Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Victor Josefsen Intervjuer 23. august 2017

Egil Olsen: – Eg er ein rebell

Egil Olsen slippet nytt album 25. august, med tittelen "You and Me Against the World", og har konsert på Rockefeller i dag. "Den handlar tross alt om monogami og evig kjærleik. Ikkje så veldig rock n roll kanskje, men eg er ein rebel. Med andre ord, rock n roll", forteller Egil. Vi tok en prat med Egil om nettopp rock n roll, pluss kjærleik, humor, angst, sex, død m.m.
Av: Victor Josefsen

Egil Olsen slippet nytt album 25. august, med tittelen «You and Me Against the World», og har konsert på Rockefeller i dag. «Den handlar tross alt om monogami og evig kjærleik. Ikkje så veldig rock n roll kanskje, men eg er ein rebel. Med andre ord, rock n roll», forteller Egil. Vi tok en prat med Egil om nettopp rock n roll, pluss kjærleik, humor, angst, sex, død m.m.

Av: Victor Josefsen

La oss snakke om:

Rock n roll?

– Trur både rock og roll dominerar platesamlinga mi, sjølv om eg har hatt ein tendens til å lage ganske mjuk og sårbar musikk sjølv – heilt til no. No slepp eg mi første rockeplate. Kanskje eg overdriv litt, men den nye plata har iallefall trommer og bass og elgitarar. Med litt vreng til og med! På innsida er den veldig mjuk og varm da. Den handlar tross alt om monogami og evig kjærleik. Ikkje so veldig rock n roll kanskje, men eg er ein rebel. Med andre ord, rock n roll.

Singer/songwriting?

– Sjølvom det er litt meir trøkk og triks på den nye plata mi, ligg det oftast ein enkel liten låt bak. På releasekonserten på Rockefeller (23. august) framfører eg heile plata som singer/songwriter – nedstrippa og akustisk og vakkert. Har med rockebandet mitt, men tvingar dei til å spele lite og svakt og fint på akustiske instrument. Eg elskar å covre f.eks. hip hop eller rock, og singer/songwritifisere det. No får eg gjort det med mine eigne songar.

Studio?

– Eg er ein studionerd og jobbar mest i mitt eige studio på Nesodden. Det er eigentleg berre eit roterom som er fylt med gamle instrument og mykje anna crap. Trommene er innspelt i Ocean Sound Recordings på Giske. Eg gjorde også nokre opptak i eit studio i LA med trommis og perk-guru, Butch, som var med å starte eit av mine favorittband, Eels, og spelar no i bandet til Lucinda Williams.

LA?

– Eg skreiv mykje av den nye plata mi i LA. Eg likar å skrive der, og gjort det fleire gongar før også. Denne plata er også mastra i LA og vinylen er kutta der. Eg er egentlig ikkje so glad i sol, svømmebasseng, silikon, glam og bilar, men LA har ein spennande undergrunn. Ein slags motpol til alt dette. Det er dét eg likar. Pop, men anti.

Multikunst?

– Blir alltid litt flau av å bli kalla multikunstnar, men det eg gjer, er ein totalpakke. Eit lite univers. I tillegg til musikken, lagar eg videoar og illustrerer platecover og plakatar, samt andre små kunstprosjekt. Eg vil at dette skal vere ein kreativ leikeplass, sjølvom det av og til føles som eit control freaky fengsel. Eg har blitt flinkare å samarbeide med andre, men vil helst ha ein finger eller ti med i spelet på det meste.

Turnéring?

– Eg turnérar ganske jevnt og er alltid litt på turné. Eg vil alltid spele live og takkar ja til mykje rart. Eg spelte nettopp for 70 folk på ein 800 meter høg fjelltopp i heimbygda Ørsta, i pøsregn og tåke. Eg gjekk opp (og ned) og hadde gjørme langt over knea. For eit par månedar sidan gjorde eg tre konsertar i Hollywood og no skal eg snart spele på Rockefeller. Eg seier som regel ja til alt. Ein dag med konsert er bedre enn ein dag utan.

Humor?

– Humor har, egentlig heilt ufrivillig, blitt ein del av konsertane mine. Trur det oppstod som ein forsvarsmekanisme. Når du blottlegg deg i musikken og står på scena aleine med ein liten kassegitar, blir det nesten nødvendig å gi både publikum og meg sjølv ei lita pustepause mellom songane. Eg synest humor og melankoli går hand i hand.

Kjærleik?

– Den nye plata mi, «You and Me Against the World», er full av kjærleik. Han som mastra plata i LA syntest det var forfriskande med ei so positiv plate og lurte på om eg var nyforelska. Eg fortalde at eg møtte kona mi for snart 20 år sidan. Sjølv om plata er positiv, handlar den mykje om kampen for å få kjærleiken til å vare og fungere. Det er sjølvsagt ikkje alltid enkelt. Forrige plate var innom mørkare sider av kjærleiken, men her har eg fokusert litt meir på dei positive sidene.

Tegneserier?

– Eg debuterte med sjølvbiografisk teikneserie i Dagbladet si gjestestripe for eit par år sidan. Det starta med ei lita skisse eg hadde på telefonen min. Plutselig blei eg spurt om eg kunne levere ei dagleg stripe, frå mandag av. Det kom litt brått på og blei ein fulltidsjobb i ein og ein halv månad. Eg har heile livet vore fan av teikneseriar og prøvar å finne tid til å lage meir av min eigen. Må også ha tid til å lese andre sine. Ein av mine favorittar, som eg skulle ønske alle visste om, er Dakota McFadzean. Han laga ei dagleg stripe på nettet kvar dag i fleire år og ga nyleg ut boka «Don’t Get Eaten by Anything».

Angst?

– Angst er vel noko alle artistar slit med. Trur eg sparer angstkortet til meir desperate tider eller ein stor + artikkel som kun abonnentar får lese.

Sex?

– Eit veldig veldig vanskelig spørsmål som vekker mange sterke følelsar, men ja.

Død?

– Eg synest døden er motiverande. Eg er ikkje redd døden, men respekterer den. Eg såg døden i… Betal 99,- pr. mnd. for å lese resten.

Liv?

– Eg synest liv er meir skummelt enn død. Plutselig går det eit nytt liv rundt deg, vekker deg om morgonen, pratar med deg og spelar på gitarane dine. Plutselig er det større enn deg og smartare enn deg. Ut av intet (eller, litt sæd og eit egg) står det der. Eit liv!

 

Sjekk også:

Egil Olsen synger og spiller i verdensrommet – sammen med en astronaut

Egil Olsen: Skrekkfilm-inspirert video / Sushi videohilsen til Japan

 

Her kan du søke etter og låne musikk, noter, tegneserier og bøker i Deichmans katalog

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.

Bli med blant 64 andre abonnenter