Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Eva Rekve Intervjuer 1. juli 2013

Sommersnakk med Lars Mæhle

Lars Mæhle vant både Fabelprisen, Kultur- og kirkedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur og ikkje minst Uprisen for fantasyboka Landet under isen som kom i 2009.  For dykk som har venta med tolmod på oppfylginga –  ho kjem truleg våren 2014.  Undertittelen er «Dødeboka», og stoff frå gammelegyptisk religion dannar bakteppet.  Det blir forhåpentlegvis spennande på meir enn ein måte!

Eit av dei beste minna var da eg spela minigolf med far min på Bornholm. Eg var midt i den verste ungdomstida og så dukka det ut av ingenting opp ei utruleg søt dansk jente. Ho følgte oss gjennom samtlege hòl, og  eg aldri har spela eit dårlegare slag minigolf nokon gong. Knea mine skalv og rista som ei løpsk sentrifuge! Den hendinga har eg elles skildra i den første boka mi, Keeperen til Tunisia

Kva les du i sommar?
Eg har alltid mange prosjekt gåande samtidig. Det gjeld for så vidt dei fleste situasjonar i livet, men også for lesing.

Eg har nettopp lånt følgjande bøker på Deichmanske: Lars Saabye Christensen: Sluk, Bill Bryson: Hjemme, Jo Nesbø: Gjenferd (eg ligg opplagt litt etter dei 340 000 andre i landet).

Akkurat no les eg Kristian Lundbergs lysande, men belgmørke Yarden. Og så har eg på toppen begynt på Haruki Murakami: 1Q84.

Samtidig skal eg lese Lars Joachim Grimstad: Barna som forsvant for dotter mi, og Ludde  (har alle bøkene heime) for sonen min. Eg rekk nok ikkje å lese alle bøkene i sommar, men eg er heller ikkje redd for å leggje frå meg bøker. Da kan eg ta dei opp att seinare, om eg framleis har lyst. Det eg likevel er aller mest sikker på: Ludde skuffar aldri!

Kva for bøker vil du anbefale du andre å lese i sommar?
Sidan eg er i det svenske hjørnet med Kristian Lundberg: Yarden (som er veldig lett å anbefale), kan eg òg minne om ei anna perle om klassereise, nemleg Ronny Ambjørnsson: Fornavnet mitt er Ronny.

Av krim kan eg anbefale to andre svenskar, Håkan Nesser: En helt annen historie og Kerstin Ekman: Hendelser ved vann.

Av barnebøker vil eg slå eit slag for danske Jakob Martin Strid: Den utrolige historien om den kjempestore pæra. Og sidan eg skriv mykje for ungdom, vil eg tilrå Marianne Kaurin: Nærmere høst, ei utruleg fin og sterk forteljing som fungerer både for ungdom og vaksne.

Kva er di favorittsommarbok?
Eg deler stort sett ikkje inn bøker etter årstider, men etter god og dårleg. Men eg måtte like fullt kapitulere da eg tok med Thure Erik Lund: Grøftetildragelsesmysteriet til strandliv på Tenerife, sjølv om det nok etter somme kriterier er ei god bok. Og det finst så avgjort gode «lette» bøker òg. Eg ler td. godt av reiseskildringane til Bill Bryson.

Les du annan type bøker om sommaren enn elles?
Nei.

Like du betre nettbrett eller fysisk bok om sommaren?
Fysisk bok.

Kva er ditt beste sommarminne?
Eit av dei beste, men også mest nervepirrande minna opplevde eg ein gong da eg spela minigolf med far min på Bornholm. Eg var midt i den verste ungdomstida, sånn 15 år eller deromkring, og så dukka det — ut av ingenting — opp ei utruleg søt dansk jente (med bror sin). Ho følgte oss gjennom samtlege hòl, og eg medgjer glatt at eg aldri har spela eit dårlegare slag minigolf nokon gong. Knea mine skalv og rista som ei løpsk sentrifuge! Den hendinga har eg elles skildra i den første boka mi, Keeperen til Tunisia.

Har du eit favorittsommarstad?
Eg likar i alle fall København veldig godt. Det gjeld vel eigentleg for alle årstider, men også om sommaren.

Kva er planane dine for sommaren?
Familieferie til Italia og Midt-Norge.

Tar du heilt ferie, eller vert det òg  skriving?
Eigentleg likar eg ikkje å ha ferie i det heile tatt. Eg er ein tilhengjar av kvardagen. I feriane blir eg berre rastlaus. Så det hender at eg snik meg til å skrive litt innimellom.

Når kjem neste bok frå deg? Og kanskje du kan seie litt om kva vi har i vente?
Den neste boka mi kjem truleg våren 2014. Det er oppfølgjaren til Landet under isen, 550 sider fantasy på nynorsk. Undertittelen er «Dødeboka», og stoff frå gammelegyptisk religion dannar bakteppet. Det blir forhåpentlegvis spennande på meir enn ein måte!

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.