Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Ingela Nøding Tema 28. oktober 2015

MIN BIBLIOTEKAR: Nytenkeren

Attraktive bibliotekarer kommer i alle slags former og fasonger, og gjerne med sløyfe på, ifølge Øystein Espe Bae.

Siste bidrag i vår serie om bibliotekarens betydning kommer fra Øystein Espe Bae. Han er leder for Norsk barnebokinstitutts nettstudium i samtidslitteratur for barn og unge. Han har master i Nordisk litteratur, og har tidligere arbeidet for blant annet Høgskulen i Volda, Nynorsksenteret og Framtida.no. Nå sitter han i litteraturpolitisk utvalg for Norsk bibliotekforening, foruten å være med å drive Barnebokkritikk.no. Her får du Baes beskrivelse av sin(e) bibliotekar(er):

 

Avstandsforelska i bibliotekaren

Eg var ikkje i kontakt med ein einaste bibliotekar i heile oppveksten.

Det var ingen bibliotekarar som fanga meg opp. Det var ingen bibliotekarar som såg meg, og smitta meg med lesebasillen. Ikkje på eit folkebibliotek. Ikkje på eit skulebibliotek.

Det var jo ingen å fange opp. Ingen å sjå. Ingen å smitte.

Så hadde du spurd Øystein i 1992 om kva som var hans favorittbibliotekar, hadde han berre sett rart på deg, og svart ”Ka du meina, ”bibliotekar”?» – før han såg ned i boka si igjen.

Litterært sjølvgåande, kunne eg nonchalant skutt inn. Eller så kunne eg nemnd at eg har to lærarar til foreldre.

Spol fram til 2015, og situasjonen er snudd på hovudet. No har eg ei hemmeleg, og stadig veksande liste over bibliotekarar som er så inspirerande at eg rett og slett blir litt avstandsforelska.

Eg blir avstandsforelska i bibliotekarar som:

– møter folk med eit kroppsspråk som inviterer til ein genuin samtale

– kremtar ekstra høgt og fortel om sine visjonar for biblioteket når kollegaer i lunsjen hevdar at ”alt var så mykje betre før”

– er uredde, kritiske og nysgjerrige, og tenker utanfor dei eksisterande rammene

– aldri kjenner seg vaksne eller ferdig utdanna

– utstråler stoltheit om si eiga rolle som fagperson, og om biblioteket sin viktige samfunnsposisjon

– gjer alt dei kan for å treffe lesaren der han eller ho er – både i overført og bokstaveleg meining

– tenker nytt om samarbeid med aktørar utanfor bibliotekets fire veggar

– tør å bruke seg sjølv i formidlingssituasjonen, men som ikkje let sine eigne preferansar kome i vegen

– har pynta seg med sløyfe fordi det er onsdag

Min bibliotekar er alt dette, og no veit du innerst inne kven det er snakk om. Det er kollegaen din, ho som viste deg trikset med kaffimaskina første dagen din på jobb. Det er den snakkesalige barndomsvenen din, eller ho smilande jenta med Converse-skoa og ipaden du kom i prat med på den konferansen om digital litteratur. Det er han med det bustete skjegget og dei svarte brillene som både jobbar på biblioteket på skulen din og på biblioteket i nabobygda. Det er ho med dysleksi som bloggar om dei beste ungdomsbøkene lenge før dei slår skikkeleg an.

Det kan til og med vere deg. Det finst inga øvre grense for kor mange ein kan vere avstandsforelska i.

 

I mars i år opplevde kollega Vidar Kvalshaug mye oppmerksomhet da han fortalte om hvor mye bibliotekaren Paula Bae hadde betydd for hans barndom. Deichmans litteraturblogg har derfor kontaktet flere litteraturkjære personer for å be dem fortelle om sin «bibliotekar»: en litteraturformidler som, med eller uten bibliotekarutdannelse, har gjort inntrykk. Vi håper du liker serien Min bibliotekar!

 

*

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.