Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Kari Folvik Tema 1. juni 2011

Heimat

Den tyske TV-serien Heimat  kan du låne i 3 delar hos oss. Det anbefalast sterkt!
Regissør Edgar Reitz har laga ein serie av høg kvalitet, både når det gjeld skodespelarar, måten historiefortellinga er lagt opp på og ikkje minst den eminente filminga og bruken av både svart/kvitt og fargar.
Vi møter menneske og familiar i den vesle landsbyen Hunsrück og følger dei både i deira private liv og korleis krigar og andre store hendingar grip inn i liva deira mellom 1919 -2000.
Produksjonen av serien pågjekk frå 1984 til 2004 og det er svært fascinerande at mange av skodespelarane er dei same i dei to siste delane, serleg to av hovudpersonane Clarissa og Hermann spela av Salome Kammer og Henry Arnold imponererer.

Kari F

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.