet. Inne på kjøkkenet er det dekka på for to. Ei rose står midt på bordet. Eg seiar ingenting. Tord sitt i mørket og ventar.

”Kjøttdeig og spagetti,” seier han. ”Kjøttdeigen er kanskje litt kald..” Eg ser på den svartsvide kjøttdeigen og på spagettien som klart og tydeleg manglar smør.

”Kvar er Kristian?”

”Han er på kino med nokre vennar. Det er berre meg og deg nå,” seier Tord og stirar på meg. ”Eg… Ehm, eg har ikkje vore heilt ærleg mot deg i det siste. Eg har vore borte mykje. Fråverande. Men eg har ikkje visst korleis eg skulle sei det før. Men du har og vore fråverande i det siste. Lars såg deg på treninga i dag. Han sa han skulle til å helse, men at du…” Pulsen min aukar og ein klump veks i magen.

”Det var ikkje sånn. Eg lovar. Eg veit det må ha sett merkeleg ut, men… Han… Han er berre ein frå treninga.”

”Kva meiner du?”

”At han berre hjelpte meg og viste meg øvingar. Men, det er… eh… Det er ikkje noko meir…”

”Kva er det du snakkar om?” Tord ser på meg med eit forvirra blikk. Eg stopper opp, stirar ned på bordet. Tord har lagt eit ark der. Eit brev frå Radiumhospitalet. Med utheva skrift står det. ’Prostatakreft.’ Eg ser opp på han igjen. Auga hans betraktar meg. Det strammer seg i brystet. Eg ser ut vindauget. Vinden riv i dei gylne blada. Snart har den teke med seg alle saman.

 

 

 



 

 

 

 

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.