– Gi meg vin med smak av magasin!
Har du lurt på hvor vi gjemmer alle de hundre tusenvis av bøker som ikke er synlige i biblioteket? Tirsdag åpner vi kjeller og loft i Hovedbiblioteket for deg som vil fotografere. Det feirer vi med en hyllest til huset!
Foto: Frank Michaelsen. Dikt: Rigmor Dina Farstad
Vi lader nemlig opp til fotokvelden med et dikt skrevet for anledningen av en «Deich-kvinne»: spesialbibliotekar Rigmor Dina Farstad. God lesning!
Så gi meg vin med smak av magasin!
Baktrappene på Deichman.
Blankslipte av
bokspringarar.
Passasje og puls!
Millionar av ord
lyfta opp i dagen,
set sine spor.
Ein vev av reolar.
Smidd av smedar
som seinare kom att for å lese.
Klaustrofobisk
sarkofag? Nei,
heller labyrintisk
skattekiste.
Det finst ein gammal veg her
mot fridom.
Blir det farvel no –
til angen av granitol?
Så gi meg vin med smak av magasin!
Bomull-papir-ler-jarn-himmel.
Her nede,
i stille og støv,
kviskrar det.
Orden, dugleik, truskap.
Orden, dugleik, truskap.
Nokon, som for lengst
har gått av siste vakt
er det, som kviskrar.
Får vi med oss desse, når vi dreg?
Og her i skuggen
i denne skakke kråa,
kyste to bibliotekarar.
Ja, det var eit tørt kyss,
men like fullt eit kjærteikn.
Vil det, ein dag, også
bløme kjærleik mellom hyllene
i Bjørvika?
Sjekk ut info om fotokvelden her.