Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Kirsti Bremer Fjær Tema 6. februar 2014

Å være yrkeskvinne på 30-tallet

haalkeTrine Torgersen er ei ung lærerinne som nett har byrja i ny jobb på austlandet.  Ho blir plassert på eit loft utan kjøken og held skole i same hus. Læraren i etasjen under har det mykje betre. Romanen Trine Torgersen av Magnhild Haalke er en nøkkelroman fra 30-tallet.

Foto: Vikna Kommune (Magnhild Haalke 1885-1984)

Trine kjem frå kysten og kjenner seg framand i innlandsbygda. Det blir ei tøff tid. Trine kan handtera elevane, men læraren Larris blir ei stor utfordring. Han tåler ikkje ei opposisjonslysten kvinne og lagar vanskar for henne.

Fritt-talande lærerinne

Trine tør å seia frå- ulikt dei andre lærerinnene. Mange av dei har reist raskt frå bygda, dei var «nervøse» seier Larris-  og han lurer på om ikkje Trine óg er det. Snakk om hersketeknikk!  Fleire i bygda er heller ikkje begeistra for den modige lærerinna.  Jerra, kona til Larris, har óg sitt ho skal ha sagt. Trine held håndarbeidstimar for jentene på kveldstid. «Jaja du vil vel bli avholdt», seier Jerra. Trine kjenner at ho «minkar»- Ho hadde då ikkje tenkt på det…

Giftarmål

Betre blir det da ho får ein god ven i smeden, han kjenner seg óg misforstått på mange måtar. Dei bur lenge oppe på loftet, men til slutt  får dei eiga hus. Da først er ho sikker på at ho kan fortsetta å bu i bygda. Endelig fri frå Larris… (Namnet Larris har dårleg klang, det var jo rampen i  det nynorske tegneserieheftet Vangsgutane!)

Bra var det nok at forfattaren flytta frå bygda før boka kom ut!

Friskt språk

Magnhild Haalke skriv eit radikalt bokmål med nokre dialektinnslag. Ho brukar «ho» (ikkje «hun», lite brukt på trøndersk) og har eit frodig og friskt språk. Nokre dialektuttrykk er forklart, men ikkje alle. «Yvin» til dømes, det er kanskje ikke så mange som veit at det betyr «fyldig, tjukk»? Forfattaren beskriver godt om datidens diskriminering av yrkeskvinner. Dei får dårlege bu- og arbeidsforhold og blir behandla nedlatande av mannlege kollegaer.

Forfattaren

Denne boka vann ein konkurranse om kvinner i yrkeslivet i 1939, og vart dårleg mottatt i innlandsbygda. Boka er jo ein såkalla  nøkkelroman- og det var mange som kjende seg att. Bra var det nok at forfattaren flytta frå bygda før boka kom ut!

Magnhild Haalke er frå Vikna i Nord-Trøndelag og har skrivi mange bøker. Mest kjend er ho for debutromanen Allis sønn. Biblioteket i Vikna har gjort mykje for å halde oppe interessa for forfattaren. Dei planlegg no ein bauta av bygdas «store dotter». Vikna har ei venneforeining som har hatt festival og utstillingar om forfattaren. Ho er oversatt til fransk, nederlandsk, svensk og engelsk. Boka vart gjeven ut på nytt i 1985.

Magnhild Haalke fekk eit langt liv. Ho døydde i 1984- heile 99 år gammal. Denne denne fine forfattaren bør ikkje gløymast!

 

 

 

 

 

Én kommentar til “Å være yrkeskvinne på 30-tallet”

  1. Lisbeth Dalquist Homme sier:

    God bokomtale, så denne boka må eg lese på nytt. For mange år sidan høyrde eg «Allis sønn» som opplesing i radioen, det var ei sterk oppleving.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.