Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Kari Folvik Tema 2. november 2011

Skyskraperklassikar!

» Vi kom fra alle kanter av landet, fra myggviddene i nord og svaberga i sør, fra de regnpiska fergekaiene i vest og de mørke granskauene i øst». Slik byrjar Tove Nilsen den storslagne serien sin om skyskraparenglane frå Bøler.
Tove er 11 år, veslevaksen, bokorm,  opprørsk inni seg,  forsiktig utapå. Livet er innfløkt, ho skal balansere mellom foreldre som kranglar, veninner som ventar at ho er tøff og alt det som skjer i kroppen hennar.
Høgblokka er eit miniatyrsamfunn for seg sjølv, Tove observerer og fantaserer fram dei ulike liva og familiane med stor innlevingsevne.  Det er humoristisk, men også stort alvor, det er fengslande og drivande godt skrive.
Eg har lese alle bøkene i skyskraparserien i sommar og har hatt store leseopplevingar
( Skyskrapersommer, G for Georg og Nede i himmelen).
Tove Nilsen vil fortelle om den siste boka i serien,  «Nede i himmelen» på Bjerke filial førstkomande lørdag.

Kari F

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.