Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Victor Josefsen Intervjuer 24. september 2020

5 plater som har inspirert Avind

– Avind er tilbake med ein ny låt om korleis livet ikkje alltid er slik ein ønskar seg, og at sjølv om vi alle er forskjellige, så er det ikkje nødvendigvis noko som er rett eller feil. Ein må vere som ein er, forteller gruppa. Gode ord det der, og ikke minst er musikken til Avind god. Den nye singelen «Kraftanstrengelse» er utgitt på Snertingdal Records. Her kan du lese om hvilke 5 plater som har inspirert medlemmene i bandet.

Av: Victor Josefsen / Foto: Erik Lande

Avind forteller:

Avind er ei ganske samansett gruppe folk med veldig forskjellige referanser, som fungerar ganske godt saman. Eg tenkjer at det gjer det heile litt meir spanande, du veit aldri heilt kva som kan kome. Nokre av oss har spelt saman i snart 15 år, i masse forskjellige greier, andre er relativt nye, men eg trur ei slags interesse for lydlegheit kan vere det som samlar oss. Tekstur i lyden av det vi driv med og omtanke for korleis det let. Med det i bakhovudet var det naturleg å spør bandet om dei kunne velge ut kvar si plate, så her kjem det.

 

Tonje:

Wilco «A ghost Is Born»

Eg hugsar eg oppdaga Wilco litt på slump etter ein tur på Platekompaniet i Trondheim tidleg i 20-åra, det må ha vore like etter «A Ghost Is Born» kom ut. Eg sat mykje inne på rommet mitt i kollektiv og hørte på den, og etter tips frå ein kompis kjøpte eg «Yankee Hotel Foxtrot» også, berre nokre dagar seinare. På den tida heldt eg for det meste på med jazz og friimprovisert musikk, sjølv om eg høyrde på mykje indie og rock. På ein slags måte fusjonerte desse platene det eg dreiv med og det eg likte. Eg må ha høyrt begge to nærmast i hel sidan då, men viss eg skal plukke opp ei av dei igjen, så blir det den med egget. Det er så mykje desperasjon og einsemd i tekstmaterialet, eg byrjar nesten å føle på at ting er håplause sjølv, empatisk lytting kan du seie. Tekst har alltid vore eit slags alfa og omega for meg. Eg har kanskje eit litt usunt oppheng i det, noko som ikkje alltid gjer det så lett for ein sjølv når ein skal skrive. Det er ikkje til å legge skjul på akkurat det, det tar lang tid! «A Ghost Is Born» er eit velskrive verk som lar deg føle på alle kjenslene av å vere der ute åleine, nesten litt manisk, og å prøve og feile, for å få til å ha det bra igjen. Og det er sjeldan eg finn plater der det musikalske ubehaget klarer å følge opp tekstmaterialet på ein så rå måte, og som samstundes landar ei slags stoisk ro når det trengs.

 

Øyvind:

Elliott Smith «Either/Or»

Da jeg begynte å spille i Avind for et års tid siden, sammenfalt det med å gjenoppdage Elliott Smith, som jeg hørte ihjel som tenåring. «Either/Or» fra 1997 er hans beste plate, og ved gjenhøret nå er musikken for det første mye mindre deprimerende enn jeg husket. Historien om musikken er helt sikkert blitt farget av historien om personen Elliott Smith og hans tragiske/makabre bortgang. For det andre hører jeg nå hvilken fantastisk, stilsikker og hardtarbeidende musiker og vokalist han var. Ække mye skrangleindie det her, selv om det kan virke sånn ved første lytt. For meg er han uansett et stort forbilde for alt jeg måtte finne på å bidra med i Avind.

(Sjekk også: Et mesterverk: Elliott Smith – «Figure 8»)

 

Gudmund:

Merle Haggard «Swinging Doors and The Bottle Let Me Down»
Merle Haggard er sikkert den artisten som har inspirert meg aller mest dei siste åra. Han syng like bra som Sinatra og skriv like bra låtar som Dylan. Du føler at det er ditt liv det handlar om. Geniet Ralph Mooney på steelgitar set også sitt preg på denne plata, saman med dei andre fantastiske musikarane som er med i bandet. Dei var så utruleg gode til å spele over to-tre akkordar i Bakersfield på sekstitalet. Eg kjem til å bruke resten av livet mitt på å prøve å lære meg å spele dei to tittelspora. Kanskje ikkje noko av dette synest å vere relevant for Avind ved første augekast, men det er ikkje så farleg. Vi driv jo også med formidling av tekst. Og det verste eg veit er uansett indieband som berre har høyrt på andre indieband.

 

Eirik:

Monkey Plot «Here I Sit, Knowing All of This»

Minimalistisk magi! Har ikke sjans til å telle antall ganger jeg har fått gåsehud når jeg hører på denne platen. Dette syns jeg er den beste norske instrumentalplata som har kommet ut, Kåre & The Cavemen lander på en god andreplass nå. Jeg liker det så godt fordi det er så kreativt, landskapet de lager er rikt og nytenkende, og jeg bare elsker hvordan de får det til å bli så spennende med bare el-gitar, bass og trommer, mine favorittinstrumenter! Man må bare digge måten de utformer og utforsker hverandres melodier på og samtidig som den smakfulle trommespillinga får det til å enten sveve eller lande. Er det jazz eller er det rock? Aner ikke, men det er musikk i mine ører.

 

Amund:

Vidar Busk «Venus, Texas»

Då «Venus, Texas» kom ut var det nok ein del fans som vart skuffa ettersom den låt ganske annleis enn dei tidlegare platene til Vidar Busk. For meg var den midt i blinken. Dette er ei plate med mange fine låter og arrangement. Og ikkje minst: kul bassing.

 

Avind – Kraftanstrengelse

 

Avind – Så Ser Eg Inn I Mørket (Ferske spor uke 5/2020)
Tonje Tafjord har oversatt Bonnie «Prince» Billys uovertrufne sang «I See A Darkness». Det er mildt sagt et modig valg. Resultatet er en av de mektigste lytteopplevelsene jeg har hatt på en stund. Avind makter å gjengi, faktisk overgå den brutale nerven som ligger i sangens natur. Det er lett å forstå at Will Oldham har gitt sitt samtykke til dette prosjektet, for dette gjør inntrykk. Ute nå på Snertingdal Records. (David Jønsson)

 

Avind – Du kan bruke mørket innafrå til lys (Ferske spor uke 17/2018)
Tredje singel ut fra Avind sin kommende plate «Evig blenda», som kommer 25. mai på Snertingdal Records. Jeg har omtalt de de to første singlene, «Dumring» og «Evig blenda», i positive ordelag tidligere. «Du kan bruke mørket innafrå til lys» spretter avgårde på iørefallende twee-vis, melodiøs og varm. Avind har virkelig slått sine twee-kronblader ut i full med årets tre singler. (Victor Josefsen)

 

Avind – Evig blenda (Ferske spor uke 8/2018)
«Dumrian» var den første smakebiten fra det kommende albumet «Evig blenda». Tittelåten «Evig blenda» er indie/pop med en liten dæsj twee. Og som utttykket til Utakk (som de har spilt konsert sammen med) lyder det varmt og nærværende. Skjørt og vakkert, rett og slett. Se opp for plata «Evig Blenda» som kommer 25. mai 2018 på Snertingdal Records. (Victor Josefsen)

 

Avind – Dumrian (Ferske spor uke 48/2017)
Dette må være den ferskeste låten på spillelisten. Avind har slått seg sammen med Snertingdal Records og «Dumrian» er den første smakebiten fra det kommende albumet. Finfin tweepop med supercatchy refreng. (David Jønsson)

 

 

5 plater som har inspirert

 

Korrupt (Marius Jahnsen) – 5 politiske platefavoritter

5 punkplater som alltid/fortsatt inspirerer Robert Hårstad i Forgetaboutit

5 låter som har inspirert

 

Her kan du søke etter og låne bl.a. musikk, noter, DVD’er og filmer i Deichmans katalog

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.

Bli med blant 74 andre abonnenter