Søk Meny Lukk
Lukk
Av: litteratur Tema 23. mars 2015

Inga kjære mor

kjære søsterI Alf Kjetil Walgermo sin ungdomsroman Kjære søster møter vi Eli Anne Storfjord, som skriv på Facebook-veggen til veslesøstera si, Amalie. Kvar einaste dag. Men ho får aldri svar. Amalie er nemleg død.

Tekst: Lena Ramberg /Foto: Cappelen Damm

Kjære søster.
I dag ville du fylt 15 år. Pappa seier at vi skal komme igjennom dette. At livet framleis er verdt å leve. Men eg fekk ikkje eingong sagt farvel til deg. Eg fekk aldri gitt deg ein siste klem. Eg trudde det skulle bli lettare etter kvart. At dei gode minna skulle ta over for det fæle. Men det er motsett.

Sjølv har eg ikkje ei søster, men eg har ein bror som er eitt og eit halvt år yngre enn meg. Det er lenge sidan eg har tenkt tilbake på korleis me hadde det då me gjekk på ungdomsskulen. Walgermo beskriv eit søskenforhold som er lett å kjenne seg att i, ein skulekvardag med intrigar, heftig kjærleik, høgt konfliktnivå og tvil på om ein sjølv er god nok. Dette har me vel alle vore innom i større eller mindre grad. Eg hadde ikkje gått dei tre åra på ungdomsskulen om att om eg så fekk betalt for det. Eli Anne ville nok gitt mykje for å kunne gå tilbake i tid, starte ungdomsskulen på nytt. Då ville Amalie vore der att.

Å snakke til veggen

Facebook-veggen blir ein stad der Eli Anne føler ho fortsatt kan ha ein slags kontakt med søstera, og gjennom Eli Anne sine meldingar til Amalie blir vi med tilbake i tid og får sjå korleis dei to har vakse opp. Denne vekslinga mellom tilbakeblikk og notid er eit grep som gir boka ein fin dynamikk, gjer at me blir kjent med og oppdagar stadig nye sider ved både Eli Anne og Amalie. Det at Eli Anne skriv til søstera si, adresserer henne direkte i du-form, gjer det enda meir smertefullt å lese. Det synleggjer og understrekar fråværet av Amalie.

Venene til Eli Anne forsøker å få henne med ut, dra henne tilbake til røynda, men Eli Anne synest det er vanskeleg. Katta Gråpus og hesten Faithful blir viktige støttespelarar, dei er og med på å drive historia framover. Rideturane med Faithful tvinger Eli Anne ut av isolasjonen, og stallen er ein trygg stad. Han er full av minner om Amalie, men her kan ho prosessere sorga. Både katta og hesten er figurar som knyter Eli Anne og Amalie saman, symbol på tryggleik: Dyra blir personifiseringar av minne om livet søstrene har levd saman.

Little sister, the sky is falling

Patti Smith spelar óg ein sentral rolle i denne romanen. Ho gjer ingen opptreden i eigen person, men har vore viktig for Amalie både som inspirasjon og forbilde. Eit bilete av Smith heng framleis over senga til Amalie, og jentene hadde heftige diskusjonar om kven som var best av henne og Bob Dylan. Eli Anne lata som ho ikkje likte stemma til Patti Smith, medan ho no i ettertid må medgje at ho ikkje er så aller verst likevel. Utdrag frå Patti Smith sine tekstar dukkar opp med jamne mellomrom i boka, oftest som meir lyriske bilete for kjenslene og stemningane Eli Anne ber på. Også dette fungerer godt som forteljargrep.

Den brutale røyndommen

No som dystopiar for ungdom veks fram som hestehoven i vårsola, har Walgermo skrive ein roman kor vi er her og no, i den verkelege verda. Kjensla av frustrasjon, urettferd og eit uovervinneleg mørker er sentral også i Kjære søster. Kommunikasjonsforma her, å skrive på ein Facebook-vegg som berre Eli Anne sjølv kan sjå, gjer at ho er ærleg, og lesaren kjem tett på, midt i sorga hennar. Noko av det mest spanande med denne romanen, og eitt av dei viktigaste bodskapa alle som les boka kan ta med seg vidare, er tanken om å setje pris på noa. Litt oppbrukt frase sjølvsagt, men av og til kjem ein berre ikkje utenom klisjeane, nettopp fordi innhaldet deira er så viktig.

Refleksjonane Eli Anne gjer seg er tidvis bråmodne, tidvis meir barnlege, akkurat slik ein som femtenåring stadig er på vandring mellom desse to ytterpunkta, akkurat slik livet heile tida svingar når ein befinn seg i ein sorgprosess.

Korleis har du hatt det i haust, Eli Anne? spurte presten mildt. Ei skjelving jaga gjennom kroppen min. Det var som om slagget losna frå hjarteveggane inni meg og samla seg på eitt mørkt punkt. Eg kunne ikkje seie korleis eg hadde hatt det i haust. Men eg kunne seie korleis eg hadde det akkurat der og då. Nokre meter bortanfor oss låg grava di. Grava til den personen eg er gladast i av alle eg nokon gong har kjent. Eg hatar Gud, kviskra eg. Eg merka at stemma svikta meg. Stirte hardt ned i bakken. Det er lov, sa presten.

Anbefalast alle

Walgermo har skrive ein roman som fortel ærleg om sorg og ungdomstid, om den opprivande opplevinga av at kompasset ditt blir rive vekk midt i forsøket på å finne ut kva for retning du skal gå i her i verda. Kan ei slik bok ha ein lukkeleg slutt, slik det vel er uttalt at bøker for barn og unge helst skal ha? Sjølvsagt ikkje. Og nettopp det er jo dødens brutalitet: Ein får dei aldri tilbake, dei ein har mista. I den evigvarande prosessen det er å ta innover seg akkurat det, trur eg denne boka vil vere fin å lese, same kva alder du er i.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.